Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Utbetalingsoversikt til privatpraktiserande behandlarar

Først publisert: 08.01.2024 Siste faglige endring: 20.02.2025

Privatpraktiserande behandlarar kan sjølve hente ut årsrapporten i tenesteportalen.  

Treng du ei oppdatert utbetalingsoversikt (årsrapport) til skattemeldinga eller andre formål? Behandlarar som har sendt inn refusjonskrav til Helfo, kan logge seg inn på tenesta «Oppgjør med Helfo» i tenesteportalen og enkelt hente ut årsrapporten sjølve.

Du kan velje kva periode du vil ha oversikt over, og du kan få utbetalingsoversikta som PDF- eller Excel-fil. Dersom du har fleire praksisar, kan du få tal for kvar praksis. 

I tenesteportalen kan du også hente ut utbetalingsvedtak. 

Det er berre du som kan hente ut oversikta, ikkje til dømes ein rekneskapsførar.

 

I denne videoen ser du korleis du kan hente utbetalingsoversikta i tenesteportalen.

Her kan du logge deg på tenesteportalen.