Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Helfos bidragsordninger

Ved nokre høve må du som er lege, skrive tilvisingar og erklæringar til pasienten. Du må også skrive søknadar på vegne av pasienten.

Her finn du som lege ei oversikt over stønadsområder der dette er aktuelt. 

Legemiddel på kvit resept - overgangsordninga

Berre dei som fekk utbetalt refusjon etter bidragsordninga for legemiddel kjøpt i 2023, kan få bidrag.

Dette gjeld berre for dei legemidla det allereie er utbetalt refusjon for. For å få utbetalt refusjon for kjøp i 2024, må pasienten ha fått utbetalt refusjon for kjøp året før. Legemidlet må framleis være omfatta av ordninga. Frå 2020 er legemidla Forsteo og Resolor fjerna frå bidragsordninga.

Bidragsordninga kan du og pasienten din lese meir om på helsenorge.no.

Faller pasienten utanfor bidragsordninga, kan du vurdere å søkje om individuell stønad på blå resept.

Bidragsordninga som gir refusjon av utgifter til legemiddel ved infertilitetsbehandling og PGD-behandling og prevensjonsmidlar til kvinner mellom 16 og 22 år, held fram som før.

Sjå vilkåra for stønad i rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål
 

Hudlidingar

Legeerklæring frå spesialist i hudsjukdomar, barnesjukdomar eller tilsvarande sjukehusavdeling, eller av lege ved brannskadeavsnittet ved Haukeland sjukehus må ligge til grunn for refusjon av utgifter ved hudlidingar. Erklæringa må dokumentere ei utbreidd og kronisk hudliding som fører til uttørring av huda. 

Spesialisten må fylle ut følgjande skjema:

Legeerklæring fra relevant spesialist ved søknad om bidrag til salver, kremer, gel og oljer (05-22.09), bokmål (PDF)

Legeerklæring frå relevant spesialist ved søknad om bidrag til salvar, kremar, gel og oljar (05-22.09), nynorsk (PDF)

Skjemaet må må innehalde følgande opplysningar:

  • pasienten sitt namn, adresse og fødselsnummer
  • diagnose, med informasjon om kor utbreidd lidinga er 
  • kva produkt som skal nyttast
  • ca. totalforbruk av salver, kremer, gel og oljer per år
  • stadfesting på at behovet for behandling er forventa å bli varig

Kvart tredje år, eller når det må endrast produkt eller mengde, må spesialist sende ny erklæring/søknadsskjema. 

Du og pasienten din finn meir informasjon om hudlidingar på helsenorge.no.

Sjå vilkåra for stønad i rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål

Kroniske og alvorlege sår og fistlar

For at pasienten skal få refusjon av utgifter til bandasje og forbruksmateriell må du stadfeste at

  • pasienten har kroniske og alvorlige sår og fistlar – som for eksempel kreftsår, trykksår (liggesår), venøse leggsår, diabetiske sår og arteriosclerotiske sår
  • det ikkje er heimesjukepleia som steller såra
  • behovet for materiellet må vare minst tre månadar i løpet av eit kalenderår

For at pasienten skal ha rett til refusjon må materiellet vere kjøpt på apotek eller hos bandasjist.

Viss sårstellet er fordelt mellom pasienten/pårørande og helse- og omsorgstenesta i kommunen, kan det gjevast bidrag til materiellet som pasienten/pårørande kjøpar og nyttar i sårbehandlinga. 

Når helse- og omsorgstenesta i kommunen utfører sårstellet, er dei ansvarlege for å dekke utgiftene til bandasjemateriellet, det medisinske forbruksmateriellet og dei reseptfrie legemidla.

Du må fylle ut følgjande skjema:

Legeerklæring ved søknad om bidrag til bandasjemateriell og medisinsk forbruksmateriell (05-22.07), bokmål (PDF)

Legeerklæring ved søknad om bidrag til bandasjemateriell og medisinsk forbruksmateriell (05-22.07), nynorsk (PDF)

Du og pasienten din finn meir informasjon om refusjon av utgifter til bandasjemateriell, forbruksmateriell og reseptfrie legemidler på helsenorge.no.

Sjå vilkåra for stønad i rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål

Cystisk fibrose

Ved cystisk fibrose kan det ytes bidrag til full dekning av utgifter til forbruksmateriell som  desinfeksjonsvæske, engangsslangar, papirserviettar og spyttekrus.

Det må godtgjøres ved erklæring frå spesialist i barnesjukdommar eller spesialist i lungesjukdommar eller frå tilsvarande avdeling i sjukehus at søkeren lid av cystisk fibrose og treng dette materiellet.

Annet spesielt medisinsk utstyr er godkjend på blå resept etter blåreseptforskriften § 5 punkt 7 (lungesyke).

Du og pasienten din finn meir informasjon om refusjon av utgifter til cystisk fibrose på helsenorge.no.

Sjå vilkåra for stønad i rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål

Elektrisk brystpumpe

Ved søknad om refusjon må pasienten ha erklæring frå relevant legespesialist på at barnet har leppe-/kjeve-/ganespalte og at det er behov for elektrisk brystpumpe.

