Ein lege med refusjonsrett kan krevje takstar etter forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no).
På sida Lege og hjelpepersonell på legekontor kan du lese meir om takstbruk og dokumentasjon når ein lege overlet arbeid til sitt hjelpepersonell.
Her er nokre av dei viktigaste takstane, delt inn i grupper:
Takst H1
Forskriftstekst:
Lege kan søke om viktige legemidler på vegne av pasienten. Takst H1 brukes ved legers utfylling av søknad om dekning av utgifter til viktige legemidler som ikke omfattes av § 2 i blåreseptforskriften.
Presisering: Det utbetales også refusjon etter takst H1 i de tilfellene der det søkes om individuell stønad til næringsmidler jf. blåreseptforskriften § 6, og der det søkes om yrkesskadedekning etter folketrygdloven § 5-25.
Legen kan kreve takst H1 én gang per refusjonskode, jfr også merknad H1 i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no). Leger uten avtale om direkte oppgjør og leger i poliklinikker kan også kreve takst H1. Det betyr at allmennlege, avtalespesialist, leger i poliklinikk og private leger kan kreve takst H1 for å fylle ut søknaden.
A. Enkle pasientkontaktar
Takst 1ad
Forskriftstekst:
Enkel pasientkontakt ved personlig frammøte eller ved bud. Taksten forutsetter at det gis råd/veiledning. Gjelder også når kontakten/forespørselen resulterer i skriving av resept, sykmelding, rekvisisjon eller henvisning, jf. 1i.
Se også merknad A1 i følgende forskrift:
forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Forklaring:
Taksten kan krevjast for legens eige arbeid, men kan og krevjast ved prosedyrer utført av hjelpepersonell etter delegasjon frå legen, til dømes ved sårskift eller injeksjonar. Taksten kan også krevjast ved rådgjeving frå legens hjelpepersonell etter delegasjon frå legen. Ved blodprøvetaking utan samtidig rådgivning skal ikkje takst 1ad utløysast.
Hjelpepersonell må være tilsett hos legen/ved legekontoret for at legen skal kunne delegere arbeid som utløyser takst.
Det kan ikkje krevjast meir enn ein kontakttakst for same pasientkontakt, sjølv om pasienten får utført fleire prosedyrar i same kontakten.
Eksempel:
Ein pasient får behandling for eit kronisk, stort sår. Hjelpepersonellet har mykje kunnskap om slik behandling, og utfører behandlinga etter delegasjon frå deg som lege. Du er tilgjengeleg for vurdering ved behov. Pasienten er ikkje til konsultasjon hos deg.
Her skal takst 1ad brukast, sidan dette er ei prosedyre som du har delegert til hjelpepersonell. I tillegg må du vurdere om andre takstar i forskrifta skal krevjast for sjølve prosedyren.
Takst 1bd
Forskriftstekst:
Enkel pasientkontakt skriftlig, per telefon eller ved elektronisk kommunikasjon. Taksten forutsetter at det gis råd/veiledning. Gjelder også når kontakten/forespørselen resulterer i skriving av resept, sykemelding, rekvisisjon eller henvisning.
Se også merknad A1 i takstforskriften:
forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Forklaring:
Taksten kan kreves for kontakt mellom lege og pasient, eller representant for pasienten, for eksempel pasientens pårørende. Taksten kan også benyttes der hjelpepersonell formidler beskjed fra legen, eller konfererer med legen under kontakten.
Taksten kan ikke brukes ved enkel beskjed om prøveresultat uten at det samtidig blir gitt rådgivning. Taksten kan heller ikke benyttes for å snakke med kollegaer/andre behandlere eller ved innringing av resept til apotek.
Takst 1bd kan kreves ved vurdering av pasientens helsetilstand når pasienten tar kontakt med legekontoret for å få vurdert retten til drosje til konsultasjonen. Dersom denne medisinske vurderingen skjer i konsultasjonssammenheng, altså mens pasienten er på legekontoret, vil den medisinske vurderingen være inkludert i konsultasjonstaksten.
Eksempel:
En pasient ringer til legekontoret og lurer på om han har rett til drosje når han skal til fastlegen. Hjelpepersonellet gjør en vurdering i samråd med legen, kommer til at det er medisinsk grunnlag for drosje, og bestiller drosjen.
Her kan det kreves takst 1bd for den medisinske vurderingen som blir gjort for å avgjøre om pasienten har rett til drosje. Vurderingen må dokumenteres i journal, på lik linje med annen medisinsk vurdering av pasienten.
Hvis pasienten er hos legen til konsultasjon, er vurdering av behov for drosje inkludert i konsultasjonstaksten, og takst 1bd kan ikke kreves.
Takst 1bk
Forskriftstekst:
Enkel pasientkontakt skriftlig, per telefon eller ved elektronisk kommunikasjon. Taksten forutsetter at det gis råd/veiledning. Gjelder også når kontakten/forespørselen resulterer i skriving av resept, sykmelding, rekvisisjon eller henvisning.
Se også merknad A1 og D1 i takstforskriften:
forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Takst 1i
er ein kontakttakst for utskriving av e-resept når dette skjer utanfor konsultasjonssamanheng, for eksempel når ein pasient ringer eller møter opp på legekontoret.
Du finn meir informasjon i takstforskrifta, inkludert merknad A1:
forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Her er eksempel på rett bruk av takst 1i:
- Dersom pasienten ringer og berre skal ha resept – og snakkar med lege eller hjelpepersonell, skal takst 1i brukast.
- Dersom dette skjer i fastlegepraksisen – og pasienten samstundes får rådgjeving – skal takst 1bd brukast framfor takst 1i.
Dersom ein pasient er til konsultasjon hos legen, vil utskriving av reseptar vere inkludert i konsultasjonstaksten - også om reseptfornyinga gjeld andre medisinar enn det konsultasjonen gjeld. Dersom hjelpepersonell skriv ut resepten i etterkant av konsultasjonen, vil arbeidet med reseptskriving høyre inn under konsultasjonstaksten. Derfor kan ikkje takst 1i for skriving av resept utløyast i lag med konsultasjonstakst.
Dersom pasienten seinare på dagen tek kontakt med legekontoret, og ber om fornying av reseptar, vil det vere å sjå på som ei ny kontakt. Då kan takst 1i utløysast for denne nye kontakten.
Takst 1f
er takst for telefonsamtale eller skriftlig kommunikasjon om enkeltpasientar med dei instansane som er opplista i forskrifta. Se utfyllande informasjon i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøking og behandling hos lege.
Takst 1g
er takst for enkel pasientkontakt, førespurnad og rådgiving over telefon mellom kl. 23 og 08. Taksten kan berre nyttast ved direkte kontakt med pasient eller pårørande, og kan ikkje nyttast ved kontakt med eksempelvis AMK, ambulanse eller liknande. Taksten kan berre nyttast under legevakt i vaktdistrikt utan tilstadevakt.
