Logo for print

Helfo ønskjer at alle logopedar og audiopedagogar skal sende elektroniske krav. For å sende elektronisk må du ha

Når du har EPJ, kan du sende refusjonskravet over linje via Norsk helsenett (NHN) eller på CD/minnebrikke.

For å kunne sende over linje, må du inngå avtale med NHN. Dette gjør du enten gjennom din EPJ-leverandør eller direkte med Norsk helsenett. Dersom du ønskjer meir informasjon om dataleverandørar, kan du kontakte ditt profesjonsforbund.

Fordelane ved å sende refusjonskrav elektronisk

Det er enkelt, kjapt og du får god oversikt. Du slepp også å sende inn tilvisingane (henvisningene).

Eit EPJ-system gir deg blant anna

  • eit sikkert system for pasientjournalar (oppbevaring av sensitivt innhald)
  • timebokfunksjon
  • betre oversikt over innsendte krav

Systemet gir deg også mogelegheit til raskt og enkelt å dokumentere grunnlaget for kravet.   

I tillegg skal systemleverandørane syte for oppdateringar om endringar som har betyding for deg som helseaktør og for pasientane dine. Det vil seie mellom anna oppdateringar om takstar og forskrifter.

Når du sender over linje via NHN

  • får du raskare utbetaling (normalt blir det utbetalt same eller påfølgande dag)
  • sender du kravet via sikker linje
  • slepp du postgang og papirarbeidet, alt blir gjort frå di datamaskin
  • mogelegheit for sikker elektronisk samhandling med andre helseaktørar

Informasjon om kostnaden ved å sende elektronisk over linje via NHN, får du hos din EPJ-leverandør eller Norsk helsenett. Kostnaden kan variere avhengig av EPJ-leverandør og type abonnement.

Dersom du vel å sende inn krav på CD/minnebrikke, er dette det rimelegaste alternativet, men det er fleire fordelar ved å sende over linje via NHN.

Korleis sender du inn og registrerer krav?

  • Refusjonskrav skal sendast kvar månad. Fristen er seks – 6 – månadar etter at refusjonskravet oppstod (då behandlinga fann stad).

Det raskaste er å sende over linje via NHN.

Dersom du vel innsending av på CD/minnebrikke, vil det ikkje vere knytt nokon ekstra kostnad til denne type innsendingsmetode utover det at du må ha eit eigna datasystem som du kan registrere refusjonskrava dine i. Du må sende samlerekning i lag med CD/minnebrikke. Det er ikkje nødvendig å sende inn førehandsgodkjenninga.

Helfo tilrår alle å gå bort frå innsending av krav på papir. Dersom du likevel sender inn refusjonskrav på papir, må du fylle ut og sende inn

Når du sender papirkrav minner vi om at du alltid må signere alle rekningar/skjema.  Vi tilrår at du tar kopi av alle enkeltrekningar og samlerekningar.

  • Husk å registrere pasientens identifikasjon
  • fødselsnummer/D-nummer (11 siffer), eller
  • annen eintydig identifikasjon,  jf. EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland

Om pasienten ikkje har fødselsnummer/D-nummer (11 siffer), og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rettar, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerar då pasienten sin fødselsdag, månad og år (DDMMÅÅ), og merkar med kjønn (K/M). Skriv eventuelt merknad i merknadsfeltet med informasjon om kva dokumentasjon som er lagt fram.

Dersom du sender inn krav på CD/minnerikke eller på papir, bruker du denne adressa: Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Når får du utbetalinga?

Ved innsending over linje med NHN og kravet er utan feil, får du normalt utbetaling same eller påfølgande dag og seinast innan fem dagar frå kravet er motteke.

Viss du sender via CD/minnebrikke får du utbetalinga seinare enn ved innsending gjennom NHN.

Ved innsending på papir, får du utbetaling innan 30 dagar etter at refusjonskravet er motteke.

Rekningar som vert avviste for eksempel ved feil bruk av takstar eller takstkombinasjonar, må korrigerast og sendast på nytt.

Ved utbetalinga får du eit utbetalingsvedtak frå Helfo. Dette vedtaket kan du få via e-post.

Dersom du ikkje får stadfesting på om Helfo har fått den elektroniske innsendinga av refusjonskravet, må du ta kontakt med oss så raskt råd er. Dersom du har tekniske problem med innsendinga, må du kontakte systemleverandøren din.

​Fant du det du lette etter?