Logo for print

​Godkjend eigendel, takst 201b, kan no krevjast av fleire yrkesgrupper enn tidligare.

Endring i merknad 2E

Merknad 2E har også vorte endra. Dette gjeld eigendel for grupperetta pasientopplæring, poliklinisk rehabilitering og behandlingstiltak i gruppe.

Gruppebehandling innan psyisk helsevern vil ikkje bli påverka av denne endringa.

Psykiatri

Det har også kome ein takst for ambulant konsultasjon både for vaksenpsykiatri og for barne- og ungdomspsykiatri.

Godkjend eigendel, takst 201b kan no krevjast ved undersøking, behandling eller kontroll utført av relevant legespesialist, psykologspesialist eller tannlegespesialist, eller som vert utført av legar, psykolog og tannlegar utan eller under spesialisering, spesialist i allmennmedisin, sjukepleiarar, jordmødrer, fysioterapeutar, ergoterapeutar, kliniske ernæringsfysiologar og audiografar, og personell i godkjend fagstilling i voksenpsykiatrisk poliklinikk og ruspoliklinikk.

Når det gjeld ambulant konsultasjon kan denne krevjast når behandlar oppsøker pasienten ambulant og dette er grunna i pasientens behov.
Med ambulant verksemd meiner ein polikliniske kontaktar som vert gjennomført av spesialisthelsetenesta utanfor dei ordinære polikliniske lokala. Meir informasjon om bruk av denne taksen kan du finne i endringsforskrifta under merknad P17/P27.

Innanfor vaksenpsykiatri er det kome ein takst for behandling og oppfølging gjennom ACT-team eller liknande ambulante oppsøkande behandlingsteam.

I merknad P30 finn du meir informasjon om kravet til teamorganisering for at taksten skal kunne utløysast.

Andre takstar

Det er også kome ein takst for nettbasert behandlingsprogram, og det kan her krevjast ein takst for kvart gjennomførte behandlingsprogram. Det kan her ikkje krevjast eigendel frå pasienten.

Vidare er det ein del endringar i refusjonskategoriar og satsar på radiologi.

Ei fullstendig oversikt over endringane finn du i forskrift om godtgjørelse av utgifter til helsehjelp som utføres poliklinisk ved statlige helseinstitusjoner og ved helseinstitusjoner som mottar driftstilskudd fra regionale helseforetak.

Du finn og nyttig informasjon på temasida «Regelverk og takstar for sjukehus og poliklinikk».