Innhaldet i rekningane gir grunnlag for kontroll før utbetaling, mens anna dokumentasjon kan bli etterspurt i samband med etterkontroll.
Dette må rekninga innehalde
Kvar rekning skal innehalde tilstand, takstnummer, samt dato og klokkeslett for oppstart av behandlinga. Rekninga må innehalde kva slags tann eller region som er behandla. Viss region er oppgitt er det ikkje nødvendig å angi flate. Viss tann er oppgitt skal det normalt også oppgis kva slags flate som er behandla. Viss det er fleire flater som er behandla på ei enkelt tann, må det kome fram ved bruk av fleire koder.
I tillegg skal rekninga innehalde pasienten sitt fødselsnummer, d-nummer eller anna eintydig identifikasjon i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.
Fødselsnummer eller D-nummer
Rekninga må innehalde fullstendig fødselsnummer eller D-nummer for at eigendelen for opptening av frikort raskt og sikkert skal bli registrert på pasienten.
Om pasienten ikkje har 11-sifra fødselsnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rett til stønad til medisinsk behandling, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerer då pasienten sitt namn, kjønn og fødselsdato i staden for fødselsnummer. Fødselsdato må skrivast i formatet ÅÅÅÅ-MM-DD.
Innkrevjing av eigendelar
Du må krevje inn eigendelar frå pasienten og refusjonstakst frå Helfo fram til den dagen du får dokumentert at pasienten har fått innvilga frikort. Når pasienten har fått vedtak om frikort, kan du krevje honorartakst. Gyldig dokumentasjon får du gjennom
- elektronisk spørjeteneste
- framvising av frikort frå pasienten
Du må krevje eigendelar i tråd med fastsette takstar og rapportere eigendelen til Helfo.
Vedtak om frikort vert fatta så snart rapportert beløp har overstige beløpsgrensa for frikort. Det kan likevel ta om lag ei veke frå eigendelane vert rapportert til pasienten får refundert overskytande beløp.