Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik sender laboratorium og røntgeninstitutt refusjonskrav

Refusjonskrava du sender til Helfo, skal sendast elektronisk over Helsenettet.

Private laboratorium og røntgeninstitutt sender refusjonskravet direkte frå sitt elektroniske pasientjournal system (EPJ) til Helfo. For meir informasjon om dette systemet, må du ta kontakt med din systemleverandør.

Normalt vil refusjonskravet vere ferdig kontrollert og utbetalt frå Helfo innan 5 dagar.

Som ein del av ordninga med automatisk frikort for helsetenester, er det eit krav at alle private laboratorium og røntgeninstitutt skal sende inn sine refusjonskrav til Helfo seinast 14 dagar etter at pasienten har betalt eigendelen.

Elektroniske refusjonskrav framsett over linje kan som hovudregel settast fram fortløpande. Frist for å sende refusjonskrav er seks – 6 – månadar frå utgangen av månaden etter at refusjonskravet oppstod.

Helfo behandlar og utbetalar refusjonskravet frå private laboratorium og røntgeninstitutt fortløpande. Dersom refusjonskrava er mangelfulle, inneheld feil eller må undersøkast nærmare, vil Helfo kunne ha lengre sakshandsamingstid.

Les om kva rekninga skal innehalde.

Først publisert: 25.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 23.05.2023 Sjå tidlegare versjonar