Logo for print

For at pasienten skal få frikortet innan tre veker, må du rapportere eigendelar til Helfo seinast 14 dagar etter at pasienten har betalt, eller er fakturert.

Dette kravet er nedfelt i egenandelsregisterforskriften.

Eigendelane vert rapportert automatisk når du sender refusjonskrava dine via Helsenettet til Helfo.

Kva må refusjonskrava innehalde?

Kvar rekning skal forutan diagnose, takstnummer, dato og klokkeslett, innehalde pasienten sitt fødselsnummer/D-nummer eller anna eintydig identifikasjon i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.

Om pasienten ikkje har 11-sifra fødselsnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rett til stønad til medisinsk behandling, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerar då pasienten sitt namn, kjønn og fødselsdato i staden for fødselsnummer. Fødselsdato må skrivast i formatet ÅÅÅÅ-MM-DD. Skriv eventuelt merknad i merknadsfeltet med informasjon om kva dokumentasjon som er lagt fram.

Utbetaling og fristar

Refusjonskrav kan sendast fortløpande. Siste frist for å sende refusjonskrav er 6 månader etter  at behandlinga fann stad. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden.

Helfo betaler normalt ut elektroniske krav innan fem dagar frå kravet vart motteke. Andre krav vil i samsvar med frist i direkteoppgjersavtalen verte betalt ut seinast 30 dagar etter at dei er motteke.

Rekningar som vert avviste på grunn av feil bruk av takstar eller takstkombinasjonar, må rettast og sendast på nytt så snart som mulig. Informasjon om avviste rekningar finn du på slutten av vedtaket.

Dersom du er usikker på om Helfo har fått den elektroniske innsendinga av refusjonskravet, må du ta kontakt med Helfo veiledning for helseaktører.

Dersom du har tekniske problem med innsendinga, må du ta kontakt med brukarstøtta til systemleverandøren din.

Slik rapporterer du eigendelar

For at pasienten skal sleppe store utlegg, er det viktig at du som psykolog krev inn eigendelar etter kvart, og rapporterer inn til Helfo minst kvar 14. dag.

Refusjonskravet må innehalde 11-siffra fødselsnummer for å sikre at eigendelen skal bli registrert på pasienten.

Du må krevje inn eigendel frem til den dagen du får dokumentert at pasienten har fått innvilga frikort. Gyldig dokumentasjon får du gjennom

Du må krevje eigendelar i tråd med fastsette takstar, og takstane er grunnlag for innrapportering av eigendelar.

Vedtak om frikort vert fatta så snart innrapportert beløp har overstige beløpsgrensa for frikort. Det kan likevel ta 2-3 veker frå innrapporteringa til pasienten får refundert overskytande beløp, ettersom utbetaling frå Helfo skjer den 5. og den 20. i kvar månad.

Når pasienten har fått vedtak om frikort, kan du krevje Helfo for honorartakst.

Sjå også rettleiaren om korleis du skal rapportere eigendelar.

Dokumentasjon av refusjonskrav

Refusjonskravet skal dokumenterast gjennom føring i pasientjournal. Du dokumenterer kva behandling pasienten har fått.

Les meir om dokumentasjon av krav under «Regelverk og takstar for psykolog».

Slik koplar du deg på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom du ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar du EPJ-leverandøren din for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val du kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

  • Be om ei konkret prisoversikt frå EPJ-leverandøren din.
  • Bestill Helsenettet gjennom EPJ-leverandøren din eller etter avtale med EPJ-leverandøren din, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.
  • Dersom du har spørsmål om takstar eller om elektronisk innsending av refusjonskrav, kontakt Helfo veiledning for helseaktører på 815 70 070

For å kople deg på Helsenettet, treng du Buypass Smartkort. Dette kortet er personlig. Du kan derfor ikkje signere for andre behandlarar sine refusjonskrav til Helfo.

Unntak fra krav om elektronisk innsending


Det er nokre unntak frå kravet til elektronisk innsending av eigendelar over linje. Dette gjeld for

  • psykologar fødde før 1. januar 1950, og som etter søknad til regionalt helseforetak har fått fritak frå kravet om å vere knytt til Norsk Helsenett
  • psykologar med driftsavtale, der avtalen er mindre enn 50 prosent

Psykologar som har unntak frå innsending over linje, må rapportere inn eigendelar til Helfo seinast kvar 14. dag på CD/minnepinne.  

​Fant du det du lette etter?