Logo for print

​Det er eit vilkår for refusjon frå Helfo at undersøkinga ved laboratorieverksemder er rekvirert av lege, tannlege eller jordmor.

For å få refusjon frå Helfo for undersøking ved røntgenverksemder må undersøkinga vere rekvirert av lege, tannlege, kiropraktor eller manuellterapeut.

Fritak for å betale eigendel

Ein del pasientar er fritekne frå å betale eigendel om dei på konsultasjonstidspunktet kjem inn under ein av kategoriane som har eigendelsfritak. Desse pasientane får då refusjon etter honorartakstane, det vil seie at dei slepp å betale eigendel. Desse fritaksgrunnane er

  • pasientar som har frikort for eigendelstak 1
  • kontrollundersøking under svangerskap, ved fødsel og ved behandling for sjukdom i samband med svangerskap og fødsel, og for ei undersøking etter fødselen
  • ved behandling av skade eller sjukdom som går inn under folketrygdlova kapittel 13, jamfør lova § 5-25 (stønad ved yrkesskade), og under lovene om krigspensjonering. For militærpersonar er det likevel eit vilkår at legehjelpa ikkje vert gitt av militærlege
  • ved behandling av eit medlem som er innsett i fengselsvesenet sine anstaltar, dersom legehjelpa vert gitt ved anna personell enn det som er knytt til fengselshelsetenesta
  • ved behandling der pasientens tilstand på konsultasjonstidspunktet er til hinder for at legen kan krevje inn eigendelen, for eksempel ved alvorlige sinnslidingar, behandling etter pasient- og brukarrettighetslova ka​pittel 4a, akutte større skader, bevisstlausheit og dødsfall
  • ved psykoterapeutisk behandling av barn og ungdom under 18 år (gjeld spesialisthelsetenesta)
  • ved behandling av barn under 16 år
  • ved undersøking, behandling og kontroll for allmennfarlige smittsame sjukdomar. Sjå liste i Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling i private medisinske laboratorie- og røntgeninstitutt om kva som kjem inn under allmennfarlige smittsame sjukdomar.

Takstar for private laboratorium

Takstar for private medisinske laboratorieverksemder er delt inn i:

  • Alminnelige undersøkingar
  • Enkel undersøking
  • Enkle kvantitative og meir tidkrevjande kvantitative undersøkingar
  • Meir krevjande kvantitative undersøkingar
  • Tid- eller spesielt kompetansekrevjande undersøkingar
  • Tørrkjemiske analyser (reflektometrisk eller fotometrisk avlesing)
  • Klinisk nevrofysiologi
  • Immunhematologi
  • Medisinsk mikrobiologi
  • Patologi (takstane innan patologi kan krevjast også for prøver og undersøkingar utført av odontolog som har spesialistkompetanse innan oral patologi)
  • Medisinsk genetikk
  • Klinisk kjemi og endokrinologi
  • Enkle kvantitative analyser
  • Meir tidkrevande kvantitative analyser
  • Kompliserte og meir ressurskrevande analyser
  • Særdeles kostbare, kompliserte analyser og tidkrevande funksjonsundersøkingar
  • Analyser utført samtidig i ei prøve med ei automatisk analysemaskin (takstane kan nyttast når laboratoriet tilbyr analysepakkar (definerte kombinasjonar av analyser som utførast i same prøve med eitt analyseinstrument)
  • Immunologi
  • Undersøking av leymfocytter frå perifert blod
  • Undersøking på L.E.-celler
  • Seriologisk allergiundersøking (takstane forutsetter rekvirering på eige skjema og utført ved laboratorie med nødvendig allergologisk ekspertise)
  • Prøver av fagocytose og kjemotakse
  • Seriologisk typebestemmelse av vevsforlikelighetsantigener
  • Prøver på fagocytose og kjemotakse
  • Andre undersøkingar

Takstar for private røntgenverksemnder

Hovedregelen er at det til eikvar poliklinisk diagnostisk prosedyre eller intervensjon er knytta ein og berre ein unik refusjonssats (kronebeløp). Dei prosedyrene det kan krevjast refusjon for inngår i kodeverket «Norsk klassifikasjon av radiologiske prosedyrer» (NCRP). Der framgår det også hvilken refusjonskategori dei enkelte prosedyrene er plasserte i.

NCRP består av drøyt 800 prosedyrekoder. Av disse representerer ca. 400 diagnostiske prosedyrer, ca. 340 radiologiske intervensjoner og ca. 80 nukleærmedisinske prosedyrer.

En radiologisk prosedyre skal beskrives med ei prosedyrekode, men den kan supplerast med ei eller fleire tilleggskoder for ei utdjupande beskriving av undersøkinga/prosedyra.

Eit gyldig refusjonskrav må minst innehalde ei kode enten for diagnostisk undersøking eller ein intervensjon, jfr. merknad B1 i forskrifta.

Refusjonar for private røntgenverksemder er delt inn i:

  • Refusjonskategoriar og satsar radiologi
  • Refusjonskategioriar og satsar for nuklearmedisin unntatt PET
  • Refusjonssatsar for PET-undersøkingar
  • Takst 899a er tillegg for undersøking/behandling av pasient fra helseregion der det regionale helseføretaket har avtale med instituttet