Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik sender kommune refusjonskrav for multidose

Refusjonskrava de sender til Helfo, skal sendast elektronisk via Altinn.

Kommunen kan søke om eit tilskot på 500 kroner per multidosebruker i heimetenesta per år.

Refusjonskravet må sendast inn på same organisasjonsnummer som avtalen er inngått på.

Utbetaling og fristar

Frist for å søkje tilskot er seks månader rekna frå utgangen av den månaden då første utlevering i kalenderåret fann stad.

For eksempel er fristen 31. juli for innsending av krav for multidosebrukarar per 1. januar. For nye brukarar som kjem til utover året, er fristen 6 månader frå utgangen av månaden då første utlevering fann stad.

Helfo betalar ut oppgjeret så raskt som mogleg, seinast 30 dagar etter at refusjonskravet er motteke.

Refusjonskravet

I Altinn-skjemaet skal de fylle inn

  • perioden for kravet
  • talet på nye multidosebrukarar i perioden
  • kravbeløp

Vedlegga skal innehalde informasjon om

  • kor mange multidosebrukarar som er omfatta av ordninga
  • kor mange nye multidosebrukarar det er i perioden for kravet
  • fødselsdato, namn og oppstartdato for kvar enkelt multidosebrukar

Det må kome klart fram kva pasientar det vert kravd refusjon for. Bruk gjerne pasientliste frå samarbeidande apotek/leverandør.

Les om regelverket for multidose her.

Fyll ut skjema

Logg på med BankID, BankID på mobil, Buypass eller Commfides. Velg deretter hvem dere skal representere i nedtrekksmenyen.

Først publisert: 21.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 23.05.2023 Sjå tidlegare versjonar