B. Konsultasjonar og sjukebesøk
Takst 2ad
Forskriftstekst:
Konsultasjon hos allmennlege.
Forklaring:
Takst 2ad er takst for konsultasjon, og er sjølve basistaksten i den allmennpraktiserande legen sin praksis. Takst for konsultasjon kan berre utløysast av lege, og kan aldri utløysast for arbeid utført av hjelpepersonell åleine. Taksten set som vilkår at pasienten må vere til stades. Konsultasjonen må innehalde ei medisinsk vurdering/samtale på egna behandlingsstad, der samtalen ikkje kan overhøyrast av andre. At taksten overhøyrast av legens hjelpepersonell er likevel greitt der dette er nødvendig.
Konsultasjonstaksten inkluderer ein del prøver og enkle prosedyrar. Sjå fullstendig oversikt over kva som er inkludert i konsultasjonstaksten i merknad B1 i takstforskrifta/normaltariffen.
Takst 2ad kan berre brukast i allmennpraksis og på legevakt, og skal ikkje nyttast i spesialistpraksis.
Eksempel:
Din pasient er hyppig i kontakt med legekontoret på grunn av kroniske sår. Ditt hjelpepersonell har kompetanse i sårbehandling og konsulterer deg ved behov. Hjelpepersonellet ynskjer at du ser på pasienten sine sår, så du går inn på skiftestua og undersøker såra, og pratar med pasienten om kva som vidare skal gjerast. Hjelpepersonellet gjer det vidare arbeidet med sårbehandlinga etter dine instruksar.
Her har du undersøkt pasienten, og sjølv om undersøkinga skjer på skiftestua saman med hjelpepersonellet, kan det krevjast konsultasjonstakst.
Eksempel på når du ikkje kan bruke takst 2ad:
Ei kvinne kjem til konsultasjon for senebetennelse. Når konsultasjonen nærmar seg slutten, tar ho opp si bekymring for sonen på 12 år, som har problem med knea. Kvinna beskriv smertene guten har, og du gjer henne nokre råd i samband med det.
Du kan krevje takst 2ad for konsultasjonen med kvinna, men for problemstillinga som omhandlar sonen, kan du ikkje krevje takst 2ad, sidan sonen ikkje er til stades. Rett takst vil være 1ad, fordi det her er pårørande som møter på vegne av pasient.
Takst 2ae
Takst 2ae er ein takst for e-konsultasjon hos fastlege og legevakt. Det er ein føresetnad for e-konsultasjon at det er elektronisk eller telefonisk kommunikasjon mellom pasienten og legen. Telefonkonsultasjon må vere bestilt av eller avtalt med pasient på førehand. Kommunikasjonen mellom lege og pasient skal skje i tråd med norm for informasjonssikkerhet i helse-, omsorgs- og sosialsektoren.
Du som lege må gjere ei sjølvstendig vurdering av om informasjonen du har motteke frå pasienten er god nok for å kunne gje forsvarleg helsehjelp. Dersom du er i tvil om informasjonen som er motteken frå pasienten er god nok for å kunne yte forsvarlig helsehjelp, må du be pasienten bestille ordinær time, framfor ein e-konsultasjon. I desse tilfella kan det ikkje krevjast takst for e-konsultasjon. Der det vert gjort ein e-konsultasjon som oppfyller vilkåra for taksten, og pasienten likevel vert beden om å bestille seg ein time, kan det krevjast takst for både e-konsultasjon og vanlig konsultasjon, så framt begge konsultasjonane ikkje skjer på same dag. Pasienten må då få beskjed om at han vert belasta for eigendel også for e-konsultasjonen.
Takst 2aef
Takst 2aek
Takst 2aek er endra og gjeld no berre for legevakt på kveld. Telefonkonsultasjon må vere bestilt av, eller avtalt med pasient på førehand.
Takst 2cd
er tillegg for tidsbruk ved konsultasjonsvarighet utover 20 minutt. Taksten kan repeterast per påbyrja 15 minutt. Taksten kan brukast for den tida du som lege har direkte kontakt med pasienten og gjer undersøking eller behandling.
Det er varigheita på konsultasjonen som er avgjerande for om tidstillegg kan krevjast. Det må vere medisinsk nødvendig at behandlinga tek så lang tid, og ikkje berre at legen til dømes har «god» tid til å behandle pasienten. Dette følgjer av folketrygdlova sitt krav om nødvendigheit og helsepersonellova sitt krav til sparsemd.
Sidan taksten gjeld tillegg for konsultasjonstaksten 2ad, må bruken sjåast i samanheng med vilkåra for medisinsk innhald i konsultasjonen. Merknad B1 i takstforskrifta seier at konsultasjonen skal innehalde ei medisinsk vurdering/samtale, og det skal vere direkte kontakt mellom lege og pasient. Undersøking og /eller behandling av pasienten er dermed også ein føresetnad for at tidstillegget takst 2c kan nyttast. Merknad B1 seier også at taksten ikkje kan krevjast for arbeid utført av hjelpepersonell aleine.
Tidstillegg kan ikkje krevjast for eventuelt for- eller etterarbeid som vert gjort når pasienten ikkje er til stades, eksempelvis ved etterarbeid på kveldstid. Dersom konsultasjonen blir avbroten av telefon eller anna, skal tid for dette trekkast frå. Tidstillegg kan heller ikkje krevjast for tid der pasienten er til observasjon utan at det skjer samtidig undersøking/behandling.
Takst 2fk – konsultasjon for første pasient på legevakt
Takst 2fk gjeld konsultasjon og utrykking frå heim til legevaktkontor i samband med «øyeblikkelig hjelp». Taksten gjeld for den første pasienten legen behandlar på kontoret. For andre pasientar under same utrykking skal legen nytte takst 2ak.
Taksten kan også krevjast av legar som har bakvakt, og som må reise frå heim til legekontor ved øyeblikkelig hjelp.
Det er krav om at skyssmiddel må vere nytta for å utløyse taksten, men det er ikkje eit minstekrav kor langt legen må reise for å få utløyst taksten.
Der avstanden frå heim til kontor er over 1 kilometer ein veg, kan legen i tillegg krevje reisetillegg og skyssgodtgjersle (takst 21k).
- Dersom legen bur eller arbeider i same hus som legevakta, og skyssmiddel ikkje vert nytta for å reise til legevakta, kan vedkommande ikkje nytte 2fk. I dette tilfellet skal takst 2ak nyttast på første pasient.
- Dersom legen har tilstadevakt der han eller ho skal vere på plass på legevakta frå eit visst klokkeslett, skal ikkje takst 2fk nyttast.
