Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Fastlegeordninga

Kommunen har ansvar for å organisere fastlegeordninga og sørgje for at personar som ønskjer det får ein fastlege. Fastlegeordninga er heimla i forskrift om fastlegeordningen i kommunene.

Kommunane har ansvar for at det finns tilbod om legehjelp til kommunen sine innbyggarar og dei som midlertidig oppheld seg i kommunane. Ansvaret til kommunane omfattar også ordninga med fastlege.

Helfo har mellom anna ansvar for endring og oppretting av fastlegeheimlar i fastlegeregisteret etter instruks frå kommunen, gjesteinnbyggaroppgjeret og rapporter for berekning av basistilskot. Helfo skal også registrere pasientane sitt bytte av fastlege.

Fastlegeordninga er heimla i fylgjande forskrift:

forskrift om fastlegeordning i kommunene (lovdata.no)

Innbyggar kan finne og bytte fastlege, eller sette seg på venteliste om ikkje fastlegen er ledig på helsenorge.no.

Fastlegar og kommunar kan sjekke visning av fastlege- og kontoropplysningar på helsenorge.no.

Først publisert: 01.04.2019 Sist fagleg oppdatert: 21.05.2024 Sjå tidlegare versjonar