Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Retting av feil i enkeltrekningar frå laboratorium og røntgeninstitutt

De kan rette opp feil i rekningar som er avvist eller godkjent av Helfo.

Retting av avvist rekning

Har de sendt Helfo ei rekning og fått den avvist på grunn av

  • feil takst
  • ulovleg takstkombinasjon
  • feil behandlingsdato eller klokkeslett
  • feil diagnose
  • ein annan årsak

Då kan de korrigere rekninga og sende den inn på nytt.

De sender inn den korrigerte rekninga så snart som mogleg. Dersom de meiner at ei rekning er avvist av Helfo ved ein feil, kan de klage på vedtaket. Fristen for å klage går fram av vedtaket.

Retting av godkjent rekning

Har de sendt Helfo ei rekning og fått den godkjent, men oppdagar i ettertid at rekninga var feilaktig framsett, ved at den til dømes inneheldt

  • feil takst
  • feil behandlingsdato eller klokkeslett
  • feil diagnose

Då bør de gjere følgjande – steg for steg:

  1. Annuller rekninga i EPJ-systemet dykkar.
  2. Send annullering av rekninga til Helfo i ei eiga innsending.
  3. Dersom det er aktuelt: Send ei ny, korrekt rekning til Helfo så snart som mogleg. Dette er ikkje nødvendig dersom heile den annullerte rekninga var feilaktig kravd.

Beløpet på annullert rekning vil gå i frådrag på neste oppgjer/utbetaling de får frå Helfo. Grunnen til at annullert rekning går i frådrag, er at den blei utbetalt då den vart godkjent.

Først publisert: 13.05.2024 Siste faglige endring: 13.05.2024 Se tidligere versjoner