For å få refusjon frå Helfo for undersøking ved røntgenverksemder må undersøkinga vere rekvirert av lege, tannlege, kiropraktor eller manuellterapeut.
Regelverk og refusjon for private laboratorium
Du finn meir informasjon i
Les meir på sida med spørsmål og svar om ny finansieringsordning for polikliniske laboratorier.
Om Norsk laboratoriekodeverk (NLK)
Norsk laboratoriekodeverk er eit felles kodeverk med analyse- og undersøkingskodar for seks laboratoriefagområder (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, klinisk farmakologi, medisinsk genetikk og medisinsk biokjemi).
Kodeverket er meint å vere eit klinisk og administrativt verktøy som kan brukast i formidling av rekvisisjon og prøvesvar, danne grunnlag for statistikkar og rapporter som kan samanliknast, og finansiering. Kodane for patologi nyttast av rekvirentar, men er ikkje inkludert i den nye finansieringsordninga.
Laboratoriekodeverk som gir rett til refusjon - private laboratorier 01.01.2025 (Exel)
Laboratoriekodeverk som gir rett til refusjon - private laboratorier 01.01.2024 (Exel)
Les meir om laboratoriekodeverket (NKL) her.
Innhaldet i et gyldig refusjonskrav
Kvar kode i NLK er plassert i ein refusjonskategori innanfor eit laboratoriefagområde. Laboratoriet kan krevje refusjon for analysar som er medisinsk nødvendige. Det er ein føresetnad at NLK-koden i refusjonskravet er i samsvar med rekvisisjonen og at relevant NLK-kode ligg til grunn for svar til rekvirenten.
Ein kode i same refusjonskrav kan repeterast, men det er ikkje tillate å gjenta same NLK-kode fleire gonger for å få høgare refusjon for eventuelt kompliserte prosesser bak same resultat.
Regelverk og refusjon for private røntgenverksemder
Hovudregelen er at det til ei kvar poliklinisk diagnostisk prosedyre eller intervensjon er knytt ein – og berre ein – unik refusjonssats (kronebeløp).
Dei prosedyrane det kan krevjast refusjon for inngår i kodeverket «Norsk klassifikasjon av radiologiske prosedyrer» (NCRP)
Les meir i
Årets versjon av «Radiologiske prosedyrer som gir rett til refusjon 2025 - private røntgeninstitutt (Excel)».