Dei siste åra har det vore stor tilstrøyming av migrantar, særleg flyktningar, som har blitt busett i kommunane. Innbyggarar utan listeplass blir automatisk tildelt plass hos fastlege med ledig kapasitet, og enkelte fastlegar eller vikarar har fått store antal flyktningar fordelt til si liste. Dette har medført betydeleg meirbelastning, fordi mange av desse innbyggarane både har språkutfordringar og større helsemessige behov. Ifølge kommunane har dette også skapt ei vegring blant legar for å auke listetaket sitt. Fleire lister er også manuelt låst av Helfo etter ynskje frå fastlegane og kommunane.
Automatisk tildeling
Nye innbyggarar som blir busett i kommunane, blir fanga opp av det administrative systemet for fastlegeordninga (FLO). FLO tildeler plass hos fastlege med ledig listeplass i kommunen. Viss alle fastlegelister i kommunen er lukka eller låste, prøver FLO på nytt neste dag. Viss det blir ledig plass på ei fastlegeliste, vil innbyggarar utan listeplass få tildelt plass før eventuelle innbyggarar som står på venteliste til same lege. Den som har stått utan listeplass lengst, blir prioritert når det blir ledig plass på ei fastlegeliste.
Manuell fordeling – betre kontroll for kommunen
Kommunen kan no be Helfo slå av den automatiske tildelinga av fastlege for innbyggarar utan listeplass for si kommune. Nye innbyggarar vil då stå utan fastlege fram til kommunen ber Helfo om å fordele dei til utvalde fastlegelister med ledig kapasitet. Ingen, bortsett frå barn (under 16 år) til foreldre som allereie har listeplass, vil då bli tildelt fastlege automatisk. Vel vertskommunen manuell fordeling, vil det også gjelde for samarbeidande kommunar.
Kommunen vil berre ha tilgang til informasjon om kor mange innbyggarar som står utan listeplass, for å kunne fordele eit antal innbyggarar til ulike fastlegelister. Det vil aldri vere slik at kommunen kan fordele namngjevne innbyggarar til bestemte fastlegelister.
Korleis går de fram for å endre til manuell fordeling?
Viss di kommune ynskjer å styre fordelinga av innbyggarar utan listeplass (ufordelte) sjølv, ber vi deg sende ein e-post til post@helfo.no og skrive Fastlege – manuell fordeling i emnefeltet.
Korleis fordele manuelt?
I oversikta under vil de til ei kvar tid kunne sjå kor mange innbyggarar i di kommune som har rett til fastlege, men som ikkje har fått plass på ei fastlegeliste. I dialog med fastlegane i kommunen legg de ein plan for fordeling av innbyggarane. Når planen er klar, fyller de ut dette Excel-skjemaet: "Skjema for manuell fordeling av innbyggere" og sender det til post@helfo.no, slik at Helfo får gjennomført fordelinga i tråd med bestillinga.
Det er viktig at de før bestilling sjekkar at det er ledig plass på fastlegelista de vil fordele til. Om det ikkje er ledig plass på lista, kan de be om auke av listetak før bestillinga. De må og sjekke om lista er open, for Helfo kan ikkje fordele til ei lukka liste. Det er i tillegg viktig å vere klar over at sjølv om fastlegelistene blir oppdatert berre den første i kvar månad, skjer det endringar som ligg «i kø» gjennom heile månaden. 10 ledige plassar eine dagen, kan ha endra seg til 5 til neste dag. Derfor kan vere lurt å be Helfo låse fastlegelistene det er aktuelt å fordele til. På den måten sikrar de at listene ikkje fyller seg opp før de får gjort avtale med fastlegane og bestilt fordeling hos Helfo. De må sende skjema til Helfo rett etter at kommunen har gjort avtale med aktuelle fastlegar. Helfo låser då opp listene etter at fordeling er gjort.
Føresetnader for å kunne fordele innbyggarar til ei fastlegeliste
For å kunne fordele innbyggarar til ei fastlegelista må lista
- vere open eller låst og ha ledig kapasitet, eller
- vere lukka og ha ledig kapasitet (mindre enn 10 ledige plassar ettersom lista opnar automatisk når det blir 10 ledige plassar) – sjekk eventuelt med Helfo for å få nøyaktig tal
Kva må kommunen gjere viss
- lista er full? Då må de bestille tilstrekkeleg auke av listetaket for å få plass til nye innbyggarar.
- lista er lukka og har litt ledig kapasitet, men ikkje nok? Også då må de bestille tilstrekkeleg auke av listetak for å få plass til nye innbyggarar.
De kan bestille auke av listetak samtidig som de gir beskjed om fordeling av innbyggarar.
Ver obs på at barn har rett til å følge foreldre og at det derfor kan bli fordelt noko fleire til ei liste enn kva det er plass til.
Ei kommune ser av oversikta under at dei har 20 innbyggarar som ikkje har fått plass på ei fastlegeliste enno. Kommunen sjekkar status på fastlegelistene i kommunen og går i dialog med fastlegane om fordeling av desse 20. Kommunen gjer avtale med 3 fastlegar:
- Fastlege a med FLR ID 10 har låst liste, men har 20 ledige plassar. Hen tek imot 5 nye innbyggarar.
- Fastlege b med FLR ID 11 har full liste som er lukka, men hen ynskjer å auke listetaket med 10 og ta imot 10 nye innbyggarar
- Fastlege c med FLR ID 12 har nesten full liste som er lukka (2 ledige plassar). Hen ynskjer å ta imot 5 nye innbyggarar og ber då samtidig om at listetaket vert auka med 3 for å få plass til dei 5.
En bestilling til Helfo kan då sjå slik ut:
Oversikt innbyggarar utan listeplass
Under kan de sjå status for eiga kommune. Her kan de sjekke
- om kommunen har valgt automatisk tildeling eller manuell fordeling
- om det er mange innbyggarar som står utan listeplass
- fastlegesituasjonen i kommunen
- status for den enkelte fastlegeliste
For meir informasjon om den enkelte fastlegeliste, kan de klikke på ei av listene i tabellen nede til høgre, og så klikke på pila nedst til i høgre i tabellen.