Logo for print

​Ordninga med direkte oppgjer er tillitsbasert, og det er ditt ansvar å sørgje for at refusjonskrava dine alltid er i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtale. Dette går også fram av mønsteravtale og kollektivavtale om direkte oppgjer.  

Helfo gjennomfører kontrollar av helseaktørar på fleire nivå. Kontrollane skal bidra til at refusjonen utbetalt frå Helfo er korrekt. Dette er med på å sikre at folketrygda sine midlar blir forvalta rett. Les meir om kontroll av refusjonskrav her.

Krav til dokumentasjon

Du bør setje av nødvendig tid til administrative oppgåver, slik at refusjonskravet blir korrekt og godt nok dokumentert. Du må dokumentere alle behandlingar/konsultasjonar for kvar pasient. Refusjonskravet dokumenterast på enklast og best vis i pasientjournal.  

Helfo vurderer det slik at du har dokumentert tilstrekkeleg dersom krava til pasientjournalforskifta §§ 7 og 8 er oppfylte. Sjå òg helsepersonellova §§ 39 og 40.

 

Les meir om dokumentasjon av takstar på sidene om regelverk og takstar for den enkelte helseaktør:

​Fant du det du lette etter?