Logo for print

Kravet må de sende inn på same organisasjonsnummeret som de har registrert opplysningar om.

Roller og rettar i Altinn

Den eller dei som skal sende krav om fastlønstilskot på vegne av kommunen/bydelen, må få tildelt rolla «helse-, sosial- og velferdstjenester» i Altinn frå den som er registrert som dagleg leiar for kommunen/bydelen i Einingsregisteret. Rolla gir mellom anna rettar til å fylle ut dette skjemaet.

Den som skal signere skjemaet, må ha rolla «begrenset signeringsrett».

Dersom same person skal gjere begge delar, må vedkomande ha begge rollene. 

Alternativt kan de tildele rettar til å fylle ut og signere berre dette skjemaet.

Kravet

Krav om fastlønstilskot skal settast fram via Altinn. Ved innsending skal det leggast ved ei utfylt Excel-fil som bør vere lagra og klar til opplasting før de går inn i Altinn-skjemaet.

Det er viktig at denne Excel-fila blir nytta slik at Helfo får dei nødvendige opplysningane vi treng for å behandle kravet.

Les meir om vilkåra for utbetaling av fastlønstilskot her.

Frist for framsetting av krav      

Fristen for å sette fram krav er 6 månader frå det tidspunkt kravet tidlegast kunne bli sett fram. Dette betyr at fastlønstilskot for første halvår må settast fram i perioden 1. juli til 31.desember og for andre halvår i perioden 1. januar til 30. juni.

Satsen for fastlønstilskotet vert normalt justert 1. juli med verknad frå og med 1. januar i inneverande år. Krav for første halvår kan derfor ikkje settast fram før ny sats er kjend. Satsen finn du i forskrift om fastlønstilskudd til delvis dekning av kommunenes utgifter til fysioterapitjenesten.

Ver merksam på at kommunen/bydelen berre skal sette fram eit samla krav per halvår. Helfo betalar ut seinast ein månad etter at kravet er mottatt.

Send inn søknad om fastlønstilskot via Altinn