Etter at de har sendt refusjonskravet til Helfo, blir det gjennomført automatisk kontroll av kravet. Det automatiske oppgjerssystemet stoppar mange feil, men ikkje alle. De har sjølv ansvar for at krava de sender er riktige.
Når kravet er ferdig kontrollert, vert godkjente rekningar sendt til utbetaling. Utbetalingsvedtaket blir sendt ut når pengane går inn på bankkonto.
Utbetalingsvedtak
Vedtaket gir opplysningar om kva de har fått utbetalt i refusjon frå Helfo, og kva konto pengane har gått inn på.
De får informasjon i vedtaket om det er nokon av rekningane de har sendt til Helfo som er avvist eller avkorta på grunn av feil.
Vedtaka gir også oversikt over enkelte godkjente rekningar som har merknadar.
Merknadane i utbetalingsvedtaka er meint som rettleiing til apoteket eller bandasjisten.
De kan lese om retting av feil i rekningar her.
Klage på utbetalingsvedtak
De kan klage på vedtaket frå Helfo. Fristen for å klage på vedtak etter folketrygdlova er 6 veker frå de mottek vedtaket.
Her finn de klageskjema og meir informasjon om klage på vedtak fra Helfo.