Logo for print

Inntekta til legen kjem i hovudsak frå tre kjelder

  • eigendelar frå pasienten
  • refusjon frå Helfo
  • basistilskot/per capitatilskot/driftstilskot

For legevaktslegar vil det vere punkt 1 og 2 som gir inntekta.

Kva takstar du kan kreve refusjon for går fram av «Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøking og behandling hos lege» (takstforkrifta/normaltariffen). Du pliktar å sette deg inn i takstforskrifta/normaltariffen og bruke takstane etter gjeldande regelverk.

Forskrifta fortel kva takstar du kan nytte ved dei ulike kontaktformene, prosedyrane og prøvene som vert gjort. Den fortel og kva takstar som kan kombinerast og om det er knytt visse vilkår til bruken av taksten.

Det vil ikkje finnast takstar for alle typar undersøkingar og behandlingar som vert utført av legen. Då tillèt ikkje forskrifta at andre takstar kan nyttast.

Takstsystemet er organisert i ulike kapittel, og med fleire takstar innanfor kvart av kapitla.

A. Enkle pasientkontaktar

B. Konsultasjonar og sjukebesøk

C. Reisetillegg, følgje av pasient og skyssgodtgjersle

D. Kvelds-, natt- og helgedagstillegg

E. Prosedyretakstar

F. Laboratorieundersøkingar og prøver

G. Radiologi

Honoraret for kvar takst er delt opp i ein eigendel og refusjonsdel.  I forskrifta står det i kvar takst informasjon om dette er ein takst som kan repeterast, og om den eventuelt kan repeterast fleire gongar om prosedyren vert gjort fleire gongar i løpet av same konsultasjon.

I omtala av dei fleste takstar er det og vist til ein eller fleire merknadar. Desse merknadane gir utfyllande informasjon om taksten.

Informasjon om blå og hvit resept, individuell stønad og andre stønadsområder

På sidene «På vegne av pasienten» finner du mer informasjon om ordningene med individuell stønadblå resept, hvit resept og infertilitetsbehandling, refusjon av utgifter til spesialisthelsetjenester i andre EU/EØS-land, yrkesskade og andre stønadsområder.

Fritak for å betale eigendel

Ein del pasientar er fritekne frå å betale eigendel om dei på konsultasjonstidspunktet kjem inn under ein av kategoriane som har eigendelsfritak. Desse pasientane får då refusjon etter honorartakstane, det vil seie at dei slepp å betale eigendel. Desse fritaksgrunnane er

1. pasientar som har frikort for eigendelstak 1

2. kontrollundersøking under svangerskap, ved fødsel og ved behandling for sjukdom i samband med svangerskap og fødsel, og for ei undersøking etter fødselen.

3. ved behandling av skade eller sjukdom som går inn under folketrygdlova kapittel 13, jamfør lova § 5-25 (stønad ved yrkesskade), og under lovene om krigspensjonering.  For militærpersonar er det likevel eit vilkår at legehjelpa ikkje vert gitt av militærlege.

4. ved behandling av eit medlem som er innsett i fengselsvesenet sine anstaltar, dersom legehjelpa vert gitt ved anna personell enn det som er knytt til fengselshelsetenesta.

5. ved behandling der pasientens tilstand på konsultasjonstidspunktet er til hinder for at legen kan kreve inn eigendelen, for eksempel ved alvorlige sinnslidingar, behandling etter pasient- og brukarrettighetslova kapittel 4a , akutte større skader, bevisstlausheit og dødsfall.

6. ved psykoterapeutisk behandling av barn og ungdom under 18 år (gjeld spesialisthelsetenesta)

7. ved behandling av barn under 16 år

8. ved undersøking, behandling og kontroll for allmennfarlige smittsame sjukdomar. Sjå liste i takstforskrift/normaltariff (gjeld frå 1. juli 2017) om kva som kjem inn under allmennfarlige smittsame sjukdomar.

