Logo for print

​Helfo har tilrettelagt for elektronisk innsending av refusjonskrav via Norsk helsenett eller som fil på CD/DVD/minnepenn. Ta kontakt med din systemleverandør dersom du ynskjer denne løysinga.

Du må ha avtale om direkte oppgjer med Helfo for å kunne sende inn refusjonskrav.

Enkeltrekningar

Du må fylle ut «Regning/rekning jordmor (05-12.00) Bokmål | Nynorsk» for kvar person du gir jordmorhjelp.

Heile skjemaet skal fyllast ut. Husk å fylle inn

  • namnet og personalia til pasientens øvst på skjemaet – inkludert pasienten sitt fødselsnummer eller D-nummer
  • takstnummer
  • dato og klokkeslett

Du må sjølv signere nedst på kvar rekning.

Samlerekningar

«Samleregning/samlerekning for medisinsk behandling (05-04.12) Bokmål | Nynorsk» skal gje eit overblikk over alle pasientane du har behandla i perioden, og skal sendast til Helfo saman med bunken av enkeltrekningar.

Heile skjemaet skal fyllast ut. Husk å få med

  • namn og personalia for jordmor – inkludert fødselsnummer
  • totalsum for alle enkeltrekningane
  • kontonummer til jordmor
  • dato og underskrifta til jordmor

Frist for innsending av refusjonskrav

Husk å sende refusjonskravet seinast førstkomande månad etter behandlingsdagen til

Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Helfo skal betale ut oppgjeret til jordmor i privat praksis så raskt som mogleg, seinast 30 dagar etter at Helfo har tatt imot refusjonskravet ditt.

Helfo tilrår at du tar kopi av alle enkeltrekningar og samlerekningar. Det kan vere nyttig eigen kontroll av oppgjera.

​Fant du det du lette etter?