Logo for print

​For pasientretta arbeid turnuslegen utfører på dagtid er det kommunen som skal ha refusjon for arbeidet.

For arbeid utført på legevakt får turnuslegen refusjonen frå Helfo, om ikkje anna er avtalt med kommunen.

For begge rollene må det altså inngåast avtale med Helfo for at refusjon skal bli utbetalt. Vi tilrår at avtaleopplysningar sendast til Helfo så fort arbeidsforholdet har gått i orden, slik at opplysningane er registrert i vårt system før det første refusjonskravet vert sendt frå legen.

Kommunen og Helfo-avtale

Kommunen er avtalepart for den kommunale tenesta og må registrere avtaleopplysningar til turnuslegen via Altinn. Den eller dei som skal inngå avtale på vegne av kommunen, må få tildelt rolle i Altinn som gir retten til å fylle inn skjemaet. 

Kommunen skal fylle ut

  • informasjon om behandlaren
  • informasjon om praksisen

Legevaktslegen og Helfo-avtale

Legevaktslegen er sjølv avtalepart med Helfo, og må registrere avtaleopplysningane via Altinn.

Her skal du fylle ut

  • informasjon om deg som behandlar
  • informasjon om legevaktspraksisen

Les meir på sida «Slik inngår lege avtale».