Dersom legevakta startar før klokka 16 på kvardagar, kan ikkje legen nytte takst 2fk for å rykke ut frå heim til kontor for å behandle første pasient. Det skuldast at kveldstakstar ikkje kan nyttast før klokka 16 på kvardagar, jamfør merknad D1 i takstforskrifta . I dette tilfelle skal takst 2ad (dagtakst) nyttast.På tider der det kan være fleire utrykkingar til kontoret, eller fleire heimebesøk, bør legen så langt det er forsvarleg samle konsultasjonane/sjukebesøka, framfor å reise fram og tilbake mellom heim, kontor og pasient.
Eksempel på riktig bruk av takst 2fk:
Du har legevakt frå måndag klokka 16 til tysdag morgon klokka 08. Avtalen med kommunen er at du kan ha heimevakt og reise på legevaktkontoret når det er behov. Klokka 1630 får du ein telefon frå AMK-sentralen om at ein pasient treng legehjelp. Du ber AMK gje beskjed til pasienten om at han møter på legevaktkontoret klokka 17. Like etter får du beskjed frå AMK om at ytterlegare to pasientar treng legehjelp, og du ber også desse møte på legevakta litt over klokka 17. Du reiser frå heim til legevakta og behandlar pasientane. På første pasient brukar du konsultasjonstaksten 2fk, då denne kan nyttast når du reiser frå heim til kontor på legevakt. For dei to andre pasientane brukar du konsultasjonstakst 2ak. Det er ingen fleire pasientar som treng legehjelp no, så du reiser heim. Klokka 1830 får du ny telefon frå AMK om at ein pasient treng akutt legehjelp. Du ber dei sende pasienten på legevakta med ein gong, og du drar rett til legevakta. Du kan då krevje takst 2fk også for denne utrykninga. Medan du er på legevakta får du beskjed frå AMK om at tre pasientar også har ringt, og du ber dei kome på legevakta. No er du allereie på legevakta. Det er då konsultasjonstakst 2ak som skal nyttast på desse tre pasientane.
Eksempel på når du ikkje kan bruke takst 2fk:
Du har legevakt frå onsdag klokka 16 til torsdag klokka 08. På denne legevakta har du ikkje avtale om heimevakt, men har oppmøtetidspunkt på legevakta klokka 16, og må vere til stades på legevakta fram til klokka 08. Takst 2fk vil då ikkje kunne nyttast for å reise frå verken heim eller annan stad til legevakta. Det er konsultasjonstakst 2ak som skal nyttast på alle pasientane, også den første.
Du finn meir informasjon i forskrifta:
forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Takst 3ad
Forskriftstekst: Konsultasjon hos spesialist. Ugyldig takstkombinasjon: 1, 2, 11, 12, 13, 14, 15, 217c, 621, 622, 623.
Forklaring:
Takst 3ad er takst for konsultasjon, og er basistaksten for dei fleste avtalespesialistar. Takst for konsultasjon kan berre utløysast av avtalespesialist, og kan aldri utløysast for arbeid utført av avtalespesialistens hjelpepersonell åleine. Taksten set som vilkår at pasienten må vere til stades. Konsultasjonen må innehalde ei medisinsk vurdering/samtale på egna behandlingsstad, der samtalen ikkje kan overhøyrast av andre. At taksten overhøyrast av avtalespesialistens hjelpepersonell er likevel greitt der dette er nødvendig.
Konsultasjonstaksten inkluderer ein del enkle prosedyrar. Fullstendig oversikt over kva som er inkludert i konsultasjonstaksten kan du finne i merknad B1 i takstforskrifta/normaltariffen.
Sjå også merknad B2 og B3.
Eksempel:
Pasienten kjem til undersøkelse og behandling for hørselen. Du gjer ulike undersøkingar før du overlet pasienten til audiografen. Audiografen tek hørselsmålingar samt informerer pasienten om muligheita for høyreapparat.
Her kan konsultasjonstakst krevjast, og det kan også krevjast takstar for dei undersøkingane audiograf gjer, dersom audiograf er tilsett i din praksis som hjelpepersonell.
Eksempel på når du ikkje kan bruke takst 3ad:
Pasienten din har no fått høyreapparat, og kjem til undersøking i samband med høyreapparattilpasning. Audiograf har all kontakt med pasienten. Takst 3ad kan ikkje utløysast i dette tilfellet, då det ikkje har foregått ein konsultasjon mellom deg som lege og pasienten. Det er ditt hjelpepersonell som har hatt all kontakt med pasienten. Takst 1ad er rett takst i tillegg til eventuelle prosedyretakstar. Desse takstane (1ad og prosedyretakstar) kan berre krevjast viss audiografen er tilsett på legekontoret.
Takst 4a1 og 4b1
Forskriftstekst:
Takst 4a1
Tillegg for fullstendig undersøkelse ved godkjent spesialist i anestesiologi, fysikalsk medisin og rehabilitering, hudsykdommer, indremedisin/kirurgi med tilhørende subspesialiteter, nevrologi, pediatri, psykiatri (barnepsykiatri), revmatologi, yrkesmedisin og onkologi (etter henvisning).
Se også merknad B3 og B4 i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Takst 4b1
Tillegg for fullstendig undersøkelse ved andre godkjente spesialister (etter henvisning).
Se også merknad B3 og B4 i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Forklaring:
Takst 4a1 og 4b1 kan kreves inntil én gang per år per henvisning for samme sykdom, skade eller tilstand.
Nevrolog, psykiater, revmatolog eller spesialister i fysikalsk medisin kan likevel kreve taksten inntil tre ganger per år per henvisning for samme sykdom, skade eller tilstand, jf. merknad B4 i Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege.
Dersom henvisningen gjelder flere sykdommer, skader eller tilstander som krever ulike behandlingsforløp, kan takst 4a1 eller 4b1 kreves per sykdom, skade eller tilstand.
Om det dukker opp nye problemstillinger/tilstander i løpet av behandlingen, må det innhentes ny henvisning for at spesialisten skal kunne kreve refusjon for takst 4a1/4b1. Det samme gjelder for bruk av andre takster for problemstillinger det ikke er henvist for.
Takst 6a, 6b og 6ad
Takstene kan benyttes av fastlegen og fastlegens vikar. Takst 6a gjelder systematisk risikokartlegging av fastlegens listeinnbyggere for å identifisere pasienter med kronisk sykdom med risiko for helse- og funksjonsfall.
Takst 6a kan kun tas én gang per fastlegeliste hvert halvår, og det må gå minst 6 måneder mellom hver gang.
Takst 6a gjelder for første halvtime, og takst 6b for hver senere påbegynte halvtime. Takst 6b kan likevel ikke tas mer enn 1 gang per 100 listeinnbyggere per risikokartlegging.
Dersom arbeidet med risikokartlegging blir gjennomført i flere økter kan takstene benyttes slik: For første økt fører legen takst 6a på regningen for første halvtime, i tillegg føres takst 6b for hver senere påbegynte halvtime. For senere økter fører legen takst 6b på regningen(e) for hver påbegynt halvtime, men likevel ikke mer enn 1 gang per 100 listeinnbyggere. Legen fører en regning per økt.
