Du som helseaktør må ha avtale om direkte oppgjer for at pasienten din skal kunne få behandling som gjev rett til stønad.
Du kan lese meir om plikt til direkte oppgjer og digital innsending i forskrift om direkte oppgjør for stønad etter folketrygdloven kapittel 5 og rundskriv til forskrift om direkte oppgjør for stønad etter folketrygdloven kapittel 5.
Avtalen om direkteoppgjer er personleg og du kan som hovudregel berre kreve refusjon for behandlingar som du sjølv har utført. Det betyr mellom anna at du ikkje kan signere for andre sine refusjonskrav med din personlege Buypass ID ved innsending av refusjonskrav.
Dei godkjente eigendelane som tel med i pasientane si opptening til frikort, rapporterer du som ein del av refusjonskravet.
Les meir om kva rekningane skal innehalde og korleis dokumentere.
Utbetaling og fristar
Du må rapportere eigendelar minst kvar 14. dag over linje slik at pasienten din får frikort til rett tid. Dette kravet er heimla i følgjande forskrift:
forskrift om behandling av helseopplysninger i Egenandelsregisteret (egenandelsregisterforskriften)
Du rapporterer eigendelar ved å sende refusjonskrav. Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.
Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er 5 dagar frå kravet vart motteke.
Du kan sende refusjonskrav så ofte du vil.
Slik koplar du deg på Helsenettet
Å sende inn refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.
Dersom du ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar du EPJ-leverandøren din for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val du kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.
Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren din.
For å kople deg på Helsenettet treng du Buypass ID.
Dersom du har EPJ, men ikkje er på Helsenettet
Du må laste opp refusjonskravet ditt direkte i tenesteportalen for helseaktørar. Kravet blir automatisk behandla, og utbetalinga kjem raskare på konto. Denne tenesta er berre tilgjengeleg for deg som i gjennomsnitt har refusjonskrav på under 40 000 kroner per månad per praksis dei siste 12 månadane.
Tenesta er tilgjengeleg via https://internett-portal.helsedirektoratet.no.
Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID, BankID på mobil, BuyPass eller liknande. Vel tenesta «Oppgjør med Helfo» og «Last opp refusjonskrav» for å kome inn i tenesta. Tenesta er lett å bruke og du får rettleiing undervegs.