Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Om utbetaling frå Helfo til kommune - for fastlønna lege

Etter at de har sendt inn eit refusjonskrav til Helfo, og dette er utbetalt, vil de få eit utbetalingsvedtak.

Vedtaket gir opplysningar om kva de har fått utbetalt i refusjon frå Helfo, og kva konto pengane har gått inn på.

Utbetalingsvedtaket gir også informasjon om takstbruk, og korleis den er samanlikna med andre i same yrkesgruppe. De får også informasjon i vedtaket om det er nokon av rekningane de har sendt til Helfo som er avvist på grunn av feil.

De kan klage på vedtaket. Fristen for å sette fram klage er 6 veker frå de fekk vedtaket.  

 

Les meir om klage på vedtak fra Helfo her.

Husk at du kan rette feil i enkeltrekningar sjølv. Du kan lese meir om retting av feil her.

Dersom du skal sende ei klage på vegne av nokon andre må du fylle ut og legge ved fullmaktskjema til klaga. Dette gjeld ikkje når det er ein advokat som klagar på vegne av deg. 

Les meir om behandling av klagesaker i Helfo her.

Aktuelt regelverk 

Forvaltningsloven (kapittel VI. Om klage og omgjøring)

Folketrygdloven (Kapittel 21. Saksbehandling i trygdesaker. Anke- og klagebehandling m.m. Då spesielt § 21-4, § 21-11 a og § 21-12.)

Først publisert: 22.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 19.05.2023 Sjå tidlegare versjonar