Takst 6ad gis som et tillegg per halvtime til takst 6a og 6b for spesialist i allmennmedisin. Det er et vilkår at spesialistgodkjenningen er oppnådd i løpet av de siste 5 år, eller at legen har fått godkjent etterutdanningsprogram i allmennmedisin i Norge i løpet av de siste 5 år.
Regningen sendes i legens navn.
Eksempler på riktig bruk av takst 6
Eksempel 1:
Lege Nils har 1 250 pasienter på fastlegelisten sin. Han skal nå gjøre en systematisk risikokartlegging av pasientlisten sin for å finne ut om han har pasienter som har kronisk sykdom, og som trenger oppfølging fra lege for å sikre pasientene nødvendig helsehjelp. Nils bruker 15 timer på risikokartleggingen. Ettersom han ikke har dataverktøy å hjelpe seg med, bruker han lang tid både på kartleggingen og på å lage oppfølgingsplaner for de fem pasientene han vurderer til å trenge oppfølging.
Riktig bruk:
Takst 6a skal brukes for den første halvtimen. Senere kan han ta 6b for hver påbegynte halvtime, men maksimalt kan han bruke takst 6b 12 ganger, siden han har 1 250 listeinnbyggere.
I tillegg er han spesialist i allmennmedisin, og kan derfor ta takst 6ad per halvtime.
Regningen for arbeidet med systematisk risikokartlegging av pasientlisten blir da: 6a + 6b x 12 + 6ad x 13.
Eksempel 2:
Lege Ivar skal også gjennomføre en kartlegging av pasientlisten sin. Han har også 1 250 pasienter på listen sin. Legen har investert i dataverktøy som gjør at arbeidet går ganske raskt. Etter fire og en halv time har han både kartlagt pasientene og laget en oppfølgingsplan for de åtte pasientene han må følge opp.
Riktig bruk:
Siden Ivar har 1 250 pasienter på listen, kan han maksimalt bruke takst 6b 12 ganger. Men ettersom Ivar bare har brukt fire og en halv time på jobben, kan han kreve betalt for bare den tiden han faktisk brukte. Legen skal da kreve takst 6a for første halvtime, og 6b per påbegynte halvtime utover den første halvtimen. Med andre ord kan han kreve 6b åtte ganger.
Ivar er også spesialist i allmennmedisin, og kan derfor kreve takst 6ad per halvtime.
Regningen for arbeidet Ivar gjør blir da: 6a + 6b x 8 + 6ad x 9.
Takst 7
Forskriftstekst
Takst 7: Tillegg for undersøkelse/behandling av døve, språksvake og fremmedspråklige i de tilfeller det er nødvendig med tolk. Kan kun kreves ved bruk av tolk med tilstrekkelig kompetanse.
Forklaring:
Taksten der kommunikasjonen mellom deg og pasienten må gå gjennom en tredjeperson fordi pasienten er fremmedspråklig, døv eller på grunn av medisinske tilstander mangler vanlig språk. Småbarn anses ikke som språksvake, og du kan bare kreve taksten dersom de pårørende er fremmedspråklige eller av andre grunner selv trenger tolk.
Det er ikke krav om autorisert tolk, men det er krav om aktiv tolking via en tredjeperson som har tilstrekkelig kompetanse. Tolkingen kan skje per telefon.
Eksempel 1
Du har flere pasienter på fastlegelisten din dere ikke kan kommunisere på felles språk. For å gjennomføre konsultasjonene må du derfor ofte bruke tolk, og konsultasjonene tar lang tid. Vanligvis stiller kommunen med tolk, men i dag har de ingen tolk som kunne delta. Pasienten har med datteren sin til konsultasjonen. Hun snakker godt norsk, og du vurderer at hun har tilstrekkelig kompetanse til å kunne forstå og tolke videre det du skal informere pasienten om.
Samtalen i konsultasjonen går i dag derfor via datteren som tolker frem og tilbake mellom deg og pasienten. Her er vilkåret med om at kommunikasjon går via en tredjeperson oppfylt, selv om det er datteren som tolker. Du kan derfor kreve takst 7 i denne konsultasjonen.
Eksempel 2
Demente pasienter har ofte med seg pårørende til konsultasjonen, og det vil ofte være de pårørende som informerer legen om pasientens tilstand og endringer siden siste legebesøk. I disse konsultasjonene er det ikke riktig å bruke takst 7. Den kommunikasjon som her foregår mellom pårørende og legen er ikke å anse som tolking, men de pårørende bidrar til utfyllende informasjon om pasienten.
Takstene 10a-d og merknad B5
Når ikkje anna er nemnt i taksten vil det i dei ulike prosedyretakstane vere medrekna utgifter til desinfeksjonsmiddel og alminnelig eingongsutstyr i samband med dette. I tillegg kan legen krevje betaling frå pasientane for å dekke utgifter etter takstane 10a-d.
Takst 10a-d kan berre krevjast ved dei prosedyrane som står opplista i takstane i forskrifta. Det vil seie at dersom det for eksempel vert teke eit EKG er det takst 10b som skal nyttast, ikkje nokon av dei andre 10 takstane. Dersom prosedyren som vert gjort ikkje står opplista under 10-takstane kan det ikkje krevjast takst for forbruksmateriell for prosedyren som vert utført.
10-takstane kan repeterast dersom det er fleire ulike inngrep/prosedyrar som er gjort i løpet av same konsultasjon. Vert det for eksempel gjort både spirometri og EKG i same konsultasjon kan takst 10b krevjast for kvar prosedyre, altså 10b x 2.
Merknad B5 seier at pasienten også kan belastast for utgifter til materiell eller legemiddel som ikkje vert dekt av 10-takstane, for eksempel gips, spiral, kateter, vaksiner, legemiddel, ortoser og liknande. Det er berre medikament,vaksiner og eingongsutstyr som ikkje naturlig høyrer til i undersøkings- og behandlingstakstane det kan krevjast betaling for.
For eksempel vil ein pasient som får ein injeksjon med kortikosteroid i leddet, kunne belastast kostnaden for legemiddelet. Kostnaden skal då vere så nær som mulig den faktiske kostnaden legen/legekontoret har hatt for å skaffe seg legemiddelet sjølv.
Alminnelig forbruksmateriell som sprøyter, gummihanskar, klutar og liknande som høyrer til den grunnleggande drifta av eit legekontor kan ikkje legen krevje betaling for av pasienten.
Ein lege med avtale med kommune eller RHF må forholde seg til dei eigendelane og det regelverket som er fastsett i takstforskrifta. Dette går fram både av forskrift og av rammeavtale (ASA4310). Legen kan difor ikkje belaste pasienten med eigenbetaling for å kompensere for dyrt innkjøpt utstyr som ikkje har eigen takst eller der taksten ikkje dekker kostnaden med prosedyren.
