Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Fastlønstilskot for fysioterapiteneste

Kommunane har ansvar for å tilby fysioterapitenester til sine innbyggarar. Det vert gjeve tilskot til kommunane for fastlønte fysioterapeutar. Tilskotet ytast i staden for stønad etter Folketrygdloven § 5-8.

Det er kommunen som sjølv set fram krav om fastlønstilskot.

Send inn kravet til rett tid

Fristen for å sette fram krav er 6 månadar rekna frå det tidspunkt kravet tidlegast kunne vore sett fram – det vil seie frå utgangen av kvart halvår (30.6. og 31.12.)

Tilskotet vert utbetalt på etterskot. Satsen for fastlønstilskotet vert endra 1. juli og gjeld då for inneverande år. Denne satsen finn du i følgjande forskrift:

forskrift om fastlønnstilskudd til delvis dekning av kommunenes utgifter til fysioterapitjenesten (lovdata.no)

Ver merksam på at kommunen/bydelen berre skal sette fram eit felles krav overfor Helfo for alle innehavarar av stillingane for same halvår.

Les meir om korleis kommunen sender inn krav om fastlønstilskot for fastløna fysioterapeut.

Hugseliste

Krav som må vere oppfylt før fastlønstilskotet utbetalast i følgje forskrift til § 5-21 om fastlønnstilskudd:

  • Stillinga som fastløna fysioterapeut må utgjere minst 1/3 av full stilling, det vil seie minst 33 prosent.
  • Administrative kommunale oppgåver kan ikkje utgjere meir enn 50 prosent av stillinga.
  • Stillinga som fysioterapeut må vere tillagt kurative oppgåver utanfor institusjon. Omfanget av kurative oppgåver bør vere minst 5 timer per veke. Med institusjon meinast her skulehelsetenesta, helsestasjon og alders- og/eller sjukeheim.
  • Dersom fysioterapeuten har delvis driftstilskot, og i tillegg har deltidsstilling på fast løn, betalar ikkje Helfo ut fastlønstilskot. Denne avgrensinga gjeld ikkje for kommunar med færre enn 2000 innbyggarar ved inngangen av året det vert krevd tilskot for.

Anna relevant regelverk

rundskriv til § 5-21 - Fastlønnstilskudd til fysioterapitjenesten i kommunene (helsedirektoratet.no)

 

Først publisert: 21.02.2019 Sist fagleg oppdatert: 05.02.2021 Sjå tidlegare versjonar