9. ved første legeundersøking for personar som søker akutt hjelp etter å ha vore utsett for vold i nære relasjonar og/eller seksuelle overgrep.

Dokumentasjon av refusjonskrav

Som lege skal du setje deg godt inn i krava til dokumentasjon. Les meir om dokumentasjonskrav til helsepersonell her.

Ved risikobaserte etterkontrollar ser Helfo at dokumentasjon på utført behandling ofte kan være mangelfull. Ved å klikke på lenkene under kan du sjå nokre eksempel på takstar der dokumentasjonen ofte har vore mangelfull i kontrollsaker.                              

Korrekt bruk av kveldstakstar

Kveldstakstar kan du bare krevje i heilt spesielle tilfelle. Som hovudregel skal du som lege alltid nytte dagtakstar når du gjev konsultasjonar eller er på sjukebesøk i din praksis, også når desse skjer etter klokka 16. Det same gjeld takstar for enkel pasientkontakt.

Du kan ikkje krevje kveldstakst

  • dersom du sjølv vel å halde kontoret ope på ettermiddag/ kveldstid
  • eller dersom du utvidar di arbeidstid utover ettermiddagen, enten det gjeld konsultasjonar eller rådgjeving ut mot pasientane

I merknad D1 i takstforskrifta/normaltariffen går det fram at det kan krevjast kveldstakstar i fylgjande tilfelle:

  • ved kommunalt organisert legevakt
  • ved konsultasjonar/sjukebesøk som gjeld helsehjelp som ikkje kan vente (øyeblikkelig hjelp). Det vil seie tilfelle som av medisinske grunnar ikkje kan utsettast til neste dag, og som legen ikkje kan ta i si ordinære arbeidstid.

I tillegg til tilfella som er nemnt over, er det ein føresetnad for å kunne krevje kveldstakstar at konsultasjonen/sjukebesøket finn stad innanfor fylgjande tidsperiodar

  • mellom klokka 16.00 og 08.00 (ved reise: Når reisa startar før klokka 07.00)
  • dagen før søndag og helgedagar til klokka 08.00 fylgjande arbeidsdag
  • offentlege høgtidsdagar

Dersom det er behov for planlagde sjukebesøk til eigne, kronisk, alvorleg sjuke pasientar, kan du som er fastlege likevel nytte takst 11ak dersom sjukebesøket skjer etter klokka 16. Takst 11e nyttast i tillegg til 11ak.

Dersom legekontoret er stengt på dagar før helg- og høgtidsdagar, kan kvelds-/helgetakstar i utgangpunktet nyttast heile dagen på kommunalt organisert legevakt. Dersom legekontoret er stengt eller legevakta startar tidlegare enn vanleg, kan takstane krevjast frå det klokkeslettet som legevakta startar desse dagane.

Eit eksempel: Legekontoret har vanleg opningstid fram til klokka 12.00 den 24. desember (julekvelden) og 31. desember (nyårskvelden). Kvelds-/helgetakstar vil då kunne nyttast frå klokka 12.00 på kommunalt organisert legevakt.

Dersom legekontoret har stengt desse dagane, og lege berre er tilgjengeleg på kommunalt organisert legevakt, kan legen på legevakta krevje kvelds-/helgetakst heile dagen. Det same gjeld for andre dagar før helgedagar, for eksempel onsdag før skjærtorsdag.

Følgjande dagar blir rekna som helgedagar:

  • Vanlege søndagar
  • 1. nyttårsdag
  • Skjærtorsdag
  • Langfredag
  • 2. påskedag
  • Kristi himmelfartsdag
  • 2. pinsedag
  • 2. juledag

Offentlege høgtidsdagar som det kan krevjast kvelds-/helgetakstar for ved kommunalt organisert legevakt:

  • 1. mai
  • 17. mai

Takstar for legeerklæringar

Legeerklæringar i samband med sjukdom vert i hovudsak bestilt av NAV, og det er NAV som honorerer deg for dette arbeidet.

