Logo for print

​​Kva takst det kan krevjast refusjon for går fram av poliklinikkforskrifta. Sjukehus/poliklinikk plikter å sette seg inn i forskrifta og bruke takstane etter gjeldande regelverk.

Frå 1. januar 2017 innføres ei eige forskrift om eigenandelar og pasientbetaling ved poliklinisk helsehjelp. Det betyr at all informasjon om eigenandelar og pasientbetaling tas ut av poliklinikkforskrifta. Takstane innanfor psykiatri (P-takstene), fjernast frå poliklinikkforskrifta, og det innførast innsatsstyrt finansiering (ISF) på dette området.

Om forskrifta og radiologiske koder

Poliklinikkforskrifta fortel kva takstar ein kan nytte ved dei ulike behandlingsformane som vert utført. Du finn også informasjon om kva takstar som kan kombinerast og om det er spesielle vilkår for bruk av taksten.

I 2016 vart regelverket endra når det gjeld poliklinisk radiologi. Regelendringa inneber at kroppen vert delt inn i ni regionar. Det skal normalt berre registrerast ein kode og krevjast ein refusjon ved radiologisk undersøking av same pasient, på same dato, når det blir gjennomført CT, MR eller ultralyd. Undersøkingar av fleire organ innan same region av kroppen vil som hovudregel ikkje bli godteke. Vilkåret er at det skal utførast separate sjølvstendige radiologiske undersøkingar. Les meir om dette i «Regelverk finansiering poliklinisk radiologi 2017 - statlige helseinstitusjoner (PDF)».

I vedlegget til regelverket ,«Radiologiske koder som gir rett til refusjon – statlige helseinstitusjoner (Excel)», går det fram kva slags refusjonskategori den enkelte prosedyra er plassert i.

Om tilvising (henvisning)

Pasienten skal normalt vere tilvist frå lege, kiropraktor, manuellterapeut, tannlege eller psykolog utanfor sjukehuset.

For tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengigheit kan tilvisinga også kome frå kommunal helse- og omsorgsteneste eller sosialteneste.

Det er ikkje eit krav om tilvising når pasientar oppsøkjer sjukehusets akuttfunksjon og det er nødvendig og undersøke/behandle pasienten.

Det er heller ikkje krav om tilvising når det ved undersøking utført ved poliklinikk i ein hovudspesialitet, viser seg at pasienten har ein sjukdom av ein heilt annan art som krev full undersøking ved poliklinikk i ein annan hovudspesialitet, og sjukdomen er utan samanheng med den første sjukdomstilstanden.

Pasienten skal etter behandling tilbakeførast til tilvisande instans med epikrise.

Fritak frå å betale eigenandel, pasientbetalingsforskrifta § 5

I desse tilfella slepp pasienten å betale eigenandel:

  • Kontrollundersøkingar under svangerskap, fødsel og ved behandling for sjukdom i samband med svangerskap og fødsel, samt for ei undersøking etter fødsel. Gjeld også ved avbrot av svangerskap og ei kontrollundersøking etter inngrepet.
  • Yrkesskade/yrkessjukdom etter folketrygdlova § 13
  • Personar innsett i Kriminalomsorgen sine anstaltar, der helsehjelpa vert gitt av anna personell enn dei som er knytt til helsetenester til innsette
  • Der pasienten sin tilstand på konsultasjonstidspunktet er til hinder for å krevje eigenandelen, til dømes ved alvorlige sinnslidingar, behandling etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A, større akutte skader, medvitsløyse og dødsfall.
  • Psykiatrisk behandling av barn og ungdom under 18 år
  • Behandling av barn under 16 år
  • Behandling av ålmennfarleg smittsame sjukdomar
  • Oppsøkjande behandling av rusmiddelavhengige

Manglande oppmøte

  • Om pasienten ikkje møter opp til avtala time, og let vera å melda frå tidlegare enn 24 timar føre timen, kan pasienten verta kravd for 690 kroner i fråværsgebyr.
  • Om den avtala timen gjeld poliklinisk helsehjelp innan psykiatri eller rusbehandling, skal det ikkje krevjast høgare gebyr enn 345 kroner.
  • Ved manglande oppmøte kan det krevjast eigenbetaling frå pasienten. Pasienten skal informerast om plikta til å betale ved manglande oppmøte.
  • Fråværsgebyr kan også krevjast av pasientar på BUP som i utgangspunktet ikkje betalar eigenandel, samt pasientar med frikort for eigenandelstak 1 og andre grunnar for eigenandelsfritak.