Logo for print

Denne stønaden er regulert i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling for språk- og taledefekter hos logoped og audiopedagog.

​Det er kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar å gi tilbod om behandling hjå logoped- og audiopedagog til born, ungdom og vaksne som har rett til eit spesialpedagogisk tilbod. Helfo kan yte stønad til behandling hos logoped dersom det gjeld behandling ved sjukdom, skade eller lyte, dersom brukar ikkje kan få eit tilbod om behandling etter anna lovgiving.

Vilkår for refusjon

Formålet med refusjon frå Helfo er å kompensere for nødvendige utgifter til helsetenester ved mellom anna sjukdom, skade eller lyte. Dette følgjer av formålsføresegna i folketrygdlova § 5-1.

Du som logoped eller audiopedagog er ansvarleg for å vurdere om vilkåra i forskrift om dekning av logopedutgifter frå Helfo er oppfylt før behandlinga startar. Vilkåra for refusjon er også omtalt i § 1 i rundskrivet til forskrift om dekning av logopedutgifter.

Du må mellom anna vurdere om behandlinga er medisinsk nødvendig, og om behandlinga er av vesentleg verknad for sjukdomen og funksjonsevna til pasienten.  

Det er eit vilkår for stønad at lege har tilvist (henvist) pasienten til logopedisk eller audiopedagogisk undersøking og behandling. Legen må stadfeste at pasientens behov er eit ledd i behandling eller etterbehandling av sjukdom, skade eller lyte.

Før behandlinga startar, må det ligge føre erklæring frå spesialist eller spesialavdeling på sjukehus om at sjukdom er årsak til behandlingsbehovet. Kravet til spesialisterklæring kan fråvikast i særskilte tilfelle. Dette er omtalt i § 1 i rundskrivet til forskrift om dekning av logopedutgifter.

Helfo kan yte stønad til opptil 25 behandlingar, jf. § 4 i forskrifta med tilhøyrande vedlegg. Du som behandlar kan berre krevje refusjon for det tal behandlingar som er medisinsk nødvendig for pasienten. Pasienten må ha tilvising frå lege før behandlinga startar. Tilvisinga kan ikkje daterast tilbake.

Pasientar over 18 år

Tilvisingane for pasientar over 18 år skal ikkje godkjennast av Helfo før behandlinga startar. Ved ein eventuell kontroll må likevel desse tilvisingane  kunne dokumenterast. 

Dersom brukaren er over 18 år og har behov for meir enn 25 behandlingar, må du dokumentere at behovet for ytterlegare behandling er vurdert av både lege og deg som logoped eller audiopedagog. Dette følgjer av § 4 i rundskrivet til forskrift om dekning av logopedutgifter.

Logoped eller audiopedagog som sender oppgjer elektronisk via Norsk Helsenett eller på CD/minnebrikke, slepp å legge ved dokumentasjon for vaksne pasientar. Føresetnaden er at legens helsepersonellnummer, dato for legens vurdering og pasientens diagnose går fram av rekninga.

Pasientar under 18 år

Tilvisingar som gjeld barn under 18 år, skal godkjennast av Helfo før behandlinga startar.

Dersom barn under 18 år har behov for fleire enn 25 behandlingar, må du sende inn ein ny søknad til Helfo. Søknaden skal innehalde vurdering frå både lege og deg som logoped eller audiopedagog om behovet for ytterlegare behandling.

Dokumentasjon av refusjonskravet

Du som logoped eller audiopedagog er ikkje definert som helsepersonell etter helsepersonellova. Du er difor heller ikkje bunden av journalforskrifta, som presiserer form og innhald som skal registrerast ved ei behandling. Helfo vil likevel tilrå at du fører ein pasientjournal som samsvarer med journalforskrifta. Du bør også dokumentere alle behandlingar/konsultasjonar for kvar pasient. Ved ein kontroll av refusjonskravet krev Helfo dokumentasjon for den utførte behandlinga. Kva du skal dokumentere i refusjonskravet går fram av rundskrivet til forskrift om dekning av logopedutgifter.

Du bør setje av nødvendig tid til administrative oppgåver, slik at refusjonskravet blir korrekt og godt nok dokumentert.

Les meir i mønsteravtalen og i vedlegg til mønsteravtalen om korleis du skal sende inn og dokumentere krava.

Takstar for undersøking og behandling

Du kan bruke ulike takstar når du krev refusjon frå Helfo. 

  • Takst A1: undersøking 1 562 kroner
  • Takst A2: behandling i 45 min. 782 kroner
  • Takst A3: behandling i 60 min. 1 036 kroner
  • Takst A4a: behandling i gruppe på inntil 5 personar i 90 min. 1 508 kroner
  • Takst A4b: 16 kroner i tillegg per person i gruppa
  • Takst A5a: Møtegodtgjersle med reisetid når logopeden eller audiopedagogen deltek i planlagt samarbeidsmøte med anna helse- og sosialfaglig personell som ledd i et behandlings- eller rehabiliteringsopplegg for enkeltpasientar. Bereknes for arbeid i inntil ein halv time. Møtet skal vere dokumentert i journal. Taksten er 325 kroner.
  • Takst A5b: Tillegg for tidsbruk utover ein halv time: 325 kroner. Takstane A5a og A5b føreset et samarbeidsmøte med anna helse- og sosialfaglig personell, og kan ikkje brukast ved møter med pårørande, pedagogisk personell i skule eller barnehage og arbeidsgivar eller liknande.
  • Takst A6: 63 kroner for telefonsamtale / skriftlig kommunikasjon om enkeltpasient med fagpersoner i kommunal helse- og omsorgsteneste.

Hugs å sette deg inn i vedlegg i forskrifta og å bruke takstane etter gjeldande regelverk.

Heimebehandlingstillegg og reisetillegg blir dekka etter satsane i forskrifta dersom pasienten ikkje kan møte fram på behandlingsstaden på grunn av sin helsetilstand. Behovet for heimebehandling må vere bekrefta av lege. For behandling i pasienten sin heim kan det ytast eit tillegg til behandlingstakstane på 10 kroner. I tillegg til dette kan det ytast reisetillegg etter fastsette takstar.

​Fant du det du lette etter?