Takst 11e
Forskrift
Tillegg ved sykebesøk til egne pasienter med kronisk, alvorlig sykdom. Taksten kan ikke benyttes ved legevakt. Når sykebesøk foretas etter kl. 16, eller på søn-/helgedager, dag før disse og på offentlig høytidsdag, kan for øvrig kveldstakster benyttes.
Sjå merknad B6 og B7 i
forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Kan takst 11e brukes i kombinasjon med kveldstakster?
Taksten er en tilleggstakst som du kan bruke ved planlagte hjemmebesøk til egne pasienter med kronisk, alvorlig sykdom når du anser dette som nødvendig for å sikre pasienten faglig god oppfølging. Dersom sykebesøket skjer etter klokka 16, eller på søn-/helgedager, dag før disse og på offentlig høytidsdag, kan du bruke kveldstakster i kombinasjon med 11e.
Hvordan skal jeg bruke takstene når jeg reiser i sykebesøk til flere på samme adresse?
Der flere pasienter bor i samme bokollektiv/hjem og får tilsyn/behandling i samme besøksrunde, skal du bruke sykebesøkstakst for den første pasienten, mens du bruker konsultasjonstakster for de øvrige. Se B6 i takstforskriften. Takst 11e kan kombineres også med konsultasjonstakst.
Hva er definisjonen på kronisk alvorlig sykdom opp mot bruk av takst 11e?
Hva som er å se på som kronisk alvorlig sykdom er ikke klart definert. Her må du vurdere pasientens diagnose og alvorlighet av sykdommen. En god rettesnor kan være å se til opplistingen under takst 612a, selv om denne ikke er en uttømmende liste for hva som er kronisk alvorlig sykdom.
Eksempel:
En av dine pasienter har en alvorlig kreftsykdom og trenger legetilsyn minst tre ganger per uke. Hun har vært din pasient over lang tid, og du har sagt deg villig til å ta sykebesøk til denne pasienten når det er nødvendig. Sykebesøkene gjør du etter at du er ferdig med dagens fastlegeliste, og klokken blir da over 16 før du reiser fra legekontoret.
På disse sykebesøkene kan du bruke takst 11e, samt sykebesøkstakst 11ak. Dersom sykebesøket varer over 30 minutter, kan du i tillegg ta tidstillegg, takst 11ck. Hvis avstanden fra legekontoret ditt til pasienten er mer enn én kilometer én vei, kan du også ta reisetillegg, takst 21k.
Takst 14
Møtegodtgjørelse med reisetid når legen deltar i planlagt flerfaglig samarbeidsmøte om enkeltpasient. Møtet må være ledd i pasientens behandlings- eller rehabiliteringsopplegg. Taksten kan også utløses når møtet foregår via telefon eller video.
Taksten beregnes for arbeid i inntil en halv time og repeteres deretter per påbegynte halvtime. Hvis møtet gjelder flere pasienter, beregnes taksten for den samlede møte- og reisetid, ikke per pasient. Hvilke instanser/personer som har deltatt på møtet, tidspunkt for møtet og hvor møtet fant sted må kunne dokumenteres.
Taksten kan ikke benyttes:
av legevakt ved samtidig konsultasjon når sykmelder deltar i dialogmøte med arbeidsgiver, arbeidstaker og/eller NAV der deltakelse i slike møter godtgjøres av NAV etter L- takster, dersom møtet blir avlyst, eller ved samhandling internt i legepraksisen der helsepersonell har felles ansvar for pasientene.
vedlegg 1 til ftrl § 21-4: Honorartakster for legeerklæringer m.m. (L-takster) (lovdata.no/nav)
Eksempel: Du har eit møte med psykiater ved psykiatrisk poliklinikk der behandlingsopplegg for nokre av dine pasientar blir diskutert. Møtet blir halde på poliklinikken, og det er poliklinikken som skriv referat frå møtet. Du krev takst 14 for den tida møtet har vart, inkludert reisetid til og frå poliklinikken. Sjølv om det er felles referat frå møtet, må du ved ein eventuell kontroll kunne dokumentere kven av dine pasientar som har vore diskutert på møtet og kva resultatet av møtet/oppfølginga vart. Du bør derfor dokumentere dette i journalnotat til kvar av pasientane.
C. Reisetillegg, følgje av pasient og skyssgodtgjersle
21 er takst for reisetillegg der legen har gått til fots eller brukt bil, tog, båt eller anna skyssmiddel. Taksten gjeld per påbegynte halve time, og er eit tillegg til takst 2fk eller takstane for sjukebesøk (11a/k).
For å utløyse takst 21 må legen ha reist meir enn 1 kilometer kvar veg.
Takst 21d er takst reisetillegg dag, medan takst 21k og 21k2 er takstar for reisetillegg kveld/helg/legevakt.
Reisetida skal reknast frå legen reiser frå kontoret/bustaden til vedkommande er tilbake på same stad. Tida som har gått med til eitt eller fleire sjukebesøk skal trekkast frå når reisetillegget vert utrekna. Dersom legen har tilstadevakt med fast oppmøtetidspunkt på legevakta, kan det ikkje krevjast reisetillegg, takst 21, for å reise på legevaktskontoret.
Dersom legen reiser på sjukebesøk og det vert bomtur (ingen pasient var til stades) kan legen krevje refusjon for takst 21 for reisetida til/frå besøket ved avstand over 1 kilometer ein veg, jf. merknad C1 i takstforskrifta:
forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Dersom det ikkje er noko pasientnamn å skrive rekninga på, skal rekninga skrivast i legens namn.
Eksempel på riktig bruk av takst 21k:
Legen bur i kommune A og har legevakt i kommune B. Det er ikkje noko legevaktssamarbeid mellom kommune A og B. Når legen har heimevakt, og skal reise til legevakta, vil han kunne krevje reisetillegg, takst 21, frå det tidspunktet legen kryssar kommunegrensa i kommune B. Legen kan altså ikkje krevje reisetillegg, takst 21, heilt frå heimen. Bakgrunnen for at legen ikkje kan krevje heilt heimanfrå er at legen har same rettigheit som pasienten, det vil seie dekning av reiseutgifter til næraste lege/legevakt. Dersom kommune A og kommune B hadde legevaktssamarbeid, ville legen kunne ha kravd reisetillegg heilt heimafrå.
Eksempel på riktig bruk av takst 21k/21k2:
Det har vore ei trafikkulykke, og legen må på si legevakt reise på sjukebesøk. Reisa tur/retur frå legevakta og til skadestaden tek 70 minutt. Takstbruken for reise vert då takst 21kx2 (dei første 60 minutta) + takst 21k2 x 1 (10 minutt).
