Logo for print

Inntekta til psykologen kjem i hovudsak frå tre kjelder

  • eigendelar frå pasienten
  • refusjon frå Helfo
  • driftstilskot frå regionalt helseføretak (RHF)

Du pliktar å sette deg inn i  Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos psykolog, og bruke takstane etter gjeldande regelverk.

Om forskrifta

Forskrifta fortel kva takstar du kan nytte ved dei ulike kontaktformene, prosedyrane og behandlingane som vert gjort. Den fortel og kva takstar som kan kombinerast og om det er knytt visse vilkår til bruken av taksten.

Som psykolog med avtale om direkte oppgjer med Helfo kan du ikkje krevje høgare eigendel frå pasienten enn det forskrifta seier. Du kan heller ikkje krevje tilleggsbetaling frå pasienten for å gjere prosedyrar/arbeid som er omfatta av forskrifta.

Fritak frå å betale eigendel

Barn under 18 år og pasientar med hiv-infeksjon får stønad etter honorartakstane.

Tilvising (henvisning)

For å kunne få stønad til behandling med psykolog er det eit vilkår at pasienten er tilvist frå lege, psykolog eller frå barnevernsadministrasjonen sin leiar.

Dette gjeld likevel ikkje for opp til tre utgreiande undersøkingar eller samtalar, sjå merknad til takst 10 a-d og f.

Opplysningar om tilvisande behandlar, tilvisingsdiagnose og tilvisingsdato registrerast i rekninga til Helfo.

Stønad for undersøking og behandling ytast berre hos ein psykolog i samband med den same sjukdommen. Eit unntak kan vere når det er eit fagleg ønske om undersøking frå ein psykolog og behandling med ein annan. Andre unntak er når psykologen ikkje kan ta på seg å fullføre behandlinga, psykologen ikkje har nok kompetanse til å utføre behandlinga eller at det er eit utilfredsstillande forhold mellom psykolog og pasient.

Forskrifta omfattar bebuarar i sjuke- og aldersheim. Du sender rekning til Helfo på vanleg måte for desse.

Helfo yt ikkje refusjon for behandling av innsette i fengsel. Kommunar der fengsel er lokalisert, mottar øyremerka tilskot til blant anna psykologtenestar.

Dokumentasjon av refusjonskrav

Som psykolog skal du setje deg godt inn i krava til dokumentasjon. Les om dokumentasjonskrav til helsepersonell her.

Takstar for psykolog

Takstane omfattar nødvendig for- og etterarbeid, journalføring osv. Takstane kan ikkje utløysast for undersøking og behandling utført av hjelpepersonell.

Det kan krevjast refusjon berre for ei behandling per dag, men ein kan godta kombinasjon av individuell behandling og gruppebehandling/psykoterapeutisk familiearbeid på same dag.

Honoraret for kvar takst er delt opp i ein eigendel og refusjonsdel. I forskrifta står det for kvar takst informasjon om dette er ein takst som kan repeterast, og om den eventuelt kan repeterast fleire gongar i løpet av same konsultasjon. I omtala av dei fleste takstar er det og vist til ein eller fleire merknadar. Desse merknadane gir utfyllande informasjon om taksten.

Takstane er delt inn i ulike takstgrupper med underliggande takstar (sjå forskrifta for meir omfattande omtale av takstane):

Takstgruppe A - utgreiande samtalar med psykolog (10a-10f)

Takst 10a-f – takstar for utgreiande samtalar hos psykolog

Takstane for utgreiande undersøkingar/samtalar skil seg frå behandlingstakstane (20-takstane) ved at innhaldet i konsultasjonen skal vere av utgreiande og kartleggande karakter, utan aktive terapeutiske inngrep. Før behandling startar, kan det vere nødvendig med utgreiande samtalar og undersøkingar, og takst 10a-d og f kan då nyttast fram til ein eventuelt startar sjølve behandlinga.

Det kan også krevjast 10-takstar undervegs i behandlingsopplegget, då det kan vere nødvendig å veksle mellom kartleggande/utgreiande og behandlande konsultasjonar.

For at takstane skal kunne utløysast, er det eit vilkår at det ligg føre tilvising frå lege, psykolog eller barnevernsadministrasjonens leiar. Krav om tilvising gjeld likevel ikkje for inntil 3 utgreiande undersøkingar eller samtalar, sjå merknad i forskrifta til takstane 10a-d og f.

I ein konsultasjon kan ein ofte kombinere utgreiande og behandlande metodikk. Men det er ikkje lov å kombinere 10- og 20-takstar i same konsultasjon eller same dag. Psykologen må difor velje den taksten som høyrer til det arbeidet vedkommande har gjort mest av i konsultasjonen, enten ein 10-takst eller ein 20-takst.

