Logo for print

​Helfo forvaltar refusjonsordninga på vegne av staten.

Husk å sette deg inn i forskrift om stønad til dekning av utgifter til jordmorhjelp og bruke takstane etter gjeldande regelverk.

Dokumentasjon av refusjonskrav

Som jordmor skal du setje deg godt inn i krava til dokumentasjon. Les om dokumentasjonskrav til helsepersonell her.

Jordmor med avtale om kommunalt driftstilskot eller i kommunal stilling – kapittel II

Du som jordmor har ikkje høve til å krevje honorar ut over dei fastsette takstane. Jordmor blir honorert for førstegongs undersøking, konsultasjonsundersøkingar under svangerskap, rettleiing i familieplanlegging og taking og innsending av prøver til laboratorium.

Takstar:

Takst 1a

Du kan bruke takst 1a ved førstegongs undersøking sjølv om den gravide har vore til førstegongs undersøking hjå lege.

Takst 1b

Takst 1b kan du bruke ved konsultasjonsundersøkingar under svangerskapet og ved ein konsultasjon etter fødselen. Takst 1b kan og nyttast ved konsultasjonar seint i svangerskapet for å vurdere tilstanden til den gravide og barnet, og om fødselen nærmar seg eller er i gang. Taksten kan ikkje nyttast ved telefonkonsultasjonar.

Takst 1c

Du kan bruke takst 1c, rettleiing i prevensjon/familieplanlegging, inntil ein gong per svangerskap.

Takst 1d

Takst 1d kan du bruke ein gong per undersøking/konsultasjon når du sender ein eller fleire prøver til laboratorium. Taksten kan utløysast utan samtidig undersøking/konsultasjon dersom det er behov for å ta prøver mellom svangerskapskonsultasjonar.

Takst 2

Denne taksten er ein eigenbetaling som kan nyttast ved individuell prevensjonsrettleiing uavhengig av svangerskapsomsorg. Du kan ikkje sende refusjonskrav til Helfo på denne taksten.

Jordmor i privat praksis - kapittel III

Det er ikkje krav til driftstilskot eller kommunal tilsetting for å utløyse takstar etter dette kapittelet. Når jordmor gir fødselshjelp utanom arbeidstid eller vaktordning i kommunen, vert ho rekna som privatpraktiserande jordmor, og set då sjølv fram refusjonskravet til Helfo. Jordmor i privat praksis vert honorert for jordmorhjelp ved fødsel utanfor institusjon.

Det er i utgangspunktet kvinna som har rett til stønad, men på bakgrunn av avtale om direkte oppgjer, kan Helfo betale godtgjeringa direkte til jordmor.

Takstar:

Takstane 3a og 3b

Du kan bruke takstane 3a og 3b ein gong per svangerskap når du forut for planlagt heimefødsel har utført hovudtyngda av svangerskapskonsultasjonane, enten heimefødselen faktisk finn stad eller ikkje.

Takstane 4a og 4b

Takstane 4a og 4b inkluderer nødvendig for- og etterarbeid i forbindelse med fødselen. Tida ein fødsel varer varierer sterkt frå kvinne til kvinne. Godtgjeringa vert gitt for den tida jordmora har brukt.

Takst 4a og 4b kan som hovudregel ikkje krevjast for fødselshjelp som ytast i forbindelse med ledsagelse til fødeinstitusjonar eller under transport. Om jordmor følgjer den gravide under transport til helseføretak, skal fødselshjelp og ledsagelse krevjast av helseføretak.

Dersom planlagt heimefødsel blir ført over til sjukehus på grunn av komplikasjonar, kan taksten krevjast for den tida jordmor gir fødselshjelp før overføringa finn stad. Det arbeidet som vert utført på sjukehus, må sjukehuset eventuelt honorere. Heimebesøk før og etter fødselen, vaktberedskap mv. vert ikkje dekt av trygda.

Takstane 6a og 6b

Takst 6a og 6b er godtgjering ved vendereis/blindalarm i dei tilfella der jordmora vert tilkalla for fødselshjelp, og det ikkje vert nokon fødsel på dette tidspunktet. Godtgjeringa vert ytt på grunnlag av jordmora si faglege vurdering av situasjonen. Takstane kan kun nyttast i samband med planlagt heimefødsel.

Takstane 7a, 7b og 7c

Takstane 7a, 7b og 7c er tilleggstakstar som kan krevjast når jordmorhjelp er utført på natt, laurdag/søndag, eller på heilagdagar. Takstane kan reknast i tillegg til 4a og 6a. Takst 7a kan kome i tillegg til takst 7b eller 7c når tidspunkta fell saman.

Takst 8 (ny frå 1. oktober 2018)

I nokre tilfelle er det nødvendig å tilkalle ei ekstra jordmor som kan være til stades under forløysinga. Takst 8 kan krevjast for fødselshjelp i inntil 12 timar for sekundærjordmor ved heimefødsel. Taksten kan nyttast ein gong av jordmor som assisterer primærjordmor ved planlagt heimefødsel. Takst 8 trådte i kraft 1. oktober 2018.

 

​Fant du det du lette etter?