Det er også NAV som honorerer di deltaking som lege  i dialogmøter. For deg som har avtale om direkte oppgjer med Helfo, betalar Helfo på vegne av NAV ut refusjon for desse erklæringane og dialogmøta, og du sender desse rekningane i same krav som takstar for pasientbehandling. Desse takstane blir som regel kalla L-takstane (Vedlegg 1 til § 21-4).

Diagnosar

Rekningar du sender til Helfo, må innehalde minst ei diagnose. Du skal då primært kode ei sjukdomsdiagnose (nummer 70-99) på rekninga. Dersom det ut i frå klinisk vurdering ikkje er mulig å stille sjukdomsdiagnose, skal du sekundært bruke ei symptomdiagnose (1-29).

På rekninga må du kode dei sjukdommar/symptom/plager som er grunnlaget for takstbruken. Hovuddiagnosen skal stå først.
Legar innanfor primærhelsetenesta skal bruke kodeverk ICPC-2, medan legar i  spesialisthelsetenesta skal bruke kodeverket ICD-10.

Ofte brukte takstar for legar

Helfo får ofte spørsmål om bruk av takstar, og vi vil derfor kort informere om nokre av desse takstane.

Takst 1be

Takst 1be er takst for enkel pasientkontakt, førespurnad, rådgjeving ved elektronisk kommunikasjon på sikkerheitsnivå 4. Med sikkerheitsnivå 4 meiner ein at pasienten å vere logga inn med sikker identifikasjon for å kunne sende melding til legen (BankID, MinID eller liknande). Legen må ha same sikkerheitsnivå for kommunikasjon i sitt pasientjournalsystem.

Takst 1be krevjast framfor takst 1bd der kommunikasjonen går på e-post via sikker kommunikasjon. Vanleg e-post som ikkje går via sikkerheitsnivå 4 vil ikkje vere godkjent for å sende medisinske opplysningar til pasient, og/eller å krevje takst. Taksten kan heller ikkje krevjast for å kommunisere med pasienten via SMS.

Ein føresetnad for å krevje takst 1be er at det går føre seg rådgjeving, og taksten kan ikkje krevjast der legen informerer om prøveresultat utan samtidig rådgjeving. Vilkåra i merknad A1 i takstforskrifta/ normaltariffen gjeld for takst 1be på same måte som for kontakt via telefon/brev. Takst 1be kan ikkje krevjast i kombinasjon med andre takstar. Der vilkåra for utløysing av taksten er oppfylt, kan alle legar krevje takst for å kommunisere med pasienten elektronisk, også turnuslegar.

Takst 1i

er ein kontakttakst for utskriving av e-resept når dette skjer utanfor konsultasjonssamanheng, for eksempel når ein pasient ringer eller møter opp på legekontoret.

Du skal berre bruke ein kontakttakst sjølv om pasienten får ordna fleire ting i same kontakt. Du finn meir informasjon om kva kontakttakst som skal nyttast i takstforskrifta/normaltariffen, inkludert merknad A1.

Her er nokre eksempel på rett bruk av takst 1i:

  • Dersom pasienten ringer og berre skal ha resept – og snakkar med lege eller hjelpepersonell, skal takst 1i brukast.
  • Dersom dette skjer i fastlegepraksisen – og pasienten samstundes får rådgjeving – kan takst 1bd brukast framfor takst 1i.
  • Dersom pasienten ringer til legevakt, og bestiller resept og samstundes får rådgjeving, skal takst 1i brukast.
  • Dersom pasienten både får e-resept og tilvising (henvisning) til fysioterapi, skal enten takst 1i eller takst 1h brukast.
  • Dersom pasienten er på laboratoriet for å ta ei prøve utan å ha konsultasjon hos lege, og samtidig får utskrive ein resept vil det vere takst 1i som skal utløysast.