Folketrygda yter berre refusjon for ein konsultasjon per dag, men ved kombinasjon av individuell behandling og gruppebehandling/psykoterapeutisk familiearbeid, kan Helfo godta to konsultasjonar.

Eksempel på riktig bruk av 10 og 20 takstane:

Ein pasient kjem til 2 timar lang konsultasjon. Pasienten har hatt nokre konsultasjonar tidligare, men du synest det trengs litt meir utredning/kartlegging av pasienten likevel. Derfor går første del av konsultasjonen med til utredning, medan resten av konsultasjonen går med til psykoterapi/behandling. Regelverket tilseier at du ikkje kan ta både 10- og 20 takstar for same konsultasjon, så her må du velje enten ein 10-takst eller ein 20-takst. Du føler at utredning har hatt eit stort fokus i denne konsultasjonen, så du vel her å bruke takst 10c framfor 22c.

Les meir om desse takstane i rundskrivet.

Takst 10e – tilleggstakst ved akutt psykisk krise

Takst 10e er ein tilleggstakst for behandling av akutt psykisk krise, og kan krevjast i tillegg til takstane 10a-d og f. Takst 10e er meint som førstegongs behandling i ein særleg akutt situasjon.

Ein slik situasjon vil normalt innebere at det er umulig eller svært urimeleg å krevje inn eigendel frå pasienten for opptening til frikort for helsetenester. Pasienten skal difor ikkje betale eigendel for konsultasjonen når det oppstår akutt krise, og takst 10e vert utløyst i kombinasjon med 10a-d eller f.

Takst 10e kan maksimalt utløysast tre gongar ved akutt krise. Dersom det oppstår ei ny akutt krise, kan takst 10e nyttast igjen.

Taksten kan nyttast både ved behandling av nye pasientar i akutte kriser, og pasientar som er i eit pågåande behandlingsopplegg, men som må takast i mot utanom det faste opplegget på grunn av den akutte krisa.

Helfo gjer merksam på at krise i denne samanheng ikkje tyder krisepsykologisk behandling. Det er pasientens akutte tilstand, for eksempel ved akutt suicidalitet eller akutt behandlingstrengande psykose, som er det rettslige kriteriet for utløysing av taksten.

Takst 10e kan også kombinerast med takst 26, takst 23 og takstane 11-19, då noko utgreiing kan vere aktuelt også i ein krisesituasjon.

Eksempel på riktig bruk av 10-takstane:

Ein av dine faste pasientar ringer fordi det har skjedd eit dødsfall i nær familie. Vedkommande er langt nede, og treng ein konsultasjon. Du veit at denne pasienten kan få tilbakefall i behandlinga dersom du ikkje raskt tek vedkommande inn til ein akutt konsultasjon, og du set pasienten opp til ein to timar lang konsultasjon i ettermiddag. Sidan dette er ei akutt psykisk krise, så kan du ta takst 10e i tillegg til takst 10c. Pasienten skal heller ikkje betale eigendel her, då det er fritak for å betale eigendel ved akutte psykiske kriser der takst 10e vert nytta.

Les meir om dette i rundskrivet.

Takstgruppe B - undersøking med psykolog (11-19)

  • Det skal settast av eigen tid til direkte pasientkontakt for å hente inn informasjon, og takstane kan ikkje utløysast berre ved å nytte informasjon som er innhenta ved bruk av testar som inngår i andre undersøkingar.
  • Dersom pasienten ikkje kan gi nødvendig informasjon, kan denne hentast inn frå pårørande.
  • Sjølve testinga kan utførast av hjelpepersonell, men psykologen må sjølv sette av tid til å tolke data. Der hjelpepersonell utfører testane må psykologen være tilgjengelig for råd og rettleiing. Psykologen må ha vurdert pasienten og instruert hjelpepersonell om kva undersøkingar som skal gjerast. Hjelpepersonell kan berre utføre testing og scoring på psykologens faste kontor.
  • Takstane dekker både arbeidet med å hente inn og vurdere av informasjon.
  • Takst 11, intelligensvurdering/evnevurdering – det er det samla arbeidet med intelligens-/evnevurdering som honorerast uavhengig av kva kartleggingsmetodar som nyttast, eller om det nyttast fleire kartleggingsmetodar. Taksten kan krevjast inntil to gongar per kalenderår.
  • Takst 12, spesielle funksjonsundersøkingar – taksten gjeld kartlegging av enkeltfunksjonar og kan berre utløysast ein gong per funksjon som utgreiast, uavhengig om det nyttast fleire kartleggingsverktøy eller informantar. Taksten kan krevjast inntil fire gonger per år. Ved bruk utover dette må det særleg grunngjevast i rekninga til Helfo.
  • Takst 13, miljøvurdering – skal nyttast ved vurdering av pasientens miljø og miljøets innverknad på pasienten. Data hentast inn anten ved at pasienten er til stade eller ved at psykologen er til stade i pasienten sitt miljø – med påfølgande analysering. Vesentlege endringar i miljøet kan nødvendiggjere gjentatt miljøvurdering (for eksempel ved skilsmål, arbeidsløyse og så vidare). Taksten kan nyttast inntil fire gongar per kalenderår.
  • Takst 18, personlegdomsvurdering – gjennomførast delvis ved testing og delvis ved intervju av pasienten. Det er det samla arbeidet med personlegdomsvurderinga som honorerast, uavhengig om det nyttast ein eller fleire kartleggingsmetodar og testar. Taksten kan nyttast inntil tre gonger per kalenderår.
  • Takst 19, nevropsykologisk undersøking – for å kunne utløyse taksten må det ligge føre mistanke om nevropsykologisk/kortikal funksjonssvikt og/eller hjerneskade. Taksten kan nyttast inntil to gongar per kalenderår.

