Logo for print

I tillegg vil utbetalingsvedtaket gi ein del informasjon om takstbruken din, samt at du kan sjå korleis din takstbruk er i forhold til gjennomsnittet for legane.

Husk at du kan be om å få vedtak frå Helfo på e-post. Sørg for å oppdatere e-postadressen din/deres i Altinn.

Altinn for privatpraktiserende

Altinn for kommuner eller foretak

Under ser du eit eksempel på korleis eit utbetalingsvedtak ser ut.

 

 

Tabellen under viser antal rekningar der kvar enkelt takst er utløyst, totalt antal gongar taksten er utløyst, samt den prosentvise takstbruken i di innsending.

Tabellen viser også gjennomsnittleg takstbruk siste kvartal, gjennomsnittleg takstbruk på landsbasis siste kvartal, samt kor mange behandlarar som har utløyst taksten i same periode. Prosentvis bruk er utrekna på grunnlag av alle behandlarar som har utløyst taksten i same periode vedtaket gjeld for.

Informasjon i utbetalingsvedtaket bygger på data frå Helfo sitt automatiske utbetalings- og kontrollprogram.

Vi i Helfo er klar over at ulike forhold ved pasientsamansetjing og behandlaren sin kompetanse har konsekvensar for takstbruken. Vi understrekar difor at tabellen ikkje inneberer noko vurdering av om din takstbruk er i samsvar med gjeldande regelverk.

 

 

 

Korrigering av avviste rekningar for lege

Utbetalingsvedtaket gjev også informasjon om det er nokon av rekningane du har sendt til Helfo som er avvist på grunn av feil. Her er nokre eksempel på vanlege feil:

  • bruk av takstar som er ulovlege i kombinasjon med andre takstar
  • feil eller manglande klokkeslett på rekninga
  • manglande opplysningar på rekninga som gjer at Helfo sitt automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga kan godkjennast

Rekningar med slike feil må du korrigere og sendast inn snarast.

Refusjonskravet vert likevel ikkje forelda før det har gått tre år frå dato på utbetalingsvedtaket.

Under ser du nokre eksempel på avvisningar av rekningar:

Avvisningsårsak: «Duplikatregning: Regningen er allerede innsendt som regningsnummer xxx»

Forklaring: Helfo sitt kontrollprogram avdekker at du har sett fram refusjonskrav for same pasient og same takst to gonger i løpet av ein kort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk. Dette kan enten skuldast at du ved ein feil har skrive rekninga to gonger, eller at hjelpepersonell har skrive ei rekning og du ei anna for same behandling. Det kan også i nokre tilfelle skje at du faktisk har hatt pasienten inne til eksempelvis konsultasjon for to ulike problemstillingar i løpet av kort tid same dag, men at du har gløymt å endre diagnose og klokkeslett for når konsultasjonen fann stad.

Avvisningsårsak: «Takst 701c krever takst 701a»

Forklaring: Kontrollprogrammet finn at på den innsende rekninga er det kravd takst 701c. For at det skal vere rett å krevje takst 701c må også takst 701a ha vore kravd, då takst 701c er takst for sending av prøver for analyse på eksternt laboratorium, utover den første prøva som er omfatta av takst 701a.

Avvisningsårsak: «Enkeltregningen har ikke angitt takstkoder»

Forklaring: Kontrollprogrammet til Helfo ser at det er sendt inn ei rekning, men denne rekninga inneheld ikkje nokon takst, og rekninga vert difor avvist. Dette kan vere rekningar på attestar eller liknande som ikkje har takstar, men som skal belastast pasienten.