Kva takst det kan krevjast refusjon for går fram av dette regelverket:
- Om egenandeler og pasientbetaling ved poliklinisk helsehjelp på helsedirektoratet.no
- «Regelverk for fremsettelse av refusjonskrav for poliklinisk radiologi 2024 - Statlige helseinstitusjoner (PDF)»
-
Årets versjon av «Radiologiske prosedyrer som gir rett til refusjon 2024 - Statlige helseinstitusjoner (Exel)».
Sjukehus/poliklinikk pliktar å sette seg inn i forskrifta og følgje gjeldande regelverk.
Les meir på sida med spørsmål og svar om ny finansieringsordning for polikliniske laboratorier.
Om Norsk laboratoriekodeverk (NLK)
Norsk laboratoriekodeverk er eit felles kodeverk med analyse- og undersøkingskodar for seks laboratoriefagområder (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, klinisk farmakologi, medisinsk genetikk og medisinsk biokjemi).
Les meir om Norsk laboratoriekodeverk her.
Laboratoriekodeverk som gir rett til refusjon - statlige helseinstitusjoner 01.01.2024 (Exel)
Innhaldet i eit gyldig refusjonskrav
Kvar kode i NLK er plassert i ein refusjonskategori innanfor eit laboratoriefagområde. Laboratoriet kan krevje refusjon for analysar som er medisinsk nødvendige. Det er ein føresetnad at NLK-koden i refusjonskravet er i samsvar med rekvisisjonen, og at relevant NLK-kode ligg til grunn for svar til rekvirenten.
Ein kode i same refusjonskrav kan repeterast, men det er ikkje tillate å gjenta same NLK-kode fleire gonger for å få høgare refusjon for eventuelt kompliserte prosesser bak same resultat.