Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Slik sender kommune krav for fastlønna legar

Refusjonskrava de sender til Helfo, skal sendast elektronisk over Helsenettet.

Eigendelane som tel med i pasientane si opptening til frikort, rapporterer de som ein del av refusjonskravet.

Utbetaling og fristar

De må rapportere eigendelar minst kvar 14. dag over linje slik at pasienten får frikort til rett tid. Dette kravet er heimla i følgjande forskrift:

forskrift om behandling av helseopplysninger i Egenandelsregisteret (egenandelsregisterforskriften) (lovdata.no)

De rapporterer eigendelar ved å sende refusjonskrav. Refusjonskrav må de altså sende minst kvar 14. dag, sjølv om kravet først blir forelda etter 6 månader. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er 5 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er sendt over linje.

 

Les meir om kva rekningane skal innehalde og korleis dokumentere her.

Først publisert: 22.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 19.05.2023 Sjå tidlegare versjonar