Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Nytt e-læringskurs for legar

Næringsdrikk og logo

Først publisert: 01.11.2024 Sist fagleg oppdatert: 01.11.2024

Helfo har laga eit e-læringskurs om blå resept, bidrag og yrkesskade. Kurset er aktuelt både for nyutdanna legar og for erfarne legar som ønsker oppfrisking.

Artikkelen er 96 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Innhaldet i e-læringskurset har tidlegare vore ein del av Teams-kurset «Kurs for nye legar i kommunen», som Helfo held om lag ein gong i månaden. Med bakgrunn i tilbakemeldingar og erfaringar har delen om blå resept, bidrag og yrkesskade blitt tatt ut av Teams-kurset og erstatta med dette e-læringskurset.

Vi har delt inn e-læringskurset i kortfatta modular, og dei fleste modulane vert avslutta med ei oppgåve. Det tek minimum ein time å ta kurset, og du kan ta det så mange gongar du vil.

– Tilbakemeldingar frå legane er at det framleis er behov for både Teams-kurs og fysiske kurs. Samtidig ønsker vi å legge til rette for at helseaktørane sjølv skal kunne prioritere når dei vil ta kurs frå oss. E-læringskurs er ein effektiv måte å tilby opplæring på, seier Karen Longva Buset, avdelingsdirektør i Helfo veiledning.

Her finn du e-læringskurset

Kurset ligg i læringsplattforma til KS, der Helsedirektoratet og Helfo har sitt eige område: «E-læringskurs om blå resept, bidrag og yrkesskade» (kslaring.no). Lenka tek deg rett til startsida, og du trykker på den grøne knappen oppe til høgre for å kome vidare til kurset. Du treng ikkje å logge deg på nokon plass.

Viss du tek kurset, håpar vi at du tek deg tid til å fylle ut evalueringsskjemaet til slutt. Tilbakemeldingar gjer at vi kan justere på det som ikkje er tydeleg eller verkar som det skal.

Her finn du info om Teams-kurset

Her finn du tidspunkt for Teams-kurset: «Kurs for nye legar i kommunen» (forms.office.com). Dette skjemaet blir i løpet av kort tid oppdatert med datoar for våren 2025.  

Dette Teams-kurset består av informasjon om Helfos takstar, i tillegg til at Nav har innlegg om sine takstar og erklæringar.