Logo for print

​Også takstane A7 (traksjonsbehandling i benk eller slynge for rygg eller nakke), B20 (medisinske bad) og B21 (varme-/kuldepakningar) utgår som eigne takstar.

Honoraret for desse behandlingsformene er inkludert i tidstakstane A2a-f, A8 og A9.

Resultat av forhandlingane

Dette er resultatet av takstforhandlingane mellom KS/ Helse- og omsorgsdepartementet og Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Norske Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund 1. juli 2016.

Det betyr at behandlingsformene som er nemnt over framleis gjev rett til refusjon frå folketrygda. Det er berre kva takst du kan krevje refusjon for i oppgjera med Helfo som er endra.

Skal telle med i frikort-oppteninga

Det er ikkje høve til å definere behandling med elektroterapi, ultralyd, pulsator, kortbølgje, mikrobølgje eller laser som tilleggsteneste og krevje betaling frå pasienten.

Det er viktig at når du utfører slik behandling, skal pasienten eventuelt berre betale ein eigendel som tel med i oppteninga til frikort eigendelstak 2.

Du kan lese meir på sida «Regelverk og takstar for fysioterapeut» eller i forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi mm.