Helsestyresmaktene oppmodar til auka bruk av multidose for å oppnå
- betre etterleving av regelverk og rettare bruk av legemidla
- færre sjukehusinnleggingar som følgje av feil medisinbruk
- reduserte mengder av legemiddel som må kastast
Fordelar for kommunane er
- mindre legemiddellager
- redusert svinn
- sikrare og mindre ressurskrevjande legemiddeladministrering
«Dose i pose»
Multidosepakking er legemiddel (og kosttilskot) som pakkast i ei spesialpakning tilpassa den enkelte pasient for eit bestemt tidsrom.
Dei legemidla som skal takast på gitte tidspunkt, er pakka separat.
Betre enn dosett
Multidose vil i mange tilfelle vere eit betre alternativ enn dosett. Posane med legemiddel leverast ferdig pakka i strimler.
Merkinga av kvar dosepose hjelper både pasient, pårørande og helsepersonell med å holde oversikt over legemiddelbruken.
Samarbeid viktig
Multidose-ordninga krev at omsorgstenesta, fastlegar og apotek har eit godt samarbeid.
Det kan vere nyttig å dele dine erfaringar med andre kommunar, og også samarbeide med andre kommunar som eit ledd i eige forbetringsarbeid.
Vilkår for refusjon
Følgjande vilkår må vere oppfylt for at Helfo skal betale ut refusjon:
- Oppgjersavtale med Helfo må vere inngått.
- Krav med tilhøyrande underbilag må vere framsett i rett tid.
- Multidosebrukarane det vert satt fram krav for må vere pasientar i kommunen si heimeteneste (ikkje pasientar på sjukeheim eller liknande).
Les meir om korleis kommunen kan inngå avtale om multidose.
Les meir om korleis refusjonskrav for multidose skal sendast inn.