Logo for print

​Det er berre unntaksvis at helsestasjonar kan sende manuelle refusjonskrav.

Når de sender inn refusjonskrav, er det nødvendig at de set fram krava i samsvar til gjeldande filformat.

Refusjonskrav som du sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk. Det er fordelaktig å sende krava over linje.

Fordelar ved elektronisk innsending

Helsestasjonen må sjølv inngå avtale med Norsk helsenett (NHN).

Dei største fordelane ved å sende refusjonskrav gjennom NHN er

  • raskare behandlingstid og utbetaling (dersom kravet er utan feil, vil det bli utbetalt same, eller påfølgande dag som det er innsendt)
  • sikker linje
  • ingen postgang, alt vert gjort frå di datamaskin

Helfo betalar normalt ut elektroniske krav som er sendt inn over NHN i løpet av 1-2 dagar frå kravet er mottatt.

For å kople seg til Norsk helsenett slik at ein kan sende inn refusjonskrav til Helfo treng ein verksemdsertifikat.

Du kan sende inn refusjonskrav på CD, minnepenn eller tilsvarande lagringsmedium.

Krav som vert sendt inn på lagringsmedium, vil i samsvar til frist i direkteoppgjersavtalen, verte betalt ut seinast 30 dagar etter mottatt dato.

Behandlar-ID skal være eit gyldig organisasjonsnummer (ikkje juridisk einingsnummer). Jordmor sitt fødselsnummer vert ikkje godtatt som behandlar-ID. Sidan organisasjonsnummer skal førast i feltet «Behandlar», er det krav på 11 teikn. Organisasjonsnummer med to 00`på slutten vert godteke.

Samlerekning

Dersom helsestasjonane vel å sende på diskett/CD, minner vi om at utfylt underteikna samlerekning nynorsk | bokmål, eventuelt datasamlerekning må leggast ved.

Det er viktig at følgjande felt på samlerekninga er utfylt eintydig:

  • «Behandler fornavn/etternavn» = navn på helsestasjonen
  • «Behandler identitetsnummer» = organisasjonsnummer 11 siffer
  • kontonummer
  • periode for kravet
  • tal på rekningar
  • samla refusjonskrav

Kva må refusjonskrava innehalde?

Refusjonskrav skal sendast kvar månad, og alle rekningskort må være påført pasienten sitt fødselsnummer/D-nummer (11 siffer) eller annen eintydig identifikasjon i henhold til EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.

Om pasienten ikkje har 11-sifra personnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rettar, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerar då pasienten sin fødselsdag, månad og år, DDMMÅÅ, og merkar med kjønn K/M. Skriv eventuelt merknad i merknadsfeltet med informasjon om kva dokumentasjon som er lagt fram.

Dersom du er usikker på om Helfo har fått den elektroniske innsendinga av refusjonskravet, må du ta kontakt med oss så raskt råd er. Dersom du har tekniske problem med innsendinga, må du ta kontakt med brukarstøtta til systemleverandøren din. Du må legge ved ei signert samlerekning ved innsending av lagringsmedium.

Rekningar som vert avvist, til dømes ved feil bruk av takstar eller takstkombinasjonar, må rettast og sendast på nytt så snart som mulig.
Frist for å sende refusjonskrav er seks – 6 – månadar etter at refusjonskravet oppstod (då behandling fann stad).

Kva teknologi er verksemdsertifikat?

Alle organisasjonar som kommuniserer elektronisk, skal ha eit verksemdsertifikat som er parten sin elektroniske signatur for elektroniske meldingar. Det held med eit verksemdsertifikat per juridiske organisasjon.
Kortet er utvikla for å ivareta høg tryggleik i samband med elektronisk signering og kryptering av data.

Når ein nyttar helsestasjonen sitt verksemdsertifikat med tilhøyrande pin-kode, vert kravet signert elektronisk, og det blir sendt til Helfo i helsestasjonen sin identitet. Helfo tilrår at koda vert helde hemmeleg og at kortet vert behandla med varsemd, på linje med andre kort som kan gi tilgang til sensitive opplysningar.

For meir informasjon, sjå nettsidene til Norsk helsenett og buypass.no.

For meir informasjon om denne type innsending bør du ta kontakt med din programleverandør.