Logo for print

«Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos psykolog» har også i år nokre endringar frå 1. juli. På denne sida kan du lese om enkelte av endringane.

  • Merknad A1 er endra slik at det no går fram at også psykolog kan henvise til annan psykolog.
  • Eigendel for utredande undersøking/samtale (takst 10a og 10b) og for psykoterapi (22a og 22b) for ½ time og 1 time har gått opp frå 320 til 345 kroner frå 1. juli
  • Det er gjort endringar i eigendel og/eller refusjonsbeløp på dei fleste av takstane.

For å få ei fullstendig oversikt over endringane må du sjølv gå gjennom og lese den nye forskrifta. Du kan også lese meir på sida Regelverk og takstar for psykolog.


 

Husk å oppdatere EPJ-systemet

Husk å oppdatere EPJ-systemet ditt, slik at dei nye takstane er oppdatert i frå 1. juli. Rekningar som blir sendt inn etter 1. juli basert på gamle takstar vil bli avvist av Helfo, og du må korrigere desse og sende dei inn på nytt.

På sidea slik sender psykolog inn refusjonskrav kan du lese meir om oppgjørene med Helfo.

Ta kontakt med Helfo veiledning for helseaktører på 815 70 070 eller post@helfo.no dersom du har spørsmål om takstendringane.​