Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Regelverk for lege

Ein lege som har inngått avtale om direkte oppgjer med Helfo kan krevje takstar etter forskrift om stønad til dekning av utgifter for undersøkelse og behandling hos lege.

Inntekta til legen kjem i hovudsak frå tre kjelder

  • eigendelar frå pasienten
  • refusjon frå Helfo
  • basistilskot/per capitatilskot/driftstilskot

For legevaktslegar vil det vere punkt 1 og 2 som gir inntekta.

Kva takstar du kan kreve refusjon for går fram av takstforskrifta/normaltariffen:

forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)

Du pliktar å sette deg inn i takstforskrifta/normaltariffen og bruke takstane etter gjeldande regelverk.

Forskrifta fortel kva takstar du kan nytte ved dei ulike kontaktformene, prosedyrane og prøvene som vert gjort. Den fortel og kva takstar som kan kombinerast og om det er knytt visse vilkår til bruken av taksten.

Det vil ikkje finnast takstar for alle typar undersøkingar og behandlingar som vert utført av legen. Då tillèt ikkje forskrifta at andre takstar kan nyttast.

Takstsystemet er organisert i ulike kapittel, og med fleire takstar innanfor kvart av kapitla.

A. Enkle pasientkontaktar

B. Konsultasjonar og sjukebesøk

C. Reisetillegg, følgje av pasient og skyssgodtgjersle

D. Kvelds-, natt- og helgedagstillegg

E. Prosedyretakstar

F. Laboratorieundersøkingar og prøver

G. Radiologi

Honoraret for kvar takst er delt opp i ein eigendel og refusjonsdel.  I forskrifta står det i kvar takst informasjon om dette er ein takst som kan repeterast, og om den eventuelt kan repeterast fleire gongar om prosedyren vert gjort fleire gongar i løpet av same konsultasjon.

I omtala av dei fleste takstar er det og vist til ein eller fleire merknadar. Desse merknadane gir utfyllande informasjon om taksten.

Informasjon om blå og hvit resept, individuell stønad og andre stønadsområder

På siden «Regelverk og takster» finner du mer informasjon om ordningene med individuell stønad, blå resept, hvit resept og infertilitetsbehandling, refusjon av utgifter til spesialisthelsetjenester i andre EU/EØS-land, yrkesskade og andre stønadsområder.

Fritak frå å betale eigendel

Ein del pasientar er fritekne frå å betale eigendel om dei på konsultasjonstidspunktet kjem inn under ein av kategoriane som har eigendelsfritak. Desse pasientane får då refusjon etter honorartakstane, det vil seie at dei slepp å betale eigendel. Desse fritaksgrunnane er

1. pasientar som har frikort for helsetenester.

2. kontrollundersøking under svangerskap, ved fødsel og ved behandling for sjukdom i samband med svangerskap og fødsel, og for ei undersøking etter fødselen.

3. ved behandling av skade eller sjukdom som går inn under folketrygdlova kapittel 13, jamfør lova § 5-25 (stønad ved yrkesskade), og under lovene om krigspensjonering.  For militærpersonar er det likevel eit vilkår at legehjelpa ikkje vert gitt av militærlege.

4. ved behandling av eit medlem som er innsett i fengselsvesenet sine anstaltar, dersom legehjelpa vert gitt ved anna personell enn det som er knytt til fengselshelsetenesta.

5. ved behandling der pasientens tilstand på konsultasjonstidspunktet er til hinder for at legen kan kreve inn eigendelen, for eksempel ved alvorlige sinnslidingar, behandling etter pasient- og brukarrettighetslova kapittel 4a , akutte større skader, bevisstlausheit og dødsfall.

6. ved psykoterapeutisk behandling av barn og ungdom under 18 år (gjeld spesialisthelsetenesta)

7. ved behandling av barn under 16 år

8. ved undersøking, behandling og kontroll for allmennfarlige smittsame sjukdomar. Sjå liste i 

forskrift om allmennfarlige smittsomme sykdommer (lovdata.no)

(gjeld frå 1. juli 2019) om kva som kjem inn under allmennfarlige smittsame sjukdomar.

9. ved første legeundersøking for personar som søker akutt hjelp etter å ha vore utsett for vold i nære relasjonar og/eller seksuelle overgrep.

Dokumentasjon av refusjonskrav

Som lege skal du setje deg godt inn i krava til dokumentasjon. Les meir om dokumentasjonskrav til helsepersonell her.

Legens bruk av hjelpepersonell 

Lege med rett til refusjon kan utløyse takstar etter

forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege (lovdata.no)

Legen kan etter helsepersonellova nytte hjelpepersonell i si verksemd, men vil alltid vere fagleg og økonomisk ansvarleg for arbeidet som vert utført. For at legen skal kunne krevje refusjon for arbeid som er utført av hjelpepersonell, er det ein føresetnad at oppgåva er delegert frå legen. 

Hjelpepersonell kan vere sjukepleiar, hjelpepleiar, jordmor, laboratoriepersonell eller helsesekretær. Vedkomande må vere tilsett hos legen eller ved legekontoret for at arbeidet skal kunne utløyse refusjon for legen. 

Oppgåver som vert utført av hjelpepersonell under tilsyn og kontroll av legen, vil eksempelvis vere prøvetaking, deler av prosedyrar og enkle pasientkontaktar. Takst for konsultasjon og sjukebesøk kan aldri krevjast refundert med grunnlag i arbeid utført av hjelpepersonell.

Les meir om lege og hjelpepersonell på legekontor.

Medisinstudentar som assistent for fastlege

Medisinstudentar som arbeider som assistent for fastlege må ha lisens. Det kjem fram av forskrift om lisens for helsepersonell kva lisensen gir adgang til. Medisinstudentar kan ikkje vikariere for fastlege. 

Fastlegen skal ha oppsyn og gi studenten fagleg rettleiing. Legen må vurdere studenten sine kvalifikasjonar i kvart enkelt tilfelle, for å avgjere kva arbeidsoppgåver studenten kan utføre. 

Den fastlegen som har pasienten på si timeliste, har det faglege og økonomiske ansvaret for arbeidet som vert utført av studenten. Krav om refusjon for arbeid utført av studenten, skal derfor framsetjast av denne legen.

Takstar for legeerklæringar

Legeerklæringar i samband med sjukdom vert i hovudsak bestilt av NAV, og det er NAV som honorerer deg for dette arbeidet.

Det er også NAV som honorerer di deltaking som lege  i dialogmøter. For deg som har avtale om direkte oppgjer med Helfo, betalar Helfo på vegne av NAV ut refusjon for desse erklæringane og dialogmøta, og du sender desse rekningane i same krav som takstar for pasientbehandling. Desse takstane blir som regel kalla L-takstane (Vedlegg 1 til § 21-4).

Diagnosar

Rekningar du sender til Helfo, må innehalde minst ei diagnose. Du skal då primært kode ei sjukdomsdiagnose (nummer 70-99) på rekninga. Dersom det ut i frå klinisk vurdering ikkje er mulig å stille sjukdomsdiagnose, skal du sekundært bruke ei symptomdiagnose (1-29).

På rekninga må du kode dei sjukdommar/symptom/plager som er grunnlaget for takstbruken. Hovuddiagnosen skal stå først.

Legar innanfor primærhelsetenesta skal bruke kodeverk ICPC-2, medan legar i  spesialisthelsetenesta skal bruke kodeverket ICD-10.

Først publisert: 24.11.2023 Sist fagleg oppdatert: 03.10.2023 Sjå tidlegare versjonar