Logo for print

Prosedyrane som er endra gjeld NTP Radionuklidterapi av skjelett ved metastaser og NTP Radionuklidterapi ved cancer.

Endringar frå 1. juli

Intervensjonsprosedyrar som ligg i NCSP-kodeverka kan frå 1. juli 2016 gje refusjon gjennom finansieringsordninga for poliklinisk radiologi, dersom dei blir utført med ein bilet-retteleia teknikk. Dette vil være aktuelt for eit utval av NCSP-prosedyrane.

Kva bilet-rettleia teknikk som vert brukt må samstundes kodast med ein tilleggskode. Sjå «Regelverk og takstar for private laboratorier og røntgeninstitutt» under «Relatert innhald» med oversikt over kva koder som er aktuelle.

I refusjonssatsane for radiologi, og nukleærmedisin er det endring i refusjonssummane i alle refusjonskategoriane, sjå tabell B1 og B2 for utfyllande informasjon.

Også nokre andre undersøkingar har endra refusjonssatsar. Fullstendig informasjon finn du i ny forskrift gjeldande frå 1. juli 2016.

For ei fullstendig oversikt over endringane tilrår vi at du går inn på Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling i private medisinske laboratorie- og røntgenvirksomheter.

Endringar tidlegare i 2016

Det blei også innført endringar i refusjonsjonskategoriar og satsar på radiologiområdet frå 1. januar 2016. I tillegg er det innført ein del endringar i refusjonssatsane på mange av takstane for private medisinske laboratorieverksemder.

For 2016 er det gjennomført ei større endring av alle dei tre prosedyrekodeverka, NVMP, NCSP og NCRP.

NCRP omfattar koder for prosedyrar som er knytt til bildediagnostiske undersøkingar og bilet-rettleia (bildeveiledende intervensjoner) kirurgiske intervensjonar.

Her er dei viktigaste endringane:

• Alle NCRP-koder har fått 6 teikn

• Alle bilet-rettleiande intervensjonar som tidligare høyrde til kodeverka NCMP, NCSP og NCRP er samla i NCRP, og er kategorisert ut i frå anatomisk tilhøyrsle

• Koder for bilet-diagnostiske undersøkingar som tidlegare høyrde til NCMP, NCSP og NCRP er samla i eit kapittel, kapittel S

• Alle nukleærmedisinske prosedyrar, både diagnostiske og terapeutiske prosedyrar, er samla i eit kapittel, kapittel T

• Generelle tilleggskoder er samla i kapittel Z

• Radiofarmaka er samla i kapittel Z og visast med ATC-koder der dette finnast, og som NCRP-koder for dei radiofarmaka som ikkje har ATC-kode.

Sjå koderettleiing for NCRP 2016 for ytterligare detaljar.

Ved radiologisk undersøking av ein og same pasient, på same dato med CT, MR eller ultralyd, skal det normalt berre registrerast éin kode og krevjast ein refusjon. Det kan i enkelte tilfelle registrerast to kodar og krevjast refusjon for begge undersøkingar. Vilkåret er at det skal vere utført separate, sjølvstendige radiologiske undersøkingar.
Det vil vere knytt ein del føresetnader til denne regelendringa.

Undersøkingar av fleire organ innan same region vil ikkje bli godteke. Eit slikt refusjonskrav vil bli forkasta som ugyldig. Eit refusjonskrav som inneheld både MR av hypofyse og MR av tinningbein vil eksempelvis ikkje bli godteke. I eit slikt tilfelle må ein av kodane nyttast, eventuelt regionkoden MR Caput. På den andre sida vil laboratoriet/røntgeninstituttet kunne krevje to refusjonar for eksempelvis MR Caput og MR Cervicalkolumna når dei vert utført som to separate undersøkingar.

Regelendringa inneber at kroppen vert inndelt i 9 regioner; hovud, hals, toraks, abdomen, bekken, underekstremitet, overekstremitet, kolumna, mamma og ein uspesifisert kategori, jamfør oppdatert kodeverk. Innan ein region vil det berre vere mulig å krevje refusjon for enten eit enkeltorgan eller regionen som heilskap. I tillegg vil det framleis vere slik at for undersøkingar av fleire organ der det eksisterer ein kombinasjonskode, ikkje vil vere tillate å splitte ei slik undersøking i to og krevje to refusjonar.

Sjå meir informasjon i Regelverk finansiering poliklinisk radiologi.

22.04.2016 10:26