Du finn meir informasjon i takstforskrifta:
forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
D. Kvelds-, natt- og helgedagstillegg
Kveldstakstar kan du berre krevje i heilt spesielle tilfelle. Som hovudregel skal du som lege alltid nytte dagtakstar når du gjev konsultasjonar eller er på sjukebesøk i din praksis, også når desse skjer etter klokka 16. Det same gjeld takstar for enkel pasientkontakt.
Du kan ikkje krevje kveldstakst
- dersom du sjølv vel å halde kontoret ope på ettermiddag/ kveldstid
- eller dersom du utvidar di arbeidstid utover ettermiddagen, enten det gjeld konsultasjonar eller rådgjeving ut mot pasientane
I merknad D1 i takstforskrifta/normaltariffen går det fram at det kan krevjast kveldstakstar i fylgjande tilfelle:
- I kontorpraksis der pasienten har samtykket i bruk e-konsultasjon etter kl 16.00.
- ved kommunalt organisert legevakt
- ved uforutsette konsultasjonar/sjukebesøk som gjeld øyeblikkelig hjelp og i tilfelle som av medisinske grunnar ikkje kan utsettast til neste dag, og som legen ikkje kan ta i si ordinære arbeidstid.
I tillegg til tilfella som er nemnt over, er det ein føresetnad for å kunne krevje kveldstakstar at konsultasjonen/sjukebesøket finn stad innanfor fylgjande tidsperiodar
- mellom klokka 16.00 og 08.00 (ved reise: Når reisa startar før klokka 07.00)
- dagen før søndag og helgedagar til klokka 08.00 fylgjande arbeidsdag
- offentlege høgtidsdagar
Kveldstakster kan ikkje nyttast av lege som har open praksis i tidsrom som nemnt ovanfor, eller tilbyr tenester i form av sjukebesøk og liknande.
Dersom det er behov for planlagde sjukebesøk til eigne, kronisk, alvorleg sjuke pasientar, kan du som er fastlege likevel nytte takst 11ak dersom sjukebesøket skjer etter klokka 16. Takst 11e nyttast i tillegg til 11ak.
Dersom legekontoret er stengt på dagar før helg- og høgtidsdagar, kan kvelds-/helgetakstar i utgangpunktet nyttast heile dagen på kommunalt organisert legevakt. Dersom legekontoret er stengt eller legevakta startar tidlegare enn vanleg, kan takstane krevjast frå det klokkeslettet som legevakta startar desse dagane.
Eit eksempel:
Legekontoret har vanleg opningstid fram til klokka 12.00 den 24. desember (julekvelden) og 31. desember (nyårskvelden). Kvelds-/helgetakstar vil då kunne nyttast frå klokka 12.00 på kommunalt organisert legevakt.
Dersom legekontoret har stengt desse dagane, og lege berre er tilgjengeleg på kommunalt organisert legevakt, kan legen på legevakta krevje kvelds-/helgetakst heile dagen. Det same gjeld for andre dagar før helgedagar, for eksempel onsdag før skjærtorsdag.
Følgjande dagar blir rekna som helgedagar:
- Vanlege søndagar
- 1. nyttårsdag
- Skjærtorsdag
- Langfredag
- 1. og 2. påskedag
- Kristi himmelfartsdag
- 1. og 2. pinsedag
- 1. og 2. juledag
Offentlege høgtidsdagar som det kan krevjast kvelds-/helgetakstar for ved kommunalt organisert legevakt:
- 1. mai
- 17. mai
E. Prosedyretakstar
Dette kapittelet gir ei oversikt over takstar som kan krevjast for ulike prosedyrar som vert gjort i konsultasjonen/kontakta med pasienten. Dette kan være for eksempel ulike kirurgiske inngrep, eller det kan vere ulike prosedyrar som er særskilt honorert, for eksempel spirometri eller samtaleterapi.
Når ikkje anna særskilt er nemnt i taksten skal prosedyretakstane brukast i tillegg til konsultasjons-/kontakttakst.
Prosedyretakstane er takstane 100-660.
Takst 100
Takst 100 kan brukast i samband med mindre kirurgiske prosedyrar. Under avsnittet «Alminnelige prosedyrer» i forskrifta er det lista opp prosedyrar taksten kan nyttast på:
forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Denne lista er uttømande, slik at taksten berre kan nyttast i samband med dei nemnde prosedyrane.
Takst 100 dekker heile prosedyren som vert gjort. Dersom du utfører fleire av dei nemnde prosedyrane på same pasient, kan taksten krevjast per prosedyre. Taksten kan repeterast inntil 8 gongar. Det er ein føresetnad for repetisjon av taksten at det dreier seg om forskjellige lesjonar eller prosedyrar for kvar repetisjon. Sidan rett takstbruk for enkelte kirurgiske prosedyrar varierer i storleik, utsjånad og lokasjon, tilrår Helfo at slik opplysningar blir ført inn i journalen.
Hjelpepersonell kan utføre prosedyrane i takst 100 på vegne av legen, dersom legen vurderer det som medisinsk forsvarleg.
Her er nokre eksempel på riktig bruk:
- Ved kirurgisk fjerning av nævi, dekker takst 100 heile prosedyren, inkludert eventuell sutur.
- Taksten kan brukast på sår som treng sutur. Reinsing av små sår og fjerning av sting i sår er inkludert i konsultasjonstaksten.
- Taksten kan brukast ved injeksjonar av legemiddel i ledd, slimpose og seneskjede. Intramuskulære injeksjonar er inkludert i konsultasjonstaksten. Takst 100 kan berre krevjast ein gong per ledd, slimpose eller seneskjede og kan ikkje repeterast om ein fordeler injeksjonen på fleire punkt i same ledd. Taksten kan først repeterast dersom legen set injeksjonar i fleire ledd, slimpose eller seneskjedar. Dersom injeksjonane består av både legemiddel og bedøvingsmiddel, kan det krevjast både takst 100 og takst 149a.
- Dersom pasienten kjem for å få fjerna serumen i begge øyrene kan taksten repeterast, fordi prosedyren vert utført på begge øyrene.
Takst 105
Takst 105 kan brukast i samband med større kirurgiske prosedyrar. Under avsnittet «Alminnelige prosedyrer» i forskrifta er det lista opp eit tjuetal prosedyrar taksten kan nyttast på:
forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)
Denne lista er uttømande, slik at taksten berre kan nyttast i samband med dei nemnde prosedyrane.
Takst 105 dekker heile prosedyren som vert gjort, slik at det ikkje kan krevjast takst 100 i tillegg ved fjerning av nævi i ansikt. Taksten kan repeterast med 70 prosent tillegg per prosedyre. Det er ein føresetnad for repetisjon av taksten at det dreiar seg om enten ulike lesjonar eller prosedyrar for kvar repetisjon.
