Logo for print

Husk at du kan be om å få vedtak frå Helfo på e-post. Sørg for å oppdatere e-postadressen din i Altinn.

Altinn for privatpraktiserende

Under ser du eit eksempel på korleis eit utbetalingsvedtak ser ut.


 


 


 

 

Korrigering av avviste rekningar for psykologer

Utbetalingsvedtaket gir også informasjon om nokre av rekningane du har sendt til Helfo som er avvist på grunn av feil. Her er nokre eksempler på vanlege feil:

  • bruk av takstar som er ulovlige i kombinasjon med andre takstar
  • ulovlege takstar
  • feil klokkeslett på rekninga
  • manglande opplysningar på rekningar som gjer at Helfo sitt automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

Rekningar med slike feil må du korrigere og sende inn på nytt. Du bør sende inn korrigerte rekningar så raskt som mogleg.

Refusjonskravet er likevel ikkje forelda før det har gått tre år frå dato på utbetalingsvedtaket.

Under ser du eksempel på avvisningsårsaker for psykologrekningar.

Avvisningsårsak: «Duplikatregning: Regningen er allerede innsendt som regningsnummer xxx»

Forklaring: Helfo sitt kontrollprogram avdekker at du har sett fram refusjonskrav for same pasient og same takst to gonger i løpet av einkort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk. Dette kan enten skuldast at du ved ein feil har skrive rekninga to gonger, eller at hjelpepersonell har skrive ei rekning og du ei anna for same behandling.

Det kan også i nokre tilfelle skje at du faktisk har hatt pasienten inne til eksempelvis konsultasjon for to ulike problemstillingar i løpet av kort tid same dag, men at du har gløymt å endre diagnose og klokkeslett for når konsultasjonen fann stad.

​Fant du det du lette etter?