Takstgruppe C - behandling med psykolog (21a-27)

  • Tidsoppføringa på takstane angir den tida pasienten er til stade ved undersøkinga.
  • Takstane kan ikkje utløysast av hjelpepersonell.
  • Takstane 21a-f, psykoterapi av barn kan berre nyttast ved psykoterapibehandling av barn under 18 år. Takstane 21g-i kan nyttast ved psykoterapi av barn under 18 år når berre foresatte er tilstade.
  • Takstane 21g-i skal nyttast der formålet med kontakta er terapeutisk forhold til behandling av barnet.
  • Takstane 22a-b, psykoterapi kan nyttast ved terapeutisk arbeid per telefon eller per brev ved pågåande behandlingsopplegg. Rekninga skal då merkast «per telefon» eller «per brev».
  • Takst 22c-f kan ikkje utløysast ved terapeutisk arbeid per telefon eller brev.
  • Takstane 23a-f, psykoterapeutisk familiearbeid krev at det er minst to personar til stade i tillegg til psykologen. Takstane kan også nyttast ved behandling av akutt psykisk krise. Takstane er då hovudsakleg meint som førstegongs behandling ved ein særleg akutt situasjon som forårsakar store påkjenningar. Stønaden ytast etter honorartakst for inntil tre behandlingar. Det ytast i tillegg stønad etter takst 10e.
  • Takst 24a-d er takst for gruppeterapi av voksne
  • Takstane 25a-f, nevropsykologisk behandling kan nyttast der pasienten har påvist nevropsykologisk/kortial funksjonsavvik og/eller hjerneskade
  • Takst 26, psykologisk rådgiving til pasient per telefon, minst 15 minutt, omfattar ikkje timebestillingar, kanselleringar av avtale og enkle førespurnader. Det er ein føresetnad at det blir gjort eit psykologfagleg arbeid. Det må ligge føre tilvising frå lege.
  • Takst 27, tillegg for dei seks første konsultasjonane for nytilviste pasientar. Taksten kan utløysast på nytt dersom pasienten tilvisast på nytt og det har vore eit opphald i behandlinga på minst seks månader.
  • Takst 28a-d er takst for gruppeterapi av barn under 18 år.

Takstgruppe D - øvrige takstar (31a-40)

Takstane 31a-f (rådgiving til behandlande instans)

Dette er takstar for rådgiving til behandlande instans med tanke på vidare behandlingsopplegg.

Takstane kan nyttast for rådgiving både skriftleg og per telefon. Takst 31 a-f skal utløysast for den totale tida du som psykolog nyttar til rådgiving av éin instans, inkludert alt forarbeid før sjølve rådgivinga. Om det vert gitt rådgiving til fleire behandlande instansar, så skal taksten utløysast for kvar instans som får rådgiving, og ikkje for den samla tida all rådgivinga til dei ulike instansane tek. Det skal gå fram av rekninga kva instans/person som har motteke rådgiving, når denne rådgivinga er gitt og om det skjedde skriftleg, i møte eller per telefon.

Takstane 31 a-f kan òg nyttast til anna arbeid i samband med innlegging i institusjon, men kan ikkje krevjast ved utarbeiding og oversending av epikrise til henvisande instans.