Dersom ein pasient er til konsultasjon hos legen, vil utskriving av reseptar vere inkludert i konsultasjonstaksten - også om reseptfornyinga gjeld andre medisinar enn det konsultasjonen gjeld. Dersom hjelpepersonell skriv ut resepten i etterkant av konsultasjonen, vil arbeidet med reseptskriving høyre inn under konsultasjonstaksten. Derfor kan ikkje takst 1i for skriving av resept utløyast i lag med konsultasjonstakst.

Dersom pasienten seinare på dagen tek kontakt med legekontoret, og ber om fornying av reseptar, vil det vere å sjå på som ei ny kontakt. Då kan takst 1i utløysast for denne nye kontakten.

Takst 1h

skal nyttast for utfylling av sjukemeldingsblankett (NAV 08-07.04) når pasienten er forhindra frå å søke lege, og/eller tilvising (henvisning) til røntgen, fysioterapi eller spesialist.

Taksten er uttømmande og kan ikkje brukast ved utskriving av andre typar rekvisisjonar og blankettar enn det som går fram av teksten til taksten.

Takst 1f

er takst for telefonsamtale eller skriftlig kommunikasjon om enkeltpasientar med dei instansane som er nemnde i forskrifta:

  • Fysioterapeut
  • Kiropraktor
  • Kommunal helse- og omsorgsteneste (pleie- og omsorgsteneste, helsestasjon og skulehelseteneste)
  • NAV Sosiale tenester og bedriftshelseteneste
  • Farmasøyt på apotek
  • Pedagogisk personell i psykiatritenester, skule og barnehage

Taksten kan ikkje brukast ved kontakt med andre instansar enn desse. Til dømes kan ikkje taksten krevjast ved kommunikasjon med politi, lege eller spesialisthelsetenesta.

Takst 1f kan nyttast i staden for takst 1i når heimesjukepleie er ”mellommann”  enten per telefon eller ved skriftlig kommunikasjon i samband med fornying av reseptar og rekvisisjonar på vegne av pasientane.

Eksempel: Det går fram av journal at det har vore skrive ut ein resept.  I utgangspunktet vil det då vere takst 1i som skal nyttast.  Dersom det er heimesjukepleie som er mellomledd mellom lege og pasient ved bestilling av resept,  kan takst 1f krevjast framfor 1i. Det må då gå fram av journalen at legen har hatt kommunikasjon med heimesjukepleien.

Takst 1g

er takst for enkel pasientkontakt, førespurnad og rådgiving over telefon mellom kl. 23 og 08. Taksten kan berre nyttast ved direkte kontakt med pasient eller pårørande, og kan ikkje nyttast ved kontakt med eksempelvis AMK, ambulanse eller liknande. Taksten kan berre nyttast under legevakt i vaktdistrikt utan tilstadevakt.

Takst 2ad

er takst for konsultasjon, og er sjølve basistaksten i den allmennpraktiserande legen sin praksis. Takst for konsultasjon kan berre utløysast av lege, og kan aldri utløysast for arbeid utført av hjelpepersonell. Taksten set som vilkår at det foregår ei undersøking og/eller samtale under fire auge, og kan ikkje nyttast for samtalar med pasienten på venterom, laboratorium eller liknande og som kan overhøyrast av andre.

Konsultasjonstaksten inkluderer ein del enkle prosedyrar som intramuskulære injeksjonar, fjerning av overflatiske framandlekamar i hud og slimhinne, rensing av små sår og fjerning av sting, samt skriving av resept. Fullstendig oversikt over kva som er inkludert i konsultasjonstaksten kan du finne i merknad B1 i takstforskrifta/normaltariffen.