Sidan rett takstbruk for enkelte kirurgiske prosedyrar varierer i storleik, utsjånad og lokasjon, tilrår Helfo at slik opplysningar blir ført inn i journalen.
Hjelpepersonell kan i nokre tilfelle utføre prosedyrane i takst 105 på vegne av legen, dersom legen vurderer det som medisinsk forsvarleg.
Takst 105 kan mellom anna brukast på
- Sår som trenger mer inngående sårtoilette, eksisjon av sårrand og sutur
- avansert behandling av legg-, fot- og trykksår (kronisk syke med redusert tilhelningsevne)
- fjerning av liten nævi i ansikt. Normalt brukar ein takst 100 for fjerning av små nævi, men ifølgje takstforskrifta kan ein krevje takst 105 ved kirurgisk fjerning av svulst/aterom/nævus i ansikt.
Takst 108
Takst 108 er diagnostisk ultralyd hos allmennlege (listen er uttømmende):
- påvisning og kvantitering av resturin samt vurdering av hydronefrose og postrenalt avløpshinder
- leieusikkerhet ved termin
- blødning i 1. trimester
- mistanke om blodpropp i ekstremiteter.
- mistanke om og oppfølging av sykdom i galleblære, hovedpulsåre eller hjerte samt vurdering av pleuravæske og pneumothorax.
- vurdering av hudnære sykelige prosesser (abscesser, cyster mv.).
- vurdering av muskel- skjelettilstander
Indikasjon for undersøkelsen må fremgå av journal. Taksten dekker utgifter til gel mv
Forklaring:
Du som lege kan bare kreve takst for de undersøkelsene som er nevnt i forskriften.
Dersom du velger å bruke ultralydutstyret til andre undersøkelser enn de som er nevnt i forskriften, kan du ikke kreve egenbetaling fra pasienten for dette.
Takst 612a
Forskrift:
Nødvendig samtale (utover det som naturlig hører inn i en konsultasjon) med pårørende/foresatt til pasient med psykiatrisk eller nevrologisk sykdom, kronisk alvorlig sykdom, terminal sykdom eller rusmiddelproblem, eller pårørende/foresatt til barn med psykisk utviklingshemming. Grunnlaget for bruk av taksten må fremgå av diagnose og journalnotat.
Taksten kan kun benyttes ved alvorlig sykdom som for eksempel:
langt fremskreden hjertesvikt, langt fremskreden lungesykdom, invalidiserende nevrologiske lidelser (som f.eks. langt fremskreden multippel sklerose eller muskeldystrofi, ikke f.eks. isjias), dårlig regulert diabetes og/eller diabetes med alvorlige senkomplikasjoner, aktiv kreftsykdom, slag med betydelig sekvele, alvorlige infeksjonssykdommer (f.eks. HIV-infeksjon), skader med alvorlige følgetilstander.
Forklaring:
Med samtale som naturlig hører inn under en konsultasjon, mener vi den vanlige dialogen som skjer mellom lege og pasient (og eventuelle pårørende som er med) om symptomer, diagnose, behandling og råd til pasienten.
Samtale som ikke naturlig hører inn i konsultasjonen, kan være nødvendige samtaler med pårørende rundt pasientens helsetilstand, og være nødvendig for diagnostisering og behandling av pasienten.
For at taksten skal kunne benyttes, bør samtalen som hovedregel ha en viss varighet. Samtalen kan foregå i forkant, i etterkant av konsultasjonen, eller på et annet tidspunkt. Samtalen kan også foregå per telefon.
Der det er en nødvendig samtale mellom lege og pårørende, er det viktig at regningen med takst 612a blir registrert på pasienten, og ikke på pårørende.
Grunnlaget for bruk av taksten må dokumenteres.
Dersom pårørende/foresatt oppsøker lege på bakgrunn av egen sykdom eller eget samtalebehov, må det registreres som egen konsultasjon der pårørende blir registrert som pasient. Dette gjelder selv om sykdom/samtalebehov er knyttet til pasientens helsetilstand.
Eksempel 1:
En mann med demens blir fulgt til konsultasjon av datteren. Hun ønsker å være med for å få med seg viktig informasjon om faren. Under konsultasjonen deltar datteren i samtalen, og både gir og får informasjon i løpet av legetimen.
Ettersom informasjonsutvekslingen her er en del av konsultasjonen med pasienten, kan ikke legen kreve takst 612a.
I løpet av konsultasjonen ser legen at det er nødvendig med en samtale med datteren i etterkant for å gi henne nødvendig informasjon, slik at hun kan hjelpe faren i det daglige. Legen og datteren gjennomfører samtalen rett etter konsultasjonen. Legen dokumenterer da i journalen at det i tillegg til konsultasjonen har foregått en nødvendig samtale med pårørende.
Legen kan da benytte takst 612a i tillegg til takst 2ad for selve konsultasjonen.
Eksempel 2:
En kvinne med dårlig regulert diabetes har time hos fastlegen. Dagen før timen ringer ektemannen til legen med sine observasjoner og bekymringer rundt konas sykdom. Observasjonene er viktige for legen for videre utredning og behandling.
Her vil takst 612a være korrekt å bruke.
Eksempel 3:
En kvinne oppsøker fastlegen med migrene. Hun er bekymret for rusproblemene til ektemannen sin, og tror migrenen kommer av disse bekymringene. Hun snakker med legen om sine utfordringer rundt ektemannens rusproblemer, og får råd for sin migrene.
Riktig takstbruk her vil være 2ad (konsultasjonstakst) på kvinnen, og ikke 612a, fordi det dreier seg om kvinnens egen helsetilstand.
Hvis samtalen hadde dreid seg om rådgivning for å ivareta rusmisbrukerens helse, og ikke kvinnens migrene, ville det være riktig å bruke takst 612a, og ikke konsultasjonstakst.
Takst 612b
Forskrift:
Nødvendig samtale (utover det som naturlig hører inn i en konsultasjon) med foreldre/foresatte ved pediatriske (yngre enn 18 år) problemstillinger knyttet til skoleproblemer, mobbing, atferdsvansker, innvandrer/flyktningfamilie, søvnproblemer, enurese/enkoprese, atopiske sykdommer, sykelig overvekt, anoreksi. Grunnlaget for bruk av taksten må fremgå av diagnose og journalnotat.
Forklaring:
Med samtale som naturlig hører inn under en konsultasjon, mener vi den vanlige dialogen som skjer mellom lege og pasient (og eventuelle foreldre/foresatte som er med) om symptomer, diagnose, behandling og råd til pasienten.
Samtale som ikke naturlig hører inn i konsultasjonen, er nødvendige samtaler med foreldre/foresatte om pasientens helsesituasjon.
For at taksten skal kunne benyttes, bør samtalen som hovedregel ha en viss varighet. Samtalen kan foregå i forkant, i etterkant av konsultasjonen, eller på et annet tidspunkt. Samtalen kan også foregå per telefon.