Du og pasienten din finn meir informasjon om refusjon av utgifter til elektrisk brystpumpe på helsenorge.no.

Sjå vilkåra for stønad i rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål

Elektrolyse/voksbehandling

Ved sjenerande hårvekst kan pasienten ha rett til å få delvis dekning av utgifter til elektrolyse og voksbehandling.

For å kunne nytte seg av denne ordninga må pasienten ha ei erklæring som stadfestar behovet for slik behandling frå relevant legespesialist. Om det er lang avstand til spesialist, kan Helfo godta ei erklæring frå allmennlege. Pasienten vil ikkje ha rett til å få dekka utgifter for behandling utført før datoen på erklæringa. 

Pasienten søker sjølv dekning av sine utgifter. Det er mogleg å få ei førehandstilsegn for dekning av utgifter frå Helfo dersom pasienten ynskjer det. 

Søknadsskjema og utfyllande informasjon om elektrolyse- og voksbehandling ved uønska/sjenerande hårvekst finn du på helsenorge.no

Sjå også vilkåra for stønad i rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål

Madrass- og puteovertrekk

Born og ungdom under 16 år med middallergi kan få dekka utgifter til madrass- og putetrekk. Middallergien må stadfestast med erklæring frå spesialist i barnesjukdomar, lungesjukdomar, øre- nase- halssjukdomar, indremedisin eller hudsjukdomar. Spesialist i allmennmedisin som har godkjenning til å bruke takst for allergologisk utgreiing kan også skrive slik erklæring.

Du og pasienten din finn meir informasjon om dekning av madrass- og puteovertrekk på helsenorge.no.

Sjå vilkåra for stønad i rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål

Tandemsykkel

Synshemma, rørslehemma og psykisk utviklingshemma som er over 26 år kan få dekka utgifter til anskaffing av tandemsykkel.

Du må skrive ei erklæring som stadfestar at pasienten

  • på grunn av funksjonshemming ikkje er i stand til å sykle åleine og at det vil gi helsemessig utbyte å sykle, og at
  • forholda elles ligg til rette for bruk av tandemsykkel

Du og pasienten din kan lese meir om tandemsykkel på helsenorge.no.

Sjå vilkåra for stønad i rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål

Spesialvogn til barn med hoftelidelser

Helfo kan gi godkjenning av utlån frå Nav hjelpemiddelsentral av spesialvogn til

  • barn med medfødt hoftefeil (hofteluxasjon eller hoftedysplasi) som vert behandla med gips / Freijkas pute
  • små barn som har fått hoftelidingar som vert behandla på tilsvarande vis i en kort periode

For at Helfo skal kunne godkjenne utlånet, må du som er lege

  • skrive ei erklæring som stadfestar barnets diagnose og behov.

Erklæringa skal innbyggjaren sende Helfo saman med søknad om lån av spesialvogn.

Når Helfo har behandla søknaden, sender vi ein kopi av vedtaket til hjelpemiddelsentralen i fylket der barnet er busett.

Viss hjelpemiddelsentralen ikkje har ei passande vogn til utlån, kan sentralen kjøpe inn ei ny vogn. Innkjøpet må avgrensast til den rimelegaste vogna som fyller formålet.

Den som låner vogna må betale for den dersom den ikkje vert levert tilbake til Nav.

Meir informasjon om tvillingvogn/spesialvogn finn du og pasienten din på helse​norge.no.​

Sjå vilkåra for stønad i rundskriv til § 5-22 - bidrag til spesielle formål

Logoped/audiopedagog

For at pasient skal ha rett til refusjon hos logoped eller audiopedagog må tilvising ligge til grunn.

Når du skriv ei tilvising må den innehalde nødvendige opplysningar. 

Les meir om behandling hos logoped og audiopedagog på helsenorge.no.

Det er ikke utarbeidet eget skjema for henvisning til logoped. Du som lege kan benytte blanketten Helfo 05-04.21 inntil vidare. 

Sjå vilkåra i folketrygdloven § 5-10 (logoped)

Ortoptist

For at pasient skal ha rett til refusjon hjå ortoptist må tilvising frå spesialist i augesjukdomar ligge til grunn. Det er ikke utarbeidet eget skjema for tilvisning fra spesialist i augesjukdomar.

Tilvising til ortoptist må innehalde diagnose, nødvendige og vesentlege opplysningar.

Sjå vilkåra i folketrygdloven § 5-10a (ortoptist)

Ridefysioterapi

Det er ikke krav til henvisning for å få bidrag til ridefysioterapi. Ridefysioterapeuten må ved oppstart av behandling vurdere om vilkårene for bidrag er oppfylt og kontinuerlig vurdere effekt av behandlingen og pasientens behov for ytterligere ridefysioterapi.

Psykolog

Det er lege eller barnevernsadministrasjonen sin leiar som kan tilvise til psykolog:

Tilvising til spesialist (05-04.21), nynorsk (PDF)

Henvisning til spesialist (05-04.21), bokmål (PDF)

Sjå vilkåra i folketrygdloven § 5-7 (psykolog)

Først publisert: 24.04.2019 Sist fagleg oppdatert: 24.05.2024 Sjå tidlegare versjonar