Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Regelverk og refusjonar ved tilskot til multidose

Helfo tilbyr kommunar der heimetenesta brukar multidose, avtale om refusjon. Refusjonen er på 500 kroner per år per pasient.

Helsestyresmaktene oppmodar til auka bruk av multidose for å oppnå

  • betre etterleving av regelverk og rettare bruk av legemidla
  • færre sjukehusinnleggingar som følgje av feil medisinbruk
  • reduserte mengder av legemiddel som må kastast

Fordelar for kommunane er

  • mindre legemiddellager
  • redusert svinn
  • sikrare og mindre ressurskrevjande legemiddeladministrering

«Dose i pose»

Multidosepakking er legemiddel (og kosttilskot) som pakkast i ei spesialpakning tilpassa den enkelte pasient for eit bestemt tidsrom.

Dei legemidla som skal takast på gitte tidspunkt, er pakka separat.

Betre enn dosett

Multidose vil i mange tilfelle vere eit betre alternativ enn dosett. Posane med legemiddel leverast ferdig pakka i strimler.

Merkinga av kvar dosepose hjelper både pasient, pårørande og helsepersonell med å holde oversikt over legemiddelbruken.

Samarbeid viktig

Multidose-ordninga krev at omsorgstenesta, fastlegar og apotek har eit godt samarbeid.

Det kan vere nyttig å dele dine erfaringar med andre kommunar, og også samarbeide med andre kommunar som eit ledd i eige forbetringsarbeid.

Vilkår for refusjon

Følgjande vilkår må vere oppfylt for at Helfo skal betale ut refusjon:

  • Oppgjersavtale med Helfo må vere inngått.
  • Krav med tilhøyrande underbilag må vere framsett i rett tid.
  • Multidosebrukarane det vert satt fram krav for må vere pasientar i kommunen si heimeteneste (ikkje pasientar på sjukeheim eller liknande).

Les meir om korleis kommunen kan inngå avtale om multidose.

Les meir om korleis refusjonskrav for multidose skal sendast inn.

Først publisert: 06.12.2018 Sist fagleg oppdatert: 24.02.2023 Sjå tidlegare versjonar