Logo for print

Husk at du kan be om å få vedtak frå HELFO på e-post. Det gjer du ved å fylle inn e-postadresse i «Opplysningsskjema for jordmor (05-12.03)»(lenke) eller «Opplysningsskjema for helsestasjon (05-04.22)» (lenke).

Både jordmor og helsestasjon kan registrere inntil fire e-postadresser, og du kan når som helst sende HELFO oppdatert opplysningsskjema (slik endrer du avtale)

Under ser du eit eksempel på korleis eit utbetalingsvedtak for jordmor med driftsavtale ser ut, og eit vedtak for jordmor i helsestasjon.​

Bilde av utbetalingsvedtak


Korrigering av avviste rekningar for jordmor/helsestasjon

Utbetalingsvedtaket gjev også informasjon om det er nokon av rekningane du har sendt til HELFO som er avvist på grunn av feil. Her er nokre eksempel på vanlege feil:

  • bruk av takstar som ikkje kan kombinerast med andre takstar
  • bruk av takstar som HELFO ikkje refunderer
  • feil eller manglande klokkeslett på rekninga
  • manglande opplysningar på rekninga frå helsestasjon som gjer at HELFO sitt automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

Rekningar med slike feil må du korrigere og sende inn på nytt så raskt råd er.

Refusjonskravet vert likevel ikkje forelda før det har gått tre år frå dato på utbetalingsvedtaket.

Eksempel på avvisingsårsakar for jordmorrekningar

Avvisingsårsak

«Duplikatrekning: Rekninga er allereie innsendt som rekningsnummer xxx»

Forklaring:

HELFO sitt kontrollprogram avdekker at du har sett fram refusjonskrav for same pasient og same takst to gonger i løpet av ei kort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk. Dette kan enten skuldast at du ved en feil har skrive rekninga to gonger, eller at hjelpepersonell har skrive ei rekning og du ei anna for same behandling.

Det kan også i nokre tilfelle skje at du faktisk har hatt pasienten inne til eksempelvis konsultasjon for to ulike problemstillingar i løpet av kort tid same dag, men at du har gløymt å endre diagnose og klokkeslett for når konsultasjonen fann stad.

Avvisingsårsak

«Rekninga er avvist fordi jordmor/helsestasjon ikkje har brukt rett takstbeløp»

Forklaring:

Jordmor/helsestasjon har sjølv ansvaret for å sette seg inn i og bruke rett takst og takstbeløp. Desse summane blir justert 1. juli kvart år. Dersom rekninga har feil takstsum, må jordmor/helsestasjon sende korrigert rekning til HELFO.

Eksempel på avvist rekning som ikkje kan korrigerast

«Rekninga er avvist fordi takst 2 ikke refunderes av HELFO»

Forklaring:

Takst 2 er ein egenbetalingstakst, og det er difor pasienten sjølv som må betale for dette. Takst 2 vert ikkje refundert av HELFO.