Logo for print

Vedtaket gjev opplysningar om kva sjukehuset/poliklinikken har fått utbetalt i refusjon frå Helfo, og kva konto pengane har gått inn på.

Husk at de kan be om å få vedtak frå Helfo på e-post. Om de ikkje allereide får vedtak på epost eller ynskjer å endre epostadresse for mottak av utbetalingsvedtak, send då skriftleg informasjon til Helfo om dette.

Under viser eit eksempel på korleis eit utbetalingsvedtak for sjukehus/poliklinikk kan sjå ut.


 


Korrigering av avviste rekningar for sjukehus/poliklinikk

Utbetalingsvedtaket gjev også informasjon om det er nokon av rekningane de har sendt til Helfo som er avvist på grunn av feil. Her er nokre eksempel på vanlege feil:

  • bruk av takstar som ikkje kan kombinerast med andre takstar
  • bruk av takstar som Helfo ikkje refunderer
  • feil eller manglande klokkeslett på rekninga
  • manglande opplysningar på rekninga frå sjukehus/poliklinikk som gjer at Helfo sitt automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

Rekningar med slike feil må de korrigere og sende inn på nytt så raskt råd er.

Refusjonskravet vert likevel ikkje forelda før det har gått tre år frå dato på utbetalingsvedtaket.

Eksempel på avvisingsårsakar for sjukehus/poliklinikk

Avvisingsårsak

«Duplikatrekning: Rekninga er allereie innsendt som rekningsnummer xxx»

Forklaring:

Helfo sitt kontrollprogram avdekker at det er sett fram refusjonskrav for same pasient og same takst to gonger i løpet av ein kort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk. Dette kan enten skuldast at det ved ein feil er skreve rekning to gonger, eller at hjelpepersonell har skrive ei rekning og du ei anna for same behandling. Det kan også i nokre tilfelle skje at ein pasient har vore inne til eksempelvis konsultasjon for to ulike problemstillingar i løpet av kort tid same dag, men at ein har gløymt å endre diagnose og klokkeslett for når konsultasjonen fann stad.

​Fant du det du lette etter?