Takst 2ae

Takst 2ae er ein takst for e-konsultasjon hos fastlege. Det er ein føresetnad for e-konsultasjon at det er elektronisk kommunikasjon mellom pasienten og fastlegen/fastlegen sin vikar. Fastlegen/vikaren skal ha behandlingsansvar for pasienten, og e-konsultasjon kan berre brukast ved etablert sjukdom/liding hos pasienten. Turnuslege kan ikkje krevje takst 2ae. Kommunikasjonen mellom lege og pasient MÅ skje på sikkerheitsnivå 4 . Det vil seie at pasienten må vere logga inn med sikker identifikasjon (BankID, MinID eller liknande). Legen må ha same sikkerheitsnivå for kommunikasjon i sitt pasientjournalsystem.

Du som lege må gjere ei sjølvstendig vurdering av om informasjonen du har motteke frå pasienten er god nok for å kunne gje forsvarleg helsehjelp. Dersom du er i tvil om informasjonen som er motteken frå pasienten er god nok for å kunne yte forsvarlig helsehjelp, må du be pasienten bestille ordinær time, framfor ein e-konsultasjon. I desse tilfella kan det ikkje krevjast takst for e-konsultasjon. Der det vert gjort ein e-konsultasjon som oppfyller vilkåra for taksten, og pasienten likevel vert beden om å bestille seg ein time, kan det krevjast takst for både e-konsultasjon og vanlig konsultasjon, så framt begge konsultasjonane ikkje skjer på same dag. Pasienten må då få beskjed om at han vert belasta for eigendel også for e-konsultasjonen.

I tilfelle der du som er lege finn det naudsynt å skrive ut resept eller tilvising (henvisning) med bakgrunn i ein e-konsultasjon, vil arbeidet med dette vere inkludert i takst 2ae. Du kan ikkje krevjast takst 1i eller 1h for dette arbeidet i tillegg.

Takst 2ae kan krevjast dersom det vert ytt forsvarlig helsehjelp som er journalverdig, og pasienten får medisinsk grunngjeve svar. Ein e-konsultasjon skal svarast opp innan 5 arbeidsdagar.

Dersom du er spesialist i allmennmedisin, kan du i tillegg krevje takst 2dd. E-konsultasjon kan derimot ikkje kombinerast med tidstakstar, laboratorieprøver eller prosedyretakstar.

Takst 2cd

er tillegg for tidsbruk ved konsultasjonsvarighet utover 20 minutt. Taksten kan repeterast per påbyrja 15 minutt. Taksten kan brukast for den tida du som lege har direkte kontakt med pasienten og gjer undersøking eller behandling.

Det er varigheita på konsultasjonen som er avgjerande for om tidstillegg kan krevjast. Det må vere medisinsk nødvendig at behandlinga tek så lang tid, og ikkje berre at legen til dømes har «god» tid til å behandle pasienten. Dette følgjer av folketrygdlova sitt krav om nødvendigheit og helsepersonellova sitt krav til sparsemd.

Sidan taksten gjeld tillegg for konsultasjonstaksten 2ad, må bruken sjåast i samanheng med vilkåra for medisinsk innhald i konsultasjonen. Merknad B1 i takstforskrifta seier at konsultasjonen skal innehalde ei medisinsk vurdering/samtale, og det skal vere direkte kontakt mellom lege og pasient. Undersøking og /eller behandling av pasienten er dermed også ein føresetnad for at tidstillegget takst 2c kan nyttast. Merknad B1 seier også at taksten ikkje kan krevjast for arbeid utført av helsepersonell aleine.

Tidstillegg kan ikkje krevjast for eventuelt for- eller etterarbeid som vert gjort når pasienten ikkje er til stades, eksempelvis ved etterarbeid på kveldstid. Dersom konsultasjonen blir avbroten av telefon eller anna, skal tid for dette trekkast frå. Tidstillegg kan heller ikkje krevjast for tid der pasienten er til observasjon utan at det skjer samtidig undersøking/behandling.

