Frist for framsetting av krav
Fristen for å sette fram krav er 6 månader frå det tidspunkt kravet tidlegast kunne bli sett fram. Dette betyr at fastlønstilskot for første halvår må settast fram i perioden 1. juli til 31. desember og for andre halvår i perioden 1. januar til 30. juni.
Satsen for fastlønstilskotet vert normalt justert 1. juli med verknad frå og med 1. januar i inneverande år. Krav for første halvår kan derfor ikkje settast fram før ny sats er kjend. Satsen finn du i fylgjande forskrift:
Ver merksam på at kommunen/bydelen berre skal sette fram eit samla krav per halvår. Helfo betalar ut seinast ein månad etter at kravet er mottatt.
Kravet
Krav om fastlønstilskot skal settast fram via Altinn. Bruk Altinn-skjemaet "Helfos skjema for virksomheter, private aktører, kommuner og helseaktører". Ved innsending skal det leggast ved ei utfylt Excel-fil som bør vere lagra og klar til opplasting før de går inn i Altinn-skjemaet.
Det er viktig at krav om fastlønstilskot for fastløna fysioterapeutar (Excel) blir nytta slik at Helfo får dei nødvendige opplysningane vi treng for å behandle kravet.
Les meir om vilkåra for utbetaling av fastlønstilskot her.
Roller og rettar i Altinn
Den eller dei som skal sende krav om fastlønstilskot på vegne av kommunen/bydelen, må få tildelt rolla «helse-, sosial- og velferdstjenester» i Altinn frå den som er registrert som dagleg leiar for kommunen i Enhetsregisteret. Rolla gir mellom anna rett til å fylle ut enkelte skjema.
Den som skal signere skjema, må ha rolla «begrenset signeringsrett». Dersom same person skal gjere begge delar, må vedkomande ha begge rollene. Alternativt kan de tildele rett til å fylle ut og signere Altinn-skjemaet «Helfos skjema for virksomheter, private aktører, kommuner og helseaktører».
Her finn de ei oversikt over alle Altinn-rollene (altinn.no).
Les om korleis de kan tildele rettar i Altinn (altinn.no).