Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik sender kommunen refusjonskrav for fastlønna jordmor

Refusjonskrava de sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk over Helsenettet.

Utbetaling og fristar

Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er 5 dagar frå kravet vart motteke. 

Du kan sende refusjonskrav så ofte du vil.

Slik koplar de dykk på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom du ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar du EPJ-leverandøren din for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val du kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren din, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.

For å kople deg på Helsenettet treng du Buypass Smartkort. Dette kortet er personleg. Du kan derfor ikkje signere for andre behandlarar sine refusjonskrav til Helfo.

Les om kva rekningane skal innhalde og korleis du må dokumentere refusjonskravet.

 

Først publisert: 22.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 04.04.2023 Sjå tidlegare versjonar