Takst 2fk

er takst som berre kan nyttast på kommunalt organisert legevakt når framkomstmiddel er nytta.  Taksten gjeld for utrykning frå heim til kontor til første pasient under ei utrykning på legevakt.  Taksten kan nyttast fleire gonger i løpet av ein vaktperiode dersom legen må reise fram og tilbake mellom heim og kontor, men du bør så langt det er råd forsøke å samle opp flere pasientar for kvar utrykning til legekontoret. Legar som har tilstadevakt kan ikkje utløyse takst 2fk for første pasient når legevakta startar.

Takst 10 og merknad B5

Når ikkje anna er nemnt i taksten vil det i dei ulike prosedyretakstane vere medrekna utgifter til desinfeksjonsmiddel og alminnelig eingongsustyr i samband med dette. I tillegg kan legen krevje betaling frå pasientane for å dekke utgifter etter takstane 10a-d.

Takst 10a-d kan berre krevjast ved dei prosedyrane som står opplista i takstane i forskrifta. Det vil seie at dersom det for eksempel vert teke eit EKG er det takst 10b som skal nyttast, ikkje nokon av dei andre 10 takstane.  Dersom prosedyren som vert gjort ikkje står opplista under 10-takstane kan det ikkje krevjast takst for forbruksmateriell for prosedyren som vert utført.

10-takstane kan repeterast dersom det er fleire ulike inngrep/prosedyrar som er gjort i løpet av same konsultasjon.  Vert det for eksempel gjort både spirometri og EKG i same konsultasjon kan takst 10b krevjast for kvar prosedyre, altså 10b x 2.

Merknad B5 seier at pasienten også kan belastast for utgifter til materiell eller legemiddel som ikkje vert dekt av 10-takstane, for eksempel gips, spiral, kateter, vaksiner, legemiddel, ortoser og liknande. Det er berre medikament,vaksiner og eingongsutstyr som ikkje naturlig høyrer til i undersøkings- og behandlingstakstane det kan krevjast betaling for. 

For eksempel vil ein pasient som får ein injeksjon med kortikosteroid  i leddet, kunne belastast kostnaden for legemiddelet.  Kostnaden skal då vere så nær som mulig den faktiske kostnaden legen/legekontoret har hatt for å skaffe seg legemiddelet sjølv.

Alminnelig forbruksmateriell som sprøyter, gummihanskar, klutar og liknande som høyrer til den grunnleggande drifta av eit legekontor kan ikkje legen krevje betaling for av pasienten.

Ein lege med avtale med kommune eller RHF må forholde seg til dei eigendelane og det regelverket som er fastsett i takstforskrifta. Dette går fram både av forskrift og av rammeavtale (ASA4310). Legen kan difor ikkje belaste pasienten med eigenbetaling for å kompensere for dyrt innkjøpt utstyr som ikkje har eigen takst eller der taksten ikkje dekker kostnaden med prosedyren.

Takst 14

er takst for møtegodtgjersle med reisetid når legen deltar i tverrfaglege samarbeidsmøter med anna helse- og/eller sosialfagleg personell som ledd i behandlingsopplegg for enkeltpasientar.  Taksten kan repeterast per halvtime og skal skrivast for samla møtetid, ikkje for kvar pasient som blir diskutert på møtet. Taksten kan ikkje nyttast der det foregår behandling av pasienten.

Eksempel: Du har eit møte med psykiater ved psykiatrisk poliklinikk der behandlingsopplegg for nokre av dine pasientar blir diskutert. Møtet blir halde på poliklinikken, og det er poliklinikken som skriv referat frå møtet.  Du krev takst 14 for den tida møtet har vart, inkludert reisetid til og frå poliklinikken.  Sjølv om det er felles referat frå møtet, må du ved ein eventuell kontroll kunne dokumentere kven av dine pasientar som har vore diskutert på møtet og kva resultatet av møtet/oppfølginga vart.  Du bør derfor dokumentere dette i journalnotat til kvar av pasientane. I tillegg må referat frå møtet kunne finnast att i journalen til kvar av pasientane.