Der det er en nødvendig samtale mellom lege og foreldre/foresatte, er det viktig at regningen med takst 612b blir registrert på pasienten, og ikke på pårørende.
Grunnlaget for bruk av taksten må dokumenteres.
Dersom foreldre/foresatte oppsøker lege på bakgrunn av egen sykdom eller eget samtalebehov, må det registreres som egen konsultasjon, der pårørende blir registrert som pasient. Dette gjelder selv om sykdom/samtalebehov er knyttet til pasientens helsetilstand.
Eksempel 1:
En mor er med sin 10 år gamle datter til fastlegen. Datteren har atopisk eksem. Legen undersøker pasienten og skriver ut ny medisin, samtidig med at han instruerer både pasienten og moren om hvordan medisinen skal brukes riktig. Etter konsultasjonen får moren ekstra råd og veiledning om hvordan hun skal håndtere datterens sykdom. Dette kan for eksempel være råd om matvarer og inneklima.
Her kan legen kreve takst 612b i tillegg til konsultasjonstakst 2ad.
Eksempel 2:
En far kommer til legen sammen med sin 15 år gamle sønn. Gutten har slitt med søvnproblemer i det siste. Han kommer seg ikke opp om morgenen, og det går ut over skolearbeidet. Legen snakker med 15-åringen om skole og fritid. Det kommer fram at gutten gamer mye utover natta, og at han drikker mye energidrikk.
Legen tror dette kan ha en sammenheng med søvnproblemene, og gir råd om gode søvnvaner, samt å kutte ned på energidrikkene. Faren sier han skal prøve å følge opp sønnen slik at gutten følger rådene fra legen. De avtaler ny time om fire uker.
Her har det ikke foregått en samtale med faren utover selve konsultasjonen, så her vil det være feil å bruke takst 612b.
Takst 615
Forskrift:
Samtaleterapi ved allmennlege med minst 15 minutters varighet med pasienter med psykiske lidelser. Samtalen må avvike fra en vanlig samtale om medisinske problemstillinger, og være av terapeutisk karakter.
Forklaring:
Det må være sammenheng mellom pasientens psykiske lidelse og samtaleterapien. Det er et vilkår at pasienten har en psykisk lidelse og at selve samtaleterapien tar minst 15 minutter.
Grunnlaget for bruk av taksten skal dokumenteres.
Taksten kan benyttes av alle allmennleger. Det er ikke krav til tilleggsutdanning.
Dersom konsultasjonen tar mer enn 20 minutter, kan tidstakster benyttes i tillegg.
Eksempel 1:
En pasient med både somatiske og psykiske lidelser er til konsultasjon. Det blir tatt blodprøver og målt blodtrykk, med vurdering og oppfølging av resultat. Pasienten har også behov for samtaleterapi. Terapeutisk samtale på minst 15 minutter blir gjennomført i samme konsultasjon. Både samtaleterapi og oppfølging av somatisk lidelse blir godt dokumentert.
Legen kan da benytte takst 615 i tillegg til konsultasjonstakst.
Eksempel 2:
En pasient med mye angst og depresjon er til konsultasjon, men i dag kommer pasienten hovedsakelig til fastlegen fordi hun har følt seg slapp og har hatt dårlig matlyst de siste ukene. Legen undersøker pasienten og tar en del blodprøver. Legen snakker også så vidt med pasienten om hennes psykiske plager, om hvordan det går i hverdagen, og om de psykiske utfordringene kan ha noe med de somatiske plagene å gjøre.
Her er hovedinnholdet i konsultasjonen problemstillinger rundt somatisk sykdom og årsakene til disse. Det foregår ikke samtaleterapi som oppfyller vilkårene for takst 615, og taksten kan derfor ikke kreves her.
Takst 618
Forskriftstekst:
Overvåket urinprøvetaking av pasient i legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
Takst 618 kan kreves for overvåket urinprøvetaking av pasient i legemiddelassistert rehabilitering (LAR), eller hos pasient hvor avklaring av mulig rusmiddelmisbruk er nødvendig for medisinsk behandling. Taksten kan kun benyttes etter forespørsel fra spesialisthelsetjenesten.
F. Laboratorieundersøkingar og prøver
Takst 701a
kan brukast der det blir tatt laboratorieprøver som blir analysert på legen sitt kontor, eller som blir sendt til eksternt laboratorium for analyse. Ved analyse på ditt kontor kan taksten berre krevjast i tillegg for prøver som har eigen refusjonstakst (703-712), og kan ikkje krevjast ved analyse av for eksempel HB og SR. Takst 701a gjeld både for analyse på legen sitt kontor og for første innsending av prøver til eksternt laboratorium.
Takst 701c
gjeld for innsending av prøver til eksternt laboratorium utover den første sendeprøva. Takst 701c kan likevel ikkje krevjast der fleire prøver av same materiale samtidig blir sendt til same laboratorium.
Takst 706f
er ein takst som kan krevjast der det er medisinsk indikasjon på å få svar på trombocyttar, MCV eller gjere differensialtelling, og denne analysen vert gjort ved bruk av celletellar på legens kontor.
Ein celletellar vert brukt til å telle blodceller, og gir svar på langt fleire analyser enn det kan krevjast takst for. Om ein brukar celletelleren for å få svar på kvite eller raude celler og automatisk også får svar på trombocyttar, MCV og differensialtelling, kan det ikkje krevjast refusjon for 706f dersom det ikkje er medisinsk nødvendig å ta trombocyttar, MCV eller differensialtelling på denne pasienten.
Trombocyttar, MCV eller differensialtelling vil i hovudsak verte gjort ved utredning og kontroll av anemiar, kontroll ved bruk av særskilde medikament, ved mistanke om maligne blodsjukdomar og blødningstilstandar. Differensialtelling kan også i enkelte tilfelle vere nyttig ved mistanke om behandlingstrengande infeksjonssjukdomar. Behovet for differensialtelling hos uklare infeksjonssjukdommar må vere medisinsk grunna.
Helfo sitt rådgivande takstutval (TU) har på generelt grunnlag uttalt at det sjeldan vil vere behov for rutinemessig å ta prøver som har delvis overlappande årsaksforklaring slik tilfellet ofte er ved bruk av både CRP og hematologisk analyse. TU har også uttalt at CRP ofte vil vere den viktigaste prøva ved innledande utredning av infeksjonstilstandar, og i tilfelle der det er behov for vidare utredning kan hematologiske analyser vere indisert.
G. Radiologi
Takst for radiologi kan krevjast av privatpraktiserande lege som gjer røntgenundersøkingar på eigne pasientar. Det er ein føresetnad at røntgenundersøkinga skjer på legekontoret. Det kan ikkje krevjast takstar der røntgenundersøkinga skjer hos sjukehus, tannlege eller andre.