Takstane 31a og 31b kan òg nyttast ved rådgiving til person som i si stilling skal formidle eit behandlingsopplegg som er fastsett av psykologen, til dømes tilsett i barnehage, skule eller sosial institusjon.
Dersom du har gjort ulike testar, kan takstane 31a-f nyttast ved konkret rådgiving til behandlande instans, men taksten kan ikkje nyttast ved rein attgjeving av testresultat. Takstane er heller ikkje honorar for å lage ein rapport, og det er difor ikkje tida det tek å skrive rapporten som vert honorert, men den tida sjølve rådgivinga opp mot den behandlande instansen tek. Dersom du sender same rapport til fleire instansar så skal ikkje rapporten honorerast fleire gongar. Om rapporten vert endra før den vert sendt vidare til annan instans, så er det tida brukt til å foreta endringane som skal honorerast, og tilleggsarbeidet må då ha teke minst 30 minutter (takst 31b) for at det skal verte honorert.

Takst 31 kan ikkje krevjast der det er psykologen sitt hjelpepersonell som gir råd til behandlande instans.

Takst 32 - nødvendig samtale

Er takst for nødvendig samtale med pårørande eller føresette ved psykologisk undersøking og behandling. Taksten kan nyttast både for fysisk møte eller samtale over telefon.

Taksten kan ikkje nyttast ved samtalar utført av hjelpepersonell, og bruk av taksten forutset at psykologen er tilstade under heile samtalen med dei pårørande/føresette.

Takst 33a-b - møtegodtgjerlse i samarbeidsmøter

Er takstar for møtegodtgjersle når du som psykolog deltek i samarbeidsmøter med helse-, skule- og/eller sosialfagleg personell som ledd i eit behandlingsopplegg for enkeltpasientar, herunder i samarbeidsmøter i regi av NAV. 33a-b kan ikkje nyttast ved fast oppsette samarbeidsmøter, med mindre det gjeld samarbeid om konkrete pasientar. Taksten kan ikkje krevjast ved for eksempel veiledingsoppdrag eller regulær møteverksemd sjølv om det er møter der klientarbeid vert diskutert meir generelt.

Takst 33a kan krevjast for arbeid inntil 30 minutt. Takst 33b nyttast for kvar påbyrja halvtime etter første halve time. Takstane skal krevjast for den samla møte-/reisetida, ikkje per pasient. Det må gå fram av rekninga kva instansar/personar som har delteke på møtet, samt tidspunkt for møtet. Taksten kan også krevjast for tida det tek å reise frå kontoret til møtestaden, og tilbake til kontoret. Takst 33 kan òg brukast ved planlagde telefonmøter om enkeltpasientar. Føresetnad for bruk av takst 33 er at du som psykolog er tilstade på heile møtet, enten det er et fysisk møte eller telefonmøte.

Takst 33 kan ikkje brukast ved andre typar møter enn det som går fram av forskrifta. Det vil seie at dersom det er eit møte mellom for eksempel psykolog og arbeidsgivar kan det ikkje krevjast takst 33 for dette møtet, då det ikkje er eit samarbeidsmøte med anna helse- og/eller sosialfaglig personell som ledd i eit behandlingsopplegg om pasienten. Taksten kan heller ikkje krevjast for møter gjennomført av hjelpepersonell. Taksten kan heller ikkje nyttast ved møter mellom fleire psykologar internt i ein praksis.

Takstgruppe E - undersøking eller behandling i pasientens heim - reisetillegg (51-52b)

Takstane 51, 52a–b er takstar for undersøking eller behandling heime med pasienten og reisetillegg. Berekningsgrunnlaget for reisetillegget er talet på tilbakelagte kilometer. Ved berekning av veglengda rundast samla tal på kilometer ved fram- og tilbakereise til næraste tal på heile kilometer.

Ved sjukebesøk i ein avstand (tur) som er mindre enn 1 kilometer frå psykologen sitt kontor (bustad) ytast det ikkje reisetillegg sjølv om framkomstmiddel er nytta.

L-takstar

NAV har finansieringsansvaret for L-takstane. For at desse skal verte belasta NAV og ikkje Helfo, må du skrive L-takstane på eigne rekningar, og ikkje på same rekning som dei andre undersøkings- og behandlingstakstane.​

Behandling av pasientar innsette i fengsel

Helfo dekker ikkje behandling av innsette i fengsel. Helsetenester til innsette i fengsel skal finansierast av kommuna eller av helseforetaket.

Les meir om dette i § 1i rundskrivet og i kapittel 5.2 i Helsedirektoratet sin rettleiar «Helse- og omsorgstenester til innsatte i fengsel».

Du finn meir informasjon i rundskrivet.

 

​Fant du det du lette etter?