Takst 21

er takst for reisetillegg ved bil, tog, båt eller anna skyssmiddel, under dette også til fots. Takst 21d kan repeterast per påbegynt halvtime.  Takst 21k kan repeterast per påbegynt halvtime, inntil 60 minutt (21kx2).  Ved reise utover 60 minutt på kveld/legevakt nyttast takst 21k2 per påbegynt 15 minutt utover første 60 minutt. Det er ein føresetnad for bruk av takstane at avstanden er meir enn 1 km ein veg. Taksten skal nyttast for samla reisetid og ikkje per reise.  Der fleire pasientar blir tilsett på same besøksrunde, skal du  skrive samla reisetid på ein av pasientane.

Takst 100

er takst for mindre kirurgiske prosedyrar som nemnt  i teksten under takst 100. Taksten kan brukast ved skifting av store sår, men ordinær sårbehandling/skifte av sår kan ikkje utløyse takst 100, då dette inngår i konsultasjonstaksten, jf. merknad B1. Takst 100 kan ikkje nyttast ved blodprøver på barn, dersom det ikkje er foretatt venepunksjon og kapillær blodprøvetaking med minst 0,5 ml blod.  Taksten er uttømmande og kan ikkje nyttast for andre prosedyrar enn dei som er nemnde i forskrifta. 

Takst 105

er takst for større kirurgiske prosedyrar som nemnt i teksten på takst 105. For sår som treng sutur er det takst 100 som skal nyttast uavhengig av størrelse på såret. Der såret før sutur må behandlast med eksisjon av sårrand, kan takst 105 nyttast. Også denne taksten er uttømmande og kan ikkje nyttast for andre kirurgiske prosedyrar enn dei som står nemnt i forskriftene. 

Takst 615

kan krevjast ved samtaleterapi ved allmennlege med pasientar med psykiske lidingar.  Det er eit vilkår for å kreve taksten at pasienten har ei psykisk liding, og at samtaleterapien har ei varigheit på minst 15 minutt. Hensikta med takst 615 er å honorere førstelinetenesta si oppfølging av psykiatriske pasientar. Det må være årsakssamanheng mellom pasienten sin psykiske liding og samtalen. Samtalen skal journalførast, og indikasjonen for terapien, innhaldet og effekten skal gå fram av journalen.

Takst 612a

kan krevjast ved nødvendig samtale (utover det som naturleg høyrer inn i ein konsultasjon) med pårørande/føresette til pasient med psykiatrisk eller nevrologisk sjukdom, kronisk alvorleg sjukdom, terminal sjukdom eller rusmiddelproblem, eller pårørande/føresette til barn med psykisk utviklingshemming. I tillegg kan taksten krevjast ved nødvendig samtale med pårørande ved alvorleg sjukdom som eksempelvis er nemnt i forskrifta/normaltariffen.  Vilkåret er at samtalen er nødvendig. Det forutsettast at det foregår ein samtale mellom lege og pårørande som er nødvendig for diagnose og behandling. Samtalen må i innhald knytte seg til pasienten sin helsetilstand og det forutsettast at ein samtale som dette nødvendigvis må være av ei viss varigheit.

Dersom pårørande/føresette oppsøker legen med eigne problemstillingar, skal det registrerast som eigen konsultasjon.  Dette gjeld også der sjukdommen er relatert til sjukdom hos pasienten. Grunnlaget for bruk av taksten må gå fram av diagnose og journalnotat.
Taksten kan nyttast ved nødvendig samtale med pårørande per telefon.

