Logo for print

«Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege» har også i år ein del endringar frå 1. juli. På denne sida kan du lese om dei viktigaste endringane. Her kan du lese mer om regelverk og takster for leger.

For å få ei fullstendig oversikt over endringane må du sjølv gå gjennom og lese den nye forskrifta.

Ny takst 1 be

Det har kome ny takst, takst 1be, enkel pasientkontakt, forespørsel, rådgivning ved elektronisk kommunikasjon på sikkerhetsnivå 4.

Denne kan brukast der du gir råd til pasienten via elektronisk kommunikasjon dersom dette går via sikkert system.  Bruk av tilbakemelding på vanlig e-post som ikkje krev pålogging hos pasienten, vil ikkje utløyse taksten, då du ikkje kan sende personsensitive opplysningar utanom sikker løysing.

På takst 1bd er det kome inn ei presisering om at brev er relatert til papirbrev.

Laboratorietakstane 703 – 712 , ny merknad - F2

Merknadaden tydeliggjer at desse takstane forutset at analysen vert utført på legekontoret, legevakt eller i sjukebesøk.Det vil seie at dersom du tek nokon av desse prøvene og sender til analyse på eksternt laboratorium, er det kun takst for sendeprøve (701a eller 701c) som skal krevjast, ikkje sjølve prosedyretaksten for laboratorieprøva.

Andre endringar

  • Takst 2ld, systematisk legemiddelgjennomgang i tråd med Helsedirektoratets veiledar, vil no kunne krevjast inntil to gongar per kalendarår per pasient.
  • Det er no forutsett at alle reseptar skal skrivast elektronisk, og «skriving av papirresept» er difor teke ut av takst 1h. Der du ikkje har tatt i bruk e-resept, vil ikkje ditt arbeid med skriving av resept utanom konsultasjon verte honorert. Dette då det er eit krav om at e-resept skal nyttast.

Spesialistar med avtale med RHF

For spesialistar med avtale med RHF har det også kome ein del endringar. Her er dei viktigaste:

  • Takst 124, bruk av anerkjente skjemaer for kartlegging av sykdomsaktivitet ved behandling og oppfølging av inflammatoriske revmatiske lidingar kan no også krevjast av spesialistar innan hudsjukdomar.
  • Takst 154c, Instruksjona v TNS, ut over 3 gongar har gått ut frå 1. juli.
  • Takst 255a, PUVA, UV-A og UVB heilkroppsbehandling er no sett som ugyldig med takst 255b, kombinasjonsbehandling.
  • Takst 257 som er takst for fotodokumentasjon av atypiske nevo og premaligne lidingar kan no også krevjast av spesialistar innan ØNH.
  • Takst 651a og 651b Nødvendig samtale med foreldre/foresatte ved pediatriske problemstillingar, kan no også i tillegg til tidligare problemstillingar krevjast ved nødvendige samtalar med foreldre/føresette der pasienten har diagnosen psoriasis eller vekstforstyrringar.

Husk å oppdatere EPJ-systemet ditt

Husk å oppdatere EPJ-systemet ditt, slik at dei nye takstane er oppdatert i frå 1. juli. Rekningar som blir sendt inn etter 1. juli basert på gamle takstar vil bli avvist av HELFO, og du må korrigere desse og sende dei inn på nytt.

På sida slik sender lege inn refusjonskrav kan du lese meir om oppgjera med Helfo.

Ta kontakt med Helfo veiledning for helseaktører på 815 70 070 eller post@helfo.no dersom du har spørsmål om takstendringane.