Logo for print

For å kople deg på Norsk helsenett for å sende inn refusjonskrava til Helfo treng du Buypass Smartkort. Dette kortet er personleg. Du kan derfor ikkje signere for andre legar sine refusjonskrav til Helfo.

Kva slags teknologi er dette?

Kortet er utvikla for å ivareta høg sikkerheit i samband med elektronisk signering og kryptering av data.

Buypass Smartkort, som vert nytta for å signere digitalt for refusjonskrav som vert sendt elektronisk, krev innlogging med personleg kode. Når du nyttar ditt eige Buypass Smartkort og tilhøyrande pin-kode, signerer du for kravet, og det vert sendt til Helfo i din identitet.

Helfo anbefaler at koden vert halde hemmeleg og at kortet vert handsama med varsemd, på linje med andre kort som kan gi tilgang til personlege opplysningar.

Dersom du som er lege endrar arbeidsstad, kan du ta med deg smartkortet til din neste arbeidsstad.

For meir informasjon, sjå lenke til Norsk helsenett og Buypass.

Kva må refusjonskrava innehalde?

Rekninga skal forutan diagnose, takstnummer, dato og klokkeslett, innehalde pasientens fødselsnummer/d-nummer eller anna eintydig identifikasjon i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.

Om pasienten ikkje har 11-sifra personnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rettar, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerar då pasienten sin fødselsdag, månad og år (DDMMÅÅ), og merkar med kjønn (K/M). Skriv eventuelt merknad i merknadsfeltet med informasjon om kva dokumentasjon som er lagt fram.

Legen pliktar å føre korrekt tidspunkt for oppstart av konsultasjon/sjukebesøk.

For at pasienten skal få registrert sine eigenandelar i oppteninga av frikort for eigendelstak 1, skal opplysningar om eigendelar sendast til Helfo innan 14 dagar. Då sørgjer du for at pasientane dine får frikort og eventuelle refusjonar så snart som mulig.

Enklast for deg er at du sender dine refusjonskrav elektronisk innan 14 dagar etter at behandlinga fann stad. Då kan Helfo hente eigendelensopplysningane ut frå refusjonskravet.

Helfo betaler normalt ut elektroniske krav innan fem dagar frå kravet vart motteke. Andre krav vil i henhald til frist i direkteoppgjersavtalene verte betalt seinast 30 dagar etter at dei er motteke.

Dersom du er usikker på om Helfo har fått den elektroniske innsendinga av refusjonskravet, må du ta kontakt med oss så raskt råd er. Dersom du har tekniske problem med innsendinga, må du ta kontakt med brukarstøtta til systemleverandøren din.

Rekningar som vert avviste på grunn av feil bruk av takstar eller takstkombinasjonar, må rettast og sendast på nytt så snart som mulig.

Refusjonskravet blir likevel ikkje forelda før etter seks – 6 – måneder etter at behandlinga fann stad.