Logo for print

I tillegg vil utbetalingsvedtaket innehalde ein del informasjon om takstbruken og opplysningar om korleis takstbruken er i forhold til gjennomsnittleg bruk blant laboratorium og røntgeninstitutt.

Husk at vedtak frå Helfo kan sendes på e-post. Sørg for å oppdatere e-postadressen deres i Altinn.

Altinn for kommuner eller foretak

Under ser de eit eksempel på korleis eit utbetalingsvedtak for privat radiologi kan sjå ut.

 

 

 

Under ser de eit eksempel på korleis eit utbetalingsvedtak for privat laboratorium kan sjå ut.


 


Korrigering av avviste rekningar laboratorium og røntgeninstitutt

Utbetalingsvedtaket gjev også informasjon om det er nokon av rekningane de har sendt til Helfo som er avvist på grunn av feil. Her er nokre eksempel på vanlege feil:

  • bruk av takstar som er ulovlege i kombinasjon med andre takstar
  • feil takstbeløp eller ugyldig takstbruk
  • manglande opplysningar på rekninga som gjer at Helfo sitt automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

Rekningar med slike feil må du korrigere og sendast inn snarast.

Refusjonskravet vert likevel ikkje forelda før det har gått tre år frå dato på utbetalingsvedtaket.

Eksempel på avvisingsorsakar for laboratorium og røntgeninstitutt

Avvisingsorsak

«Duplikatrekning: Rekninga er allerede innsendt som rekningsnummer xxx»

Forklaring

Helfo sitt kontrollprogram avdekker at du har sett fram refusjonskrav for same pasient og same takst to gonger i løpet av ein kort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk.

Dette kan enten skuldast at du ved en feil har skrive rekninga to gonger, eller at hjelpepersonell har skrive ei rekning og du ei anna for same behandling. Det kan også i nokre tilfelle skje at du faktisk har hatt pasienten inne til eksempelvis konsultasjon for to ulike problemstillingar i løpet av kort tid same dag, men at de har gløymt å endre diagnose og klokkeslett for når konsultasjonen fann stad.

​Fant du det du lette etter?