Logo for print

Her er nokre av dei viktigaste endringane frå 1. juli:

  • Takst 201b, undersøking, behandling eller kontroll 345 kroner.
  • Takst 202, radiologisk undersøking og ultralydundersøking ved billedannande spesialavdeling, samt nukleærmedisinske bilet-undersøkingar er no 245 kroner.
  • Pasientbetaling ved manglande oppmøte/avbestilling, takst 201c er 690 kroner.
  • Det har vore ein nedgang i refusjonssummen for takstane P10 og P12, desse er no 384 kroner (P10) og 102 kroner (P12).
  • Takst 701j, måling av beinmineralinnhald/måling med DXA har fått endra refusjonssum frå 68 kroner til 50 kroner.
  • I refusjonssatsane for radiologi, og nukleærmedisin er det endring i refusjonssummane på alle refusjonskategoriane, sjå tabell S1 og S2 for utfyllande informasjon.
  • To nukleærmedisinske prosedyrar, NTP Radionuklidterapi av skjelett ved metastaser og NTP Radionuklidterapi ved cancer, har vore plassert i feil refusjonskategori. Det er retta i samband med endringar i regelverket for poliklinisk radiologi frå 1. juli 2016.
  • Intervensjonsprosedyrar som ligg i NCSP-kodeverka kan frå 1. juli 2016 gje refusjon gjennom finansieringsordninga for poliklinisk radiologi, dersom dei blir utført med ein bilet-retteleia teknikk. Dette vil være aktuelt for eit utval av NCSP-prosedyrane.

Kva bilet-rettleia teknikk som vert brukt må samstundes kodast med ein tilleggskode. Sjå «Regelverk og takstar for sjukehus/poliklinikk» for ei oversikt over kva koder som er aktuelle.

For ei fullstendig oversikt over endringane tilrår vi at du også går inn på Forskrift om dekning av utgifter ved poliklinisk behandling.

Ta kontakt med HELFO veiledning for helseaktører på 815 70 070 eller post@helfo.no dersom du har spørsmål om endringane.