Eksempel: Ein eldre pasient blir følgt til konsultasjon av dottera si. Pasienten har demens, og dottera vert med inn til konsultasjonen for at ho skal få med seg eventuelle viktige opplysningar. Under konsultasjonen kjem dottera med supplerande opplysningar til legen. Dette åleine vil ikkje gje rett til bruk av takst 612, då dette er ein del av sjølve konsultasjonen. Etter at konsultasjonen er avslutta, ser legen at det er viktig at dottera får ein del nødvendige opplysningar for å kunne hjelpe pasienten i det daglige. Denne samtalen tar 10 minutt i etterkant av konsultasjonen. Legen dokumenterer då i journal at det i tillegg til konsultasjonen har føregått ei nødvendig samtale med pårørande, samt hovudpunkta på kva denne samtalen har gått ut på. Legen kan då bruke takst 612a.

Takst 612b

kan brukast ved nødvendig samtale (utover det som naturleg høyrer inn i ein konsultasjon) med foreldre/føresette ved pediatriske (yngre enn 18 år) problemstillingar knytta til skoleproblem, mobbing, åtferdsvanskar, innvandrar/flyktningfamilie, søvnproblem, enurese/enkoprese, atopiske sykdommar, sjukleg overvekt og anoreksi. Vilkåret er at samtalen er nødvendig. Det forutsettast at det foregår ein samtale mellom lege og pårørande som er nødvendig for diagnose og behandling. Samtalen må i innhald knytte seg til pasienten sin helsetilstand, og det blir gått ut frå at ein samtale som dette oftast må vere av en viss varigheit. 

Dersom pårørande/føresette oppsøker legen med eigne problemstillingar, skal det registrerast som eigen konsultasjon.  Dette gjeld også der sjukdommen er relatert til sjukdom hos pasienten. Grunnlaget for takstbruken må framgå av diagnose og journalnotat.
Taksten kan nyttast ved nødvendig samtale med pårørande per telefon.

Takst 701a

kan brukast der det blir tatt laboratorieprøver som blir analysert på legen sitt kontor, eller som blir sendt til eksternt laboratorium for analyse.  Ved analyse på ditt kontor kan taksten berre krevjast i tillegg for prøver som har eigen refusjonstakst (703-712), og kan ikkje krevjast ved analyse av for eksempel HB og SR.  Takst 701a gjeld både for analyse på legen sitt kontor og for første innsending av prøver til eksternt laboratorium. 

Takst 701c

gjeld for innsending av prøver til eksternt laboratorium utover den første sendeprøva.  Takst 701c kan likevel ikkje krevjast der fleire prøver av same materiale samtidig blir sendt til same laboratorium.

Takst 706f

er ein takst som kan krevjast der det er medisinsk indikasjon på å få svar på trombocyttar, MCV eller gjere differensialtelling, og denne analysen vert gjort ved bruk av celletellar på legens kontor.

Ein celletellar vert brukt til å telle blodceller, og gir svar på langt fleire analyser enn det kan krevjast takst for. Om ein brukar celletelleren for å få svar på kvite eller raude celler og automatisk også får svar på trombocyttar, MCV og differensialtelling, kan det ikkje krevjast refusjon for 706f dersom det ikkje er medisinsk nødvendig å ta trombocyttar, MCV eller differensialtelling på denne pasienten.

Trombocyttar, MCV eller differensialtelling vil i hovudsak verte gjort ved utredning og kontroll av anemiar, kontroll ved bruk av særskilde medikament, ved mistanke om maligne blodsjukdomar og blødningstilstandar. Differensialtelling kan også i enkelte tilfelle vere nyttig ved mistanke om behandlingstrengande infeksjonssjukdomar. Behovet for differensialtelling hos uklare infeksjonssjukdommar må vere medisinsk grunna.

Helfo sitt rådgivande takstutval (TU) har på generelt grunnlag uttalt at det sjeldan vil vere behov for rutinemessig å ta prøver som har delvis overlappande årsaksforklaring slik tilfellet ofte er ved bruk av både CRP og hematologisk analyse. TU har også uttalt at CRP ofte vil vere den viktigaste prøva ved innledande utredning av infeksjonstilstandar, og i tilfelle der det er behov for vidare utredning kan hematologiske analyser vere indisert.

​Fant du det du lette etter?