Innhaldet i rekningane gir grunnlag for kontroll før utbetaling, mens anna dokumentasjon kan bli etterspurt i samband med etterkontroll.
Dette må rekninga innehalde
Namn og fødselsnummer, d-nummer eller anna eintydig identifikasjon til pasienten, i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland. Dato og klokkeslett for undersøkelse, behandling og beløp.
Dersom du ikkje har EPJ (elektronisk pasientjournal) må du nytte ny løysing for manuell registrering i tenesteportalen for helseaktørar.
Les meir om dette på sida for innsending av refusjonskrav.
Fødselsnummer eller d-nummer
Om pasienten ikkje har 11-sifra fødselsnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rett til stønad til medisinsk behandling, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerer då pasienten sitt namn, kjønn og fødselsdato i staden for fødselsnummer. Fødselsdato må skrivast i formatet ÅÅÅÅ-MM-DD.