Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik dokumenterer tannpleiar refusjonskrav

Når du sender refusjonskrav, er det viktig at du kan dokumentere at refusjonsvilkåra er oppfylte.

Du må kunne dokumentere vurderingane dine, og pasientjournalen skal innehalde alle relevante og nødvendige vurderingar. Sjå følgjande regelverk:

helsepersonelloven §§ 39 og 40 (lovdata.no)

pasientjournalforskriften §§ 6–8 (lovdata.no)

Som tannpleiar må du innhente nødvendig dokumentasjon før du startar opp behandling det er aktuelt å krevje refusjon for. Dersom Helfo kontrollerer refusjonskravet, vil vi be deg om å legge fram den aktuelle dokumentasjonen.

Dømer på kva som kan vere relevant dokumentasjon er

  • legeerklæring
  • kopi av aktuelle delar av pasientjournalen
  • røntgenbilder
  • foto og prøvesvar
  • yrkesskadevedtak frå Nav

Pasientjournalen skal innehalde opplysningar som er relevante og nødvendige. Den skal innehalde foreløpig diagnose, observasjonar, funn, undersøkingar, plan eller avtale om vidare oppfølging. I dei tilfella der du gjennomfører behandlingstiltak som ikkje er i samsvar med gjeldande retningslinjer, er det eit særleg behov for å dokumentere kvifor denne behandling er starta opp.

Ver merksam på at nokon takstar eller stønadspunkt kan ha konkrete dokumentasjonskrav som går fram av rundskrivet eller takstheftet. 

Korleis du skal dokumentere refusjonskrav er nærare beskrive i 

forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos tannlege og tannpleier for sykdom (lovdata.no)

og i

rundskriv til folketrygdloven § 5-6, § 5-6 a og § 5-25 – undersøkelse og behandling hos tannlege og tannpleier for sykdom og skade (helsedirektoratet.no)

Først publisert: 15.11.2024 Sist fagleg oppdatert: 07.10.2024 Sjå tidlegare versjonar