Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Utbetaling frå Helfo til tannpleiar

Etter at du har sendt inn eit refusjonskrav til Helfo og dette er utbetalt, vil du få eit utbetalingsvedtak. Du kan også finne samanstilte tal frå oppgjera dine i tenesteportalen for helseaktørar.

Etter at du har sendt refusjonskravet ditt til Helfo, blir det gjennomført automatisk kontroll av kravet. Det automatiske oppgjerssystemet stoppar mange feil, men ikkje alle. Du har sjølv ansvar for at krava du sender er riktige. 

Når kravet er ferdig kontrollert, blir godkjente rekningar sendt til utbetaling. Utbetalingsvedtaket blir sendt ut når pengane går inn på bankkonto.

Oversikt over dine refusjonskrav

Dersom du er usikker på om kravet ditt er motteke i Helfo, eller om du av andre årsaker ynskjer oversikt over status på innsendte oppgjerskrav, finn du oversikt over desse i tenesteportalen for helseaktørar.

Eksempel på statusar:

  • Godkjent – betyr at refusjonskravet er godkjent og sendt til utbetaling. Her kan vere avvik mellom krav og utbetaling, forklaring på differansen finn du i utbetalingsvedtaket
  • Praksisvalg – betyr at Helfo manuelt må kople kravet ditt til rett praksis i vårt fagsystem. 

Les om korleis du finn og loggar på portalen her

Mine oppgjør - mine refusjonskrav-vedtak.jpg
Skjermbilde av oversikt over mine refusjonskrav og vedtak

 

Utbetalingsvedtak

Vedtaket gir opplysningar om kva du har fått utbetalt i refusjon frå Helfo, og kva konto pengane har gått inn på.

Utbetalingsvedtaket sendes ut til e-post-adressen som er registret hos Helfo. Du finn oversikt over og kan laste ned utbetalingsvedtaka i tenesteportalen for helseaktørar.

Utbetalingsvedtaket gir også informasjon om takstbruken din og korleis den er samanlikna med andre i di yrkesgruppe. Du får også informasjon i vedtaket om det er nokon av rekningane du har sendt til Helfo som er avvist på grunn av feil.

Les meir om klage på vedtak fra Helfo her.

Husk at du kan rette feil i enkeltrekningar sjølv. Du kan lese meir om retting av feil her.

Dersom du skal sende ei klage på vegne av nokon andre må du fylle ut og legge ved fullmaktskjema til klaga. Dette gjeld ikkje når det er ein advokat som klagar på vegne av deg. 

Les meir om behandling av klagesaker i Helfo her.

Aktuelt regelverk 

Forvaltningsloven (kapittel VI. Om klage og omgjøring)

Folketrygdloven (Kapittel 21. Saksbehandling i trygdesaker. Anke- og klagebehandling m.m. Då spesielt § 21-4, § 21-11 a og § 21-12.)

Utbetalingsoversikt

Du som behandlar kan hente samanstilte tal for dei utbetalte oppgjera dine i tenesta "Oppgjør med Helfo" i tenesteportalen for helseaktørar.

Alle som har sendt inn refusjonskrav til Helfo, kan logge seg på og enkelt hente ut samanstilte tal til årsrapporten sjølve. Du kan velje kva periode du vil ha oversikt over, og du kan få utbetalingsoversikta som PDF- eller Excel-fil. Dersom du har fleire praksisar, kan du få tal for kvar praksis.

Les korleis du loggar deg på tenesteportalen her.

Mine oppgjør - årsoppgåve.png
Skjermbilde av utbetalingsoversikt

 

Først publisert: 15.11.2024 Sist fagleg oppdatert: 13.02.2024 